Flotte jakker: Syriske Hanan arbeider på frivilligsentralen i Nissedal, og har mellom anna strikka desse flotte jakkene.

– Det er ikkje vanskeleg å få venner her, men språket er vanskeleg å lære

– Det er veldig godt å vere på frivilligsentralen, seier syriske Hanan (40). I tre år har ho hjelpt til med ulike oppgåver på frivilligsentralen i Nissedal.

Leiar for frivilligsentralen i Nissedal, Renate Hassel, fortel at Hanan har vore på frivilligsentralen via tiltak sidan 2017

– I starten arbeidde ho mest med syarbeid. Etter kvart blei det meir strikking og produksjon av strikkejakker i ulike modellar, skjerf og panneband saman med ulike mentorar på sentralen, seier Hassel.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I tida som kjem skal Hanan ha litt fleire oppgåver på sentralen, ein vil også møte henne i bruktbutikken. Men strikkemaskina vil også vere på plass dersom det skulle kome bestilling på dei flotte strikkearbeida ho lagar, fortel Hassel.

Leiaren av frivilligsentralen meiner det er svært viktig at dei tilsette får vere i møte med andre menneske, både på grunn av det sosiale og med tanke på språkopplæring.

Fargerikt: Syriske Hanan er glad i fargar og har strikka desse flotte jakkene.

Trivst godt

Hanan kom til Treungen som flyktning for snart fire år sidan saman med ektemannen og fire barn. Familien er busett nær sentrum i Treungen.

– Det er veldig godt å vere på frivilligsentralen, og bra med eit slikt tilbod tett på der eg bur. Eg trivst veldig godt her, både i bygda og på arbeidsplassen og Renate har hjelpt meg veldig mykje. Draumen min er å ta sertifikat og få fast jobb, seier Hanan med eit stort smil.

For å bli kjent med andre i bygda har frivilligsentralen vore ein fin stad å vere. Hanan fortel også at ho har vore med på mange toppturar i Nissedal.

– Eg gjekk mykje i fjella i Syria, og har vore med på ti-topparen i Nissedal dei to tidlegare sesongane, seier den syriske kvinna.

Språket er vanskeleg

Ho seier språk er det største hinderet til å bli kjent.

– Det er ikkje vanskeleg å få venner her, men språket er vanskeleg å lære, meiner ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hanan viser oss rundt inne på frivilligsentralen. Ho er glad i fargar, og har strikka kofter i mange forskjellige fargar – eit godt symbol på mangfald og toleranse.

Integrering i Vest-Telemark

I 1987 kom det skriv til kommunane i Vest-Telemark frå Statens flyktningesekretariat (SFS) med spørsmål om dei kunne ta imot flyktningar. I desember same året kom dei første flyktningane og asylsøkarane til regionen. Med stønad av den private stiftinga Fritt ord ser Vest-Telemark nærare på innvandring og integrering i dei seks kommunane i regionen – både i notid og i eit historisk perspektiv.

Har du tips om tema eller saker me burde sjå på? Send ein e-post til redaksjon@vtb.no

Tidlegare artiklar:

Les også
33 år sidan Vest-Telemark fekk sine første innbyggarar med flyktningbakgrunn
Les også
Tretti år etter han kom til Vinje, kan Abdi framleis ta seg i å lengte heim
Les også
Fredagsbøn i Åmot