Samansveisa vennegjeng: Randi Pedersen (bak f.v.), Nora Rinden Hellstrand, Vegard Eikland Brendstuen, Eivind Solli Lundstad, Kurt André Nilsen. Mari Eikland (i midten f.v.), Halvor Tveit Rui, Dag Einar Urbø og Olav Andreas Johre med Neri på fanget, fremst sit Mia Midtbø og Else Pedersen.

Hos denne gjengen er det ingen tvil. Her vil dei bu

Fråflytting og sentralisering har vore dominerande trendar i samfunnet lenge. Vest-Telemark er ingen unntak, men i dei tre grendene Austheii, Åmdals Verk og Skafså er det nå ein stor vennegjeng som kanskje er ein del av ein ny trend.

– Det er kanskje ein stigande trend, seier Mia Midtbø.

Ho har vakse opp på Austheii og gjekk på skule på Åmdals Verk. Sjølv om ho nå er student i Oslo, er ho ikkje i tvil – ho skal flytte heim att.

Artikkelen held fram under annonsen.

I fleire år har folketalet i Tokke, og totalt i regionen vår, gått nedover dei siste åra. Men i fjor snudde det. Tokke var den kommunen som hadde størst auke. Innvandring er ein viktig årsak til veksten, men både Tokke og Vinje hadde også fødselsoverskot denne perioden.

Les også
Dei starta med stor vilje og mange idear. Nå jaktar dei etter nokon som kan bygge prøvebustaden

Veit det er trygt og godt å vekse opp her

– Eg har budd her heile tida og trivst veldig godt her. Eg kan ikkje kome på ein annan stad å bu, seier Halvor Tveit Rui.

Han bur på Åmdals Verk, medan kjærasten Mari Eikland kjem frå Lyngdal. Men Mari likar seg også godt på Verket.

– Det er ein fin plass og fine folk, smiler ho.

– Det er så låg terskel for å møtast og finne på noko spontant – plutseleg er me ti stykk. Me kan berre dukke opp hos kvarandre, eg trur det er litt slik som det var meir av i besteforeldregenerasjonen, fortel Mia.

Ho fortel av vennegjengen spelar bingo, har vinkveld, spelar volleyball, reiser på badeplassen eller tek ein båttur.

VTB møter vennegjengen på Åmdals Verk, men sjølv om dei kjem frå litt forskjellige grender kjenner dei tilhøyrsle i alle dei ulike grendene.

– Det er ikkje dei same grensene mellom grendene som det var før. Me kjenner alle at me høyrer til på grendehuset i Austheii også for eksempel, seier Mia.

Artikkelen held fram under annonsen.

På kort varsel har ho samla elleve i vennegjengen. Dei er fleire, forsikrar ho, men alle kunne ikkje kome. Dei er alle i 20-åra. Deler av vennegjengen har alt kjøpt seg hus og etablert seg, medan det steget framleis ligg nokre år fram i tid for nokon av dei.

Mange av dei har kjent kvarandre sidan dei gjekk på barneskulen, andre har flytta hit på grunn av kjærleiken.

– Me gjekk på fådelt skule (fleire klassetrinn går saman journ. mrk.), og eg trur det har vore med på å skape band på kryss og tvers av alder. Me er så vant til at det er slik, seier Mia.

– Me er mange som har så gode minne frå skuletida her oppe, me veit at det er ein trygg og god plass å vekse opp, og eg trur det også spelar inn, legg ho til.

Studentar: Både Dag Einar Urbø frå Åmdals Verk og Mia Midtbø frå Austheii er studentar, men på sikt vil dei busetje seg i heimtraktene.

Ei hyggeleg problemstilling å ta tak i

Olav Andreas Johre og Nora Rinden Hellstrand, og Else Pedersen saman med sambuaren har alt kjøpt hus i bustadfeltet på Åmdals Verk.

Dei unge fortel at det ofte er generasjonsskifte som må til for at eit hus kjem for sal.

– Det er jo også mykje som blir feriehus, når dei gamle døyr arvar ofte familiane det, seier Vegard Eikland Brendstuen.

Blir: For Vegard Eikland Brendstuen (t.v.) kjem frå Austheii, men bur i Skreosen nå. Aller helst vil han bu i Austheii sjølv om det berre er fire minutt unna. For Halvor Tveit Rui er det ikkje aktuelt å bu andre stadar enn på Åmdals Verk.

– Alle hus her er stort sett opptatt, så om ein vil ha ungdom hit, må ein ha fleire tomter, meiner Olav Andreas Johre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han er ikkje aleine om å meine at det er behov for nye tomter.

– Me er på jakt etter å legge til rette for bustadbygging, seier Tokke-ordførar, Jarand Felland.

Han fortel at kommunestyret i 2021 sette av pengar til dette, men at det har vore mange prosjekt dei siste åra og mykje å gjere for administrasjonen.

Kommunalsjef for plan og næring, Gunhild Austjord, fortel at dei nå jobbar med saka, og at den kjem opp til politisk handsaming i formannskap og kommunestyre i juni.

Felland er spent på saka, og meiner den er både stor og viktig. Ledige tomter og bustadar har blitt ei utfordring i Tokke, men også i andre delar av Vest-Telemark. I Tokke har dei vore bevisst problemstillinga ei god stund, og har jobba for å få fleire moderne bustadar i kommunen. Til dømes er det i Høydalsmo rett før spaden blir sett i jorda og dei sett i gang med å bygge leilegheiter, og Bakkenfeltet har også blitt utvida med fleire tomter.

Som dei fleste distriktskommunar er også Tokke og resten av Vest-Telemark opptatt av å skape både bulyst og blilyst. Då treng dei sjølvsagt både bustadar og tomter. At det er mangel på bustadar betyr også at folk vil bu i kommunen.

– Så det er jo ei hyggeleg problemstilling å ta tak i, seier Felland.

Vil ha fleire bustadar: Tokke-ordførar Jarand Felland, meiner det er viktig å legge til rette for nye bustadar i kommunen. Han kallar bustadmangelen ei hyggeleg problemstilling å ta tak i.

Må vere attraktive tomter

Dei unge meiner det bør bli regulert fleire bustadtomter på Åmdals Verk, kanskje i høgda ovanfor der bustadfeltet er i dag. Det er viktig at tomtene er attraktive.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er nokon tomter som er ledige nå, men dei er ikkje så fine. Dei har stått ledige i mange år, og det er kanskje ein grunn til det, påpeikar Mia.

– Kva er viktig for at ei tomt skal vere attraktiv?

– God utsikt og mykje sol, meiner Dag Einar Urbø.

Dei unge ser mot høgda når dei snakkar om nye tomter – der vil husa få både sol, og utsikt over fjell og bygd.

Men det er også ein risiko å bygge nytt i distriktet – det er dyrt og ein kan ikkje vente å få att det same som ein investerte. Ei problemstilling mellom anna Kviteseid Senterpartiet har sett fokus på.

– Det er mange som kvir seg for å bygge nytt også. Det er veldig dyrt og ein blir litt låst. Om ein skal selje igjen, går ein kanskje to millionar i minus, meiner Vegard.

Uansett, dei heimekjære ungdomane frå Tokke har bestemt seg. Medan tvillingsystera Else har kjøpt hus i bustadfeltet, har ikkje Randi tatt steget endå.

– Eg skal bu her, ja. Eg kan ikkje ned på Verket ein gong, eg må bli i bustadfeltet, smiler ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Neste generasjon: Randi Pedersen slår av ein prat med Neri Rinden Johre som førebels ikkje bryr seg så mykje om bustadtomter, utsikt og solforhold.