God stemning: Bølgen og ungdommane.

Suksess med rusfri ungdomskonsert. Sveva «høyt, høyt over Kviteseid»

Bølgen fekk kurs i dialektord og jaga fleire timar med regnvêr vekk før Zadeking fortsette musikkfesten og Morgan Sulele tok ungdommane med mellom anna «Høyt over Oslo».

Kviteseid frivilligsentral og ungdomsrådet arrangerte eit fantastisk arrangement av ein rusfri ungdomskonsert i bryggeparken fredag kveld. Om lag 300 ungdom frå alle delar av Vest-Telemark, Åmli, Drangedal og Bø storkosa seg til musikk frå Bølgen, Zadeking og Morgan Sulele, alle med rosa armband med «Du er #GODNØK» rundt handleddet.

Kristine Kveven Sørensen og Maren Heggtveit frå ungdomsrådet i Kviteseid er glade for at så mange unge tok turen trass regnvêret, og meiner at konsertane var veldig bra. Dei meiner mellom anna at gratis buss for ungdommen var eit spesielt viktig tiltak.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har aldri sett så mange ungdommar i Kviteseid på ein gong før, så dette må me verkeleg gjere att, seier Sørensen.

– Det var fint å sjå ungdom danse og ha det gøy saman. Eg følte meg verkeleg som del av eit fellesskap, og trur det var ein av grunnane til at eg lika konserten så godt. Eg håpar at det nye ungdomsrådet vil halde fram med rusfrie arrangement, seier Heggtveit.

Leiar av Kviteseid frivilligsentral, Regine Heimdal, seier det var fint å sjå ungdom frå heile regionen kose seg saman i Kviteseidbyen.

– Artistane var også veldig fornøgde, Bølgen la ut mykje på sin snap, der han skrytte bading, sol og sommar i Kviteseid. Alle artistane skrøyt av fin ungdom og hadde hatt det veldig bra. Dette gav meirsmak, seier Heimdal.