Vil redusere: Jan Myrekrok, rådmann i Vinje vil ta ut 13 hyttetomter frå reguleringsplanen for Arbuviki.

Vil slanke hytteplanen kraftig – rår til å ta ut 13 tomter

Rådmannen i Vinje rår til at halvparten av dei 26 nye hyttetomtene som ligg inne i framlegget til reguleringsplan for Arbuviki i Vågslid blir fjerna.

Nokre av dei tomtene rådmann Jan Myrekrok vil ta ut av planen ligg for nære vatnet og dermed utanfor byggjeområdet, jamfør kommunedelplanen. Tiltakshavar bak planen ynskjer å byggje tomter inntil 50 meter frå vatnet, men det vil ikkje rådmannen vera med på.

– Tiltakshavar sitt ynskje om å strekke byggegrensa ned til 50 m er teke opp i handsaming av KDP både som innspel og vidare i klagehandsaming, utan at tiltakshavar har fått innspelet sitt med. Rådmannen meiner det er viktig å halde seg til vedtekne føringar i overordna planar, og ikkje ta ein ny omkamp på dette når det er greidd ut i KDP - prosessen. Byggegrense til vassdrag i KDP varierer langs vassdraget, heiter det i saka som skal opp i plan- og miljøutvalet fyrstkomande onsdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fem tomter i planen ligg også inne i omsynssoner for lukt, kring kloakkpumpestasjonar, der det ikkje er høve til å byggje. I framlegget til plan er det lagt inn konfliktdempande tiltak, men rådmannen vil likevel ta desse tomtene ut frå planen.

– Etter dialog med teknisk avdeling, er dette noko rådmannen ikkje ynskjer å rå til. Det er allereie i dag utfordringar knytt til luktulemper kring kloakkpumpestasjonar i området, skriv han.

Vil ikkje ha private vegar

Rådmannen kjem med fleire forslag til endringar i planframlegget. Mellom anna ynskjer han å redusere den maksimale høgda på støttemurar frå tre til to meter, samt å leggje inn eit rekkefylgjekrav om at det må etablerast trase langs vatnet når det er gjeve fem byggjeløyve.

I den førebelse planen ligg det inne at felles vegar i feltet skal regulerast som private vegar, men rådmannen meiner desse bør vera regulerte som felles vegar.

– Det er i referat frå oppstartsmøte argumentert for at felles vegar bør regulerast til felles veg, for å sjå til at alle hytteeigarar har rett til å nytte vegen. Det er ikkje uvanleg at det er konflikt knytt til bruk av veg, skriv han

– Ved å regulere den til privat veg, er ein avhengig av at det vert levert inn tinglyst bruksrett til vegen i samband med kvar byggesak. Tiltakshavar har ikkje teke med dette i føresegnene. Det er vanleg praksis å regulere felles vegar, som er felles for grunneigar og t.d. alle hyttetomtene i området, held han fram.