Arrangerte jolemarknad for niande gong

Laurdag opna syskenparet Halvor og Ellen Nordal atter ein gong hus, fjøs og låve på garden Ormbrek for jolemarknad.

Kvar fyrste helg i desember, heilt sidan 2009, har jolemarknaden på Ormbrek vore eit fast innslag i førjolskosen for folk i alle aldrar. Både lokale og folk som reiser langvegs frå. 

Då Halvor Nordal kjøpte garden Ormbrek, var ungdomslaget i Høydalsmo – Frihug – raske på ballen. Dei hadde det Nordal kallar ein «desentralisert tanke». Dei ønskte at det skulle skje noko i grendene. Slik blei jolemarknaden til. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Laurdag var tida inne på ny. Ein stad mellom femten og tjue utstillarar hadde innteke plassane sine inne i fjøset og låven. Dei fleste av dei har blitt faste innslag etter kvart, og mange av dei er lokale.

Sjølv om det vanlegvis så idylliske jolevêret mangla, var parkeringsplassane var fulle alt før marknaden starta klokka tolv. Dette har blitt ein tradisjon for mange.  

– Det er noko med å kome opp i eit tun

Vert Halvor Nordal står bak disken i fjøset, der det er loppemarknad. Det er det Halvor og Ellen sjølve som står bak, med bedrifta si Mangt og mykje AS. Mange av tinga er deira, andre er donerte. Ellen kallar loppemarknaden for «Overfloden bruktmarknad», og seier det er ein underavdeling av Mangt og mykje. Heile rommet er fullt av gamle skattar. I låven innanfor står alle utstillarane. 

Solveig Syrtveit Mikalsen (17) og Kristense Moi (17) går på kokkelina i Seljord, og har saman med fleire medelevar starta ungdomsbedrifta Kokkelua UB. På Ormbrek selte dei jolekaker, marsipan og varmrøykt laks dei har laga sjølve. Kransekakene har dei laga hjå Aasmundsen bakeri. Pengane dei tener vil dei bruke på ein skuletur til Italia.
Solveig Syrtveit Mikalsen (17) og Kristense Moi (17) går på kokkelina i Seljord, og har saman med fleire medelevar starta ungdomsbedrifta Kokkelua UB. På Ormbrek selte dei jolekaker, marsipan og varmrøykt laks dei har laga sjølve. Kransekakene har dei laga hjå Aasmundsen bakeri. Pengane dei tener vil dei bruke på ein skuletur til Italia.
Mellom vaffelsteiking, grautservering og kaffikoking tok dei flinke kokkane seg tid til å smile til fotografen.
Mellom vaffelsteiking, grautservering og kaffikoking tok dei flinke kokkane seg tid til å smile til fotografen.
Gjestene på Ormbrek forta seg inn i stoga for å kjøpe graut.
Gjestene på Ormbrek forta seg inn i stoga for å kjøpe graut.

– Det er anten niande eller tiande året me gjer dette no. Me er litt usikre. Eg trur det er niande, seier Nordal. 

Han er veldig glad for at jolemarknaden har blitt ein tradisjon. 

– Det er moro å sjå at folk kjem tilbake gong på gong, og at det alltid kjem nokon heilt nye. 

– Kva trur du det er med Ormbrek som appellerer til så mange?

– Eg trur det er noko med å kome opp i eit tun. Det er ei heilt eiga stemning, seier Nordal. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Han fortel at dei ikkje treng å drive mykje marknadsføring heller. Folk tipsar kvarandre. 

– Me brukar Facebook, og så hadde me ei avisannonse og ein plakat me hang opp altfor seint, ler Nordal. 

Han håpar å kunne halde fram med jolemarknaden til neste år, sjølv om han skal flytte inn på garden sjølv. 

– Det blir nokre endringar her det komande året, sidan eg skal flytte inn. Då blir huset litt endra på, mellom anna. Men me får sjå, smiler han lurt. 

160 porsjonar med feitegraut

Inne på kjøkenet i det gamle huset på Ormbrek er det fullt køyr. Ellen Nordal og kollega på kokkelina i Seljord, Jane Henriksen, serverer graut, saft, kaffi og vaflar for harde livet. I kassa står Nico Haugli og tek imot bestillingane. Det er ikkje mykje nedetid, og stogene er fulle av folk.

– Det er moro òg, seier Nordal, som har gjort akkurat dette kvart år.

Feitegraut og risgraut er ein stor del av tradisjonen for mange av dei frammøtte. 

– Det er travelt, men det er så fint å sjå at det kjem så mange, seier dei flittige kokkane fornøgde.