Ein stad å be saman: Det finst ingen reglar for korleis ein moské skalsjå ut. F.v. Abdi Mohamad Ali, imam Omar Qasim Mohamed, Abdirahim Osman Ali og Khalid Ahmed Ibrahim.

Fredagsbøn i Åmot

Moskéen i Åmot opna for om lag fem år sidan og er blitt ein møtestad for fellesskap og bøn. Talet på medlemmar i den muslimske meinigheita auka etter at syriske flyktningar fann vegen til Vest-Telemark.

Abdi Mohamad Ali har møtt meg ved Esso og køyrer framom meg opp det korte strekket til moskéen til Vest-Telemark muslimske trussamfunn i Åmot; eit kvitmåla bustadhus. Det liknar ikkje på det eg forbind med ein moské; det utsmykka, fargesterke bygget på Grønland i Oslo, eller moskéen som ligg ved E6 på veg nordover frå hovudstaden. Ingen minaret i sikte. Inga innkalling til bøn å høyre over Åmot.

Utgangspunktet for korleis ein moske er utforma, var profeten Muhammad sin heim i Medina. Bustaden hans blei nytta til bøn og læring. Ein enkel arkitektur som blei utgangspunkt for dei første moskébygga på 600-talet: Høge murar omgav ein rektangulær gardsplass, og deler av plassen var dekka av tak som gav skugge som vern mot ei brennande sol.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Tretti år etter han kom til Vinje, kan Abdi framleis ta seg i å lengte heim

Slepp inn sola

Omar Qasim Mohamed sit bøygd over Koranen. Som imam er det han som skal leie fredagsbøna. Enno er det stille i huset rett nedanom Åmot skule. Det er muslimsk heilagdag, og i muslimske land er butikkar og skular stengt, slik dei er her på sundagar.

I moskeen: edan sola leikar seg med skuggene i moskéen i Åmot, les Brahim Navin høgt frå Koranen.

Teppa på golvet er centimeter djupe og vove i raudt, gull og naturkvit. Eit par bøneteppe ligg i eit hjørne.

Abdi dreg frå persiennene og seier at dei må lære seg å sleppe sola inn. Eg seier at det nettopp er komen ein film etter ei bok som heiter «Alle utlendingar har lukka gardiner».

– Ja, akkurat, svarar han med eit smil.

– Du veit, i Afrika er det varmt, så me trekkjer for gardinene for å halde huset svalt, men her er det omvendt. Me må trekke frå gardinene, og så må me med mørk hud passe på å sitje i sola, elles får me D-vitaminmangel. Det er ein av dei mest vanlege sjukdommane blant folk frå Afrika som kjem hit.

Samanhengen er klar: Dei veit ikkje at dei må slå graset, fordi dei ikkje er vante med å ha gras som må slåast. Dei sit ikkje i sola, og slepp ho ikkje inn i huset, fordi der dei budde ein gong, der var det for varmt og sola var for sterk.

– Me passar på å lære dei som kjem hit korleis ein grasklippar skal brukast, forklarar læraren som brenn for integrering.

Er blitt fleire

I døra dukkar Ali opp. Abdi presenterer han som imam, men Ali seier at han berre er i styret. Han har ikkje så god tid, for han skal på jobb på Dalen helsesenter, så han rekk ikkje bøna i dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me leiger huset privat, fortel han.

– Her kjem folk frå heile Vest-Telemark, men no er det sommarferie, så det blir nok ikkje så mange i dag.

Då dei opna moskéen for fem års tid sidan, var det relativt få muslimar i Vest-Telemark.

– Men etter at det byrja kome mange syriske flyktningar, kom det fleire muslimar til regionen. Mange kjem til fredagsbøna og to gonger i året kjem dei aller fleste. Det er merkedagar som Id al-fitr etter ramadan, den store fasta og to månader etter ramadan er det hajj i Mekka, pilegrimsdagane. Den festen blir kalla id-al-adha. Då må me leige Vinjehuset eller Åmot skule, fortel Ali og legg til at muslimane i menigheita er sunnimuslimar.

I forskjellige rom

På spørsmål om kvinnene i menigheita, får eg som svar at dei har eit eige rom å be i.

– Det står i Koranen at kvinner og menn skal dele seg når dei ber. Derfor må me ha forskjellige rom, men dørene er opne og me kan både høyre og sjå kvarandre, seier han.

– Bøna blir leia av ein imam. Han må kunne Koranen og han kan samle og snakke med folk og fortelje historier om muslimar.

Før han reiser på jobb, seier Ali at moskéen er viktig på fleire måtar; som stad for å be, men også fellesskapet er viktig.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me trengde også ein moské slik at folk blir her. Det er betre for nye folk. Då slepp dei å tenke at dei må flytte til Skien eller Drammen. Dei får godt tid, og me hjelper med integrering. Det er betre å integrere seg ein stad i Noreg, og få jobberfaring. Om du treng å flytte for å få jobb, så kan du søke og flytte der du får jobb, i staden for å flytte og kanskje ikkje få jobb. Vest-Telemark er ein god plass å bu og å integrere seg godt, avsluttar han, ser på klokka og reiser på jobb.

Fellesskapet

Islam har ingen faste ritual som føreset ein heilagdom, så den rituelle bøna kan ein utføre kvar som helst; på arbeidsplassen eller heime. Det er likevel vanleg at fredagsbøna midt på dagen blir gjort i fellesskap i moskeen.

Den første som kjem etter at Ali er reist, er snikkaren Brahim Navin. Han er frå Syria og ikkje så stø i norsk enno.

– Det er vanskeleg, seier han, men får fortalt meg at han kom med kone og seks barn, men at kona har tatt meg seg fire av ungane og reist attende til Alleppo. Så unnskylder han seg før han set seg ved sidan av Omar og bøyer seg over Koranen, han òg.

Sola skin inn gjennom det store vindauget og lager mønster av lys og skugge i dei mjuke, varme golvteppa. Ei meditativ stund er det berre stemma til Brahim som høyrest, der han les høgt frå Koranen, meir som song enn tale, med ord eg ikkje forstår, men likevel fattar på eit vis. Roa ligg mjukt i rommet som er fritt for gudebilde. På veggen heng ein plakat frå Noregs Mållag som fortel om dei fem søylene i islam; truvedkjenning (shahada), den rituelle bøna (salah), den rituelle avgifta (zakat), fasta (sawm) og pilegrimsferda til Mekka (hajj). Telefonen til imam Omar ringer og bryt stilla, men ikkje flyten i Brahim si lesing.

Ritualer: Bønen gjerast med hovuda vendt mot Mekka.

Dagens ord

Mumin Adan Hassan og Abdi Ali Barba kjem, samstundes som den tidlegare omtala Abdi kjem tilbake frå eit ærend.

Abdi Ali Barba er også imam og han som skal lese dagens ord før bøna.

Dagens ord: Før sjølve bønen les Abdi dagens ord om å gjere mot andre det du vil andre skal gjere mot deg.

Han er komen til Noreg på familiegjenforeining etter 14 år i Italia, der han mellom anna har jobba fleire år i ein bilfabrikk, medan kona har budd i Noreg. Båe jobbar som reinhaldarar i kommunen og saman har dei ein som på eitt år.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kan du lese teksten for meg, så skal eg omsette? Spør Abdi Mohamad Ali. Abdi Ali Barba les.

– Dagens tekst handlar om oppførsel, blir eg forklart.

– Dei menneska som er bra for Allah, er dei som hjelper kvarandre, som hjelper fattige og behandlar eldre med respekt. Så lenge du er frisk er det viktig at du tenker på andre som har det vondt, som er sjuke eller manglar mat. Du må respektere og passe på grannen din. Det er viktigaste er at du må glede andre slik at andre kan glede deg, uavhengig av farge, rikdom eller fattigdom. Det du gjev i dag, får du til gode etter døden, seier Abdi.

Eit par gutungar stikk hovudet inn og seier hei, før dei stikk ut att. Fleire menn kjem til. Hassan Samahle Yehya Shamia, Taisir Saifeddin, Khalid Ahmed Ibrahim. Når det blir spørsmål om å fotografere under bøna, svarar alle ja.

Imamen Abdi stiller seg opp og les dagens ord før imamen Omar leier bøna, som blir kalla salat al-jum’ah. Me har sett det før, bilde av menneske i bøn med hovudet i golvet. Men det er eit heilt ritual der ord og rørsler blir gjentatt fleire gonger. Medan jødar vender seg mot Jerusalem når dei ber, vender muslimar seg mot Mekka. Bøneretninga blir kalla Qibla.

Gutungane kjem attende og deltek. Hamza (10), Abdul (12) og Tamim Abdul (13) Saifeddin bøyer seg bak fedrane sine saman med Abd Alrahman (11) og Abd Alsalam Shamia (7).

For små og store: Sjuåringen Abd Alsalam Shamia følgjer far sitt eksempel og kjem til fredagsbøn.

Finn din Gud

Men kva betyr moskeen for dei som brukar han? undrar eg over ein kaffikopp saman med Omar, Osman, Khalid og Abdi.

– Du kan kome hit til fredagsbøn, eller du kan kome og be åleine, svarar Osman.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fellesskapet betyr mykje. Viss ein ber saman, får du meir tilgjeving av Gud. Og her kan me snakke saman, vere saman. Barna kan vere med også.

Abdirahim Osman Ali er drosjesjåfør og bur på Rauland. Han fortel at han følgjer regelen om å be fem gonger om dagen.

Khalid er einig, men meiner det ikkje alltid er like lett.

– Ein ting er reglane, men viss du er på jobb, er det vanskeleg, seier han.

– Det er ikkje alle som er flinke, nokon ber berre av og til, legg Abdi til.

– I Somalia gjekk me sjeldan i moskeen for å be. Det er blitt mykje strengare i Somalia no. For 30 år sidan, var det berre bestemor som gjekk med hovudplagg. No er mykje politisk.

Dei tre norsktalande diskuterer seg i mellom korleis det skal og korleis det kan vere, og er einige i at det finnast mange tolkingar av Koranen.

– Du gjer det beste du kan, seier Khalid.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og så må du finne din Gud, legg Osman til.

– Det spelar inga rolle om du er kristen eller muslim eller noko anna, men du må tru på noko. Berre sjå på naturen. Nokon har skapt og skaper dette. Me har alle same Gud. Det står i Koranen at folk trur forskjellig. Du må vise respekt. Det er frivillig om du trur eller praktiserer. Du er fri. Men vel du ein veg, må du følgje reglane, akkurat som du må på jobb.

– Men kva for religion du har, er tilfeldig, seier Abdi.

– Om du vart fødd i Vinje for 100 år sidan, ville du heilt sikkert vere kristen. I dag, nei. Er du fødd i Somalia i dag, så er du muslim.

Delte meiningar

For 59 år sidan fekk Noreg sin første kvinneleg prest. Kva tenker de om kvinneleg imamar?

Osman er heilt klar på at det går ikkje.

– Kvinner kan ikkje vere leiarar i menigheita. Det står i Koranen. Dei har ansvaret for barna, meiner han, men Khalid er meir usikker.

– Det finst kvinnelege imamar, det har seg sett på internett, seier han og legg til at han ikkje heilt veit kva han meiner i dette spørsmålet. Dei spør Omar kva som står i Koranen om spørsmålet. Ifølgje imamen står det at kvinner ikkje kan bli imam.

Dei er likevel einige i at kvinner har rett til utdanning, dei kan køyre bil og jobbe.

– Og ifølgje Koranen skal du ha ei kone, men du kan ha fire – viss du har råd til det. Då må du har råd til fire bilar og fire hus for det skal vere likestilling. Du skal ha råd til å utdanne barna dine. Alle har rettar til omsorg, seier Abdi.

Eg takkar for meg, trår over det mjuke teppet, går ut i gangen og tek på meg sko att. Opnar døra ut til plassen som er omkransa av markblomar. Like og forskjellige.

Moske

Etymologisk kjem moske frå det arabiske ordet Mashjid som tyder staden kvar ein kan kaste seg ned (for Gud), det vil seie «staden kvar ein gjer sujud» bønestilling med panna mot bakken.

Heilagdagen: Fredagsbøn, eller salat al-jum'ah midt på dagen.
Les også
33 år sidan Vest-Telemark fekk sine første innbyggarar med flyktningbakgrunn
Integrering i Vest-Telemark

I 1987 kom det skriv til kommunane i Vest-Telemark frå Statens flyktningesekretariat (SFS) med spørsmål om dei kunne ta imot flyktningar. I desember same året kom dei første flyktningane og asylsøkarane til regionen. Med stønad av den private stiftinga Fritt ord ser Vest-Telemark nærare på innvandring og integrering i dei seks kommunane i regionen – både i notid og i eit historisk perspektiv.

Har du tips om tema eller saker me burde sjå på? Send ein e-post til redaksjon@vtb.no