Fleire: Innbyggartalet i Tokke har lenge godt i negativ retning, men i 3. kvartal har det blitt fleire i Tokke. Bildet er frå haustmarknaden på Dalen.

Folkevekst i fem av seks kommunar

Folketalsutviklinga for 3. kvartal viser at det av dei seks kommunane i Vest-Telemark berre er Vinje som ikkje går i pluss denne perioden. Tokke veks med 34 personar, og er dermed den kommunen som har fått flest nye innbyggarar i perioden.

Etter Tokke følgjer Seljord med ein vekst på 26 personar, Nissedal med 12 personar, Fyresdal 8, Kviteseid 6 og den største kommunen Vinje har hatt ei negativ utvikling med -4 personar. Folketala i dei seks kommunane er nå Vinje 3 777, Seljord 2 931, Kviteseid 2 421, Tokke 2 166, Nissedal 1 435 og Fyresdal 1 208.

Det er Statistisk sentralbyrå (SSB) som lagar statistikken, og tala viser at det ikkje er talet på fødslar som er årsaka til auken i folketalet. Fødselsoverskot er det nemleg berre i Tokke og Vinje. I Tokke har ti personar blitt født i perioden, medan seks har døydd. Vinje har fått fem nyfødde i perioden, medan ni personar har døydd. Både Seljord, Fyresdal og Kviteseid har negative tal her, med høvesvis -1 og -2, i Nissedal går det i null med tre fødslar og tre dødsfall.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Dette meiner ordførarane er dei største utfordringane mot 2030

Årsaka til veksten er innvandring, då kommunane i Vest-Telemark har fått fleire flyktningar i denne perioden. 24 personar har innvandra til Kviteseid i denne perioden, Tokke og Vinje har fått 18 kvar, 17 har kome til Seljord, medan 5 har innvandra til Nissedal og 2 til Fyresdal.

Retting:

I den fyrste versjonen av denne saka står det at folketalet i dei seks kommunane nå er Vinje 3 781, Seljord 2 905, Kviteseid 2 415, Tokke 2 132, Nissedal 1 423 og Fyresdal 1 200.

Dette er feil, då desse tala er frå inngangen til 3. kvartal.

Ved utgangen av 3. kvartal er folketala i dei seks kommunane:

Vinje 3 777, Seljord 2 931, Kviteseid 2 421, Tokke 2 166, Nissedal 1 435 og Fyresdal 1 208.