Godt samarbeid: Dagleg leiar ved Rauland skisenter, Kristin Larsen, kyter av Vinje kommune for å vera «langt framme i skoen». Her med Guri Solbu, avdelingsleiar ski og servering på skisenteret, Håvard Bjørke, teknisk sjef og Wenche H. Ødegård – avdelingsleiar administrasjon

Inviterer til felles skidag for heile regionen. – Veldig bra at kommunen er framme i skoen

Den 22. mars inviterer Vinje kommune og Rauland skisenteret alle ungdomsskuleelevane i heile Vest-Telemark til felles skidag på skisenteret.

Dagen er eit samarbeidsprosjekt mellom skisenteret og kommunen – etter at skisenteret spela inn ideen til kultursjef i Vinje, Kristian Rantala, fortel dagleg leiar Kristin Larsen.

– Me har skidagar for mange skular i løpet av sesongen, men har aldri hatt ein felles for heile regionen, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein felles skidag for barn og unge, med rusfritt afterski og konsert, er ein veldig fin måte å starte påska på, held ho fram.

Forutan turar i bakkane vil det bli lagt opp til felles måltid, og på ettermiddagen er det konsert med Hagle.

– Då dei spela her førre gong kom det over 3 000, så me håpar og trur det kan slå an, seier Larsen.

– Framme i skoen

Skisentersjefen kyter av kommunen og Rantala for responsen til ideen.

– Det er veldig bra dei er så langt framme i skoen og er med på initiativ. Me er veldig glad for å få vera med i eit slik samarbeid – der næringsliv, kommune og skular jobbar saman, seier Larsen.

– Rusfrie tilbod til ungdom, der dei kan møte jamaldra frå heile Vest-Telemark er ei mangelvare. Å kunne vera med å skape ein slik arena synest me er veldig morosamt, held ho fram.

Kommunen har sendt ut invitasjon til alle ungdomsskulane i Vest-Telemark, som tek seg av påmelding og transport av sine elevar. Larsen opplyser om at påmeldingsfristen er 9. februar.

– Ei gåvepakke

Kultursjef Rantala seier skidagen passar godt inn i kommunens planar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me jobbar for å skape aktivitet, og jobbar mykje inn mot barn og unge. Når skisenteret alt har eit så spanande program i påska, med ein treng for konsert, passa det veldig bra, fortel han.

– Dette var ein god moglegheit til å skape ei fin oppleving i påska, legg han til.

I utgangspunktet skulle skidagen gjelde ungdomsskulane i Vinje kommune.

– Men det var framleis god kapasitet, så då utvida me til heile Vest-Telemark, seier Rantala, som ikkje utelukkar at tilbodet kan bli utvida ytterlegare.

– Personleg er eg oppteken av at barn og unge skal ha gode konsertopplevingar og skape gode minne. For å oppnå det må det vera godt oppmøte, held han fram.

Han karakteriserer skidagen som «ei gåvepakke til skulane».

– Den einaste kostnaden for skulane er at dei må ordne med transport, forklarar han.

Han fortel at kommunen har hatt ansvaret for bookinga av bandet, i tillegg til å handle inn pylser til grillinga, medan skisenteret tek seg av det praktiske kring avviklinga av konserten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette har vore eit godt og breitt samarbeid, forutan skisenteret og skulane har også andre aktørar som jobbar med barn og unge vore involvert i planlegginga – ungdomsklubbar og SLT-koordinator, seier Rantala.

Merkar den svake krona

Før påska kjem og ungdomsarrangementet går føre seg, er det vinterferie. Larsen ventar ei travel veke.

– Det er særs positivt med mykje snø i byane og meir lågtliggande strøk for oss som driv destinasjonar i fjellet. Då blir folk minna på at det er vinter og får lyst til å stå på ski, seier ho.

– Det har vore ein veldig god sesong så langt, spesielt jol og nyttår. Den svake kronekursen gjev også utslag, me har fleire utanlandske gjester enn tidlegare, seier Larsen.

Spesielt danskane er ivrige.

– I den danske vinterferieveka var me fullbooka langt tidlegare enn vanleg, seier Larsen.