Fem hundre unge vesttelar var samla på «Noregs kulaste rusfrie afterski». Sjå bildeserie

– Det har vore veldig bra, med 500 ungdommar. Det er veldig koseleg å kunne vera med og skape ein arena dei kan møtast på, seier skissentersjef Kristin Larsen like før afterskikonserten med Hagle.

Det var skiftande vêr under skidagen fredag, som var eit samarbeidsprosjekt mellom Vinje kommune og Rauland skisenter, men innan afterskiet starta klokka 15 hadde sola dukka opp.

– Det har vore veldig bra, me har treft mange andre ungdommar, lyd domen frå Olav Hylland Olsnes og Fabian Nystog frå Rauland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hannah Haakenstad og Anne Teksle frå Fyresdal sa seg einige.

– Det har vore veldig morosamt, og godt føre.