Vinterdag på Totak: Komande isfiskar Embla Steinstad prøvar fiskelykka på Totak.
Foto: Odd Arne Ravn
Vakre vinterkledde Vest-Telemark
Vest-Telemark glitra om kapp med sola på beste vis i kritkvit snø og frost laurdag, og mange nytta dagen ute sjølv om det var kaldt. Lesarane har delt desse bildene med oss.
Takka vere ihuga personar i løypelag, idrettslag, tilsette i alpinanlegg, foreiningar og friviljuge blir skøytebanar brøyta, hoppbakken eller alpinbakken preppa eller så ligg naturen der urørt og klar for å bli bruka framfor oss.
Jammen er me heldige som har fridomen og naturen tett på her i Vest-Telemark, rett utanfor døra ...
Tur: Skitur på Hallbjønnsekken.
Foto: Else Pettersen
Stålis på Totak: Ellen Steinstad testa skøytene på den18 centimeter tjukke isen på Totak i minus 15 grader.
Foto: Odd Arne Ravn
Topptur til Jåfjell: Silje Flatin bruka laurdagen saman med fleire andre til å ta ein topptur med randonee, Telemark-ski og truger til Jåfjell ved Ordalsåta.
Foto: Silje Flatin
Vinterdag: Små og store kosar seg med skøyter og spark på Sundkilen, Kviteseid.
Foto: Kari Smeland
Tur: På trugetur på Austbø, Rauland.
Foto: Marte Nystog
På skitur: Isabell Bekk og sonen Remi var på ski i Skafså laurdag.
Foto: Privat
Vinterdag på Totak: Makrofoto av stålisen.
Foto: Odd Arne Ravn
På isen: Skøyting på Haugtjønn.
Foto: Else Pettersen
På isen: Ishockey på Haugtjønn, Austheii.
Foto: Åsne Midtbø
Morgondis over Nisser.
Foto: Tone Tveit