Galne: Bodil fortel at norskamerikanarane «er heilt galne etter lefse». Det er naturleg nok blant oppskriftene som er med i kokeboka.

Bodil klar for USA: – Dei er heilt galne etter lefse

Bodil Nordjore kjem til våren med si 11. bok, Norwegian Traditional Food, med norskamerikanarar som fremste målgruppe.

Bodil fortel at ho har fått mange førespurnadar om å skrive ei tradisjonsmatbok for den amerikanske marknaden.

– Eg har vore i USA ein par-tre gonger. Både i Minot og i San Francisco på Norway Day, i regi av Sons of Norway, fortel Bodil.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ved kvart av besøka har ho diska opp med norsk tradisjonsmat, frå lutefisk til lefser.

– Dei er heilt galne etter lefser, konstaterer ho.

I løpet av turane til USA har ho fått god kjennskap til nokre av aktørane på den norskamerikanske sida, som til dømes interesseorganisasjonen for norskamerikanarar Sons of Norway, grunnlagd i 1895.

– Det er mange aktørar som ynskjer å reindyrke det historiske, det enkle og det eigentlege, fortel ho om norskamerikanarane.

Mange som masa

Interessa til trass, Bodil fortel ho i utgangspunktet var avventande til ideen.

– «Ein gong kanskje», tenkte eg fyrst. Men så var det så mange som masa, at til slutt kom eg fram til at eg måtte prøve, fortel ho.

Arbeidet tok fyrst til før pandemien, som sette prosjektet på pause. Men etter at verda gradvis har gått tilbake til normale tilstandar, kom arbeidet i gang att, denne gongen med ein medforfattar.

– Eg har vore på Senja matstudio i ni år, og der er også Eirik Nilsen, som mellom anna var nominert då eg vann pris for lefseboka. «Kanskje me kan lage bok saman Bodil», sa han, fortel ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var Bodil med på, og resultatet er altså «Norwegian Traditional Food», som blir utgjeven i USA neste vår. Det har vore godt å vera to om arbeidet.

– Det er tungt å ta tak i ein materie som skal spreiast der ute, seier Bodil som no er klar for USA.

Bodil presenterte også bokprosjektet under ein konferanse i regi av Norway House i september.

– Det er veldig stort å bli invitert dit, der er alle dei sentrale aktørane, fortel ho.

– Eg er så klar

Entusiasmen hennar for prosjektet er tydeleg.

– Eg er så klar.

Ho trur dei er tilsvarande klare på den andre sida av Atlanterhavet. Ho vart sjokkert over kor sterk tilknyting norskamerikanarane ho møtte fyrste gong ho var over hadde til gamlelandet.

– Den fyrste reaksjonen var «dette er ikkje sant, det er ikkje sant det eg møter». Den vyrdnaden, respekten, identiteten og tilknytingsbehovet dei har til Noreg er heilt ekstremt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein møter rondastakk med ruteliv, og bunadskjortene er så gule og møyre at dei nesten ikkje heng i hop. Men det bryr dei seg ikkje om, det skal ikkje vera nytt, det skal vera så gamalt at det nesten går i oppløysing, for det er mor eller fars inderlege ætt, held ho fram.

– Kanskje dei er norskare enn oss? undrar ho.

Dei er i alle fall tilnærma like mange som oss, ifylgje folketeljinga i 2021, rekna kring 4,5 millionar av USAs 331 millionar innbyggjarar seg som norskamerikanarar. Det er med andre ord ein stor potensiell marknad der ute.

– No har eg skrive ti bøker og byrja på doktorgrad i lefsebaking. Eg tenker ein må ta dei sjansane ein blir boden på i livet, og kjenner at no er Bodil klar for USA, seier ho.

– Gleda er å skape og formidle, og gje dei den tråden heim dei leitar og lengtar etter. Så må me ta ansvar for at me brukar råvarer som dei kan få tak i, at me brukar amerikanske mål og eit lettfatteleg språk, fortel ho vidare.

Bøker skal nemleg helst ikkje vera korkje tjukke eller dyre i USA, og gjerne rikhaldige i bilete, ifylgje Bodil.

– Så det er rosemåling, det er bunadar og det er graut.

Vanskeleg å velje

Bodil har tatt utgangspunkt i dei «enklaste norske rettane» i boka, og har teke sikte på å fange breitt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Korleis har det vore å arbeide med denne boka sett opp mot dei andre bøkene du har gjeve ut?, undrar bladfyken.

– Det har vore vanskeleg å velje kva oppskrifter som skal med. Hjartet mitt er fullt av alt, eg vil gjerne ha med som mykje som mogleg slik at alle skal finne noko dei er glade i, som dei kan kjenne tilknyting til – alle kan ikkje elske alt. Men i dette arbeidet har ein valt ut nokon spesifikke oppskrifter, som bevisstgjer dei ulike mattradisjonane, og kva som er unikt norsk, kontra dei andre nordiske kjøkkena, forklarar Bodil.

Blant dei fem sikre: Laks er, saman med kjøtsuppe, rjomegraut, moltekrem og lefse, dei fem rettane Bodil føler seg ganske sikker på vil fengje breitt blant norskamerikanarane.

Draumen om sjømannskyrkja

Bodil fortel at ho har ein draum om at boka skal gjerast lett tilgjengeleg, både i utlandet og for turistar som kjem til Noreg.

– Me ynskjer og håpar at den blir tilgjengeleg på ambassadar, som gåver på flyplassar og på norske flyplassar for turistar som kjem hit på leit etter sine norske anar.

Uansett kor desse norske anane kjem frå i landet, håpar forfattaren at ein vil kunne finne noko knytt til staden i boka. Ho har nemleg vald ut oppskrifter med eit breitt geografisk nedslagsfelt.

Krumkaker: Joleklassikaren er også blant oppskriftene i Norwegian Traditional Food.

Boka, som altså har tittelen Norwegian Traditional Food, blir lansert i mars i Noreg. Deretter ventar USA, og Bodil skal sjølv vera med over dammen for lanseringa.

– Eg kjenner det kriblar i magen. Eg har lagt opp til ein heil månad der borte, men draumen er å vera vertskap på sjømannskyrkja i San Francisco eit år, fortel ho.

– Når eg blir pensjonist og gamal, legg ho til.