I minus: Budsjett- og strategisjef i Kviteseid kommune Tore Åsland la fram rekneskapen for 2019 for kommunestyret torsdag. Det viser eit meirforbruk på drifta av kommunen på nesten fire millionar.

Drifta av kommunen gjekk nesten fire millionar i minus

– Det er ikkje eit spesielt hyggeleg årsrekneskap å legge fram. Tvert imot, sa rådmannen då fjorårets rekneskap vart lagt fram for politikarane i Kviteseid.

– Me har eit meirforbruk på drift på 3 776 015 kroner. På investering har me eit udekka beløp på 1 484 534 kroner. Dette er tal i høve den siste budsjettrevisjonen me hadde i desember, innleia budsjett- og strategisjef i Kviteseid kommune, Tore Åsland.

For å dekke opp underskotet må kommunen hente pengar frå disposisjonsfondet. Ved utgangen av 2019 stod det 18,9 millionar på den kontoen. Etter at underskotet frå i fjor er dekt, og fyrste budsjettrevisjon for i år unnagjort, er beløpet halvert. Saldoen er nå 9,7 millionar kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange avvik

Avvika i 2019 kjem fleire stadar, men den største enkeltposten er på VAR (vatn, avløp og renovasjon) som har eit meirforbruk på litt over 2 millionar.

– Hovudårsaka til det store meirforbruket innan VAR er dei høge kostnadane knytt til reinseanlegg og leidningsnett i forhold til budsjett. Dette blir lyfta over på innbyggarane som sjølvkost, forklarte Åsland.

Andre avvik kjem mellom anna på Kviteseid omsorgsenter som har eit meirforbruk på 875 000, barnevernet 470 000, eining for helse 530 000, eining for funksjonshemma 270 000 og teknisk drift 499 000.

Nokre av einingane brukar også ein del mindre enn budsjettert. Heimetenestene har eit mindreforbruk på 1,4 millionar.

– Grunnen til dette avviket er at det ikkje har blitt nytta vikar ved sjukemeldingar, sa Åsland.

Økonomisjefen forklarte også at hovudårsaka til det udekka beløpet på 1,4 millonar på investering er at inventaret på Kviteseid skule fyrst vart budsjettert på drift, men seinare korrigert inn i investeringsrekneskapen.

Uroa for ROBEK-lista

Kommunestyremedlem Jonn Foldøy (KrF) sa at sidan han nå er leiar i kontrollutvalet har han aldri lese årsrekneskapen grundigare enn i år.

– Det er ganske tydeleg for meg at me hadde god kontroll fram til siste revisjon i haust. Avvika kjem etterpå. Me hadde god kontroll og balanse fram til på slutten av året, i alle fall på papiret, meinte han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg var med førre gong det gjekk gale, og me hamna på Robek-lista. Om dette held fram er det dit me er på veg, det er det ingen tvil om. Då må me sjå på kor mange tilsette me har. Det har vore ei jamn auke dei siste åra. I fjor var det vel to nye stillingar, og me må vere svært forsiktige med å tilsette nye folk. Det kjem til å knekke oss, sa KrF-representanten.

Vil ikkje på Robek: Leiar av kontrollutval og KrF-representant John Foldøy meiner Kviteseid kommune er på veg inn på Robek-lista om kommunen held fram i same retning.

Heller ikkje varaordførar Halvor Nyland (H) syntest årsrekneskapen var hyggeleg lesing, men såg heller ikkje berre svart på det.

– Me har nokre einingar der me har nokre utfordringar, men i det store og heile er det mykje bra budsjettstyring. Me er sjølvsagt ikkje glade for meirforbruket, men me har nokre einingar som ikkje brukar pengane dei får tildela, heimetenesta er ein av dei. Eg håpar at eit tettare samarbeid mellom heimetenesta og KOS, som brukar meir pengar enn dei får, kunne kanskje løyst nokre av utfordringane som KOS har streva med i lang tid.

– Når det blir sagt at sjukemeldingar er ei av årsakene til at pengane ikkje blir brukt opp, då er det ein del kviteseidingar som ikkje får dei tenestene dei har både rett og krav på. Og det er like alvorleg for oss som politikarar, meinte Nyland.

Gjelda aukar meir enn på lenge

Rådmannen meiner også at det til trass for eit negativt resultat er god kontroll på økonomien i dei fleste einingane i kommunen. Ei utfordring for Kviteseid kommune er at driftsutgiftene er høge i forhold til inntektene. Alderssamansetjinga i befolkninga fører også til at dei frie inntektene stig mindre fordi det blir færre barn i alderen 7 til 15 år, og det er denne gruppa kommunen får mest tilskot for.

Kommunen gjorde ei stor investering ved å rehabilitere Kviteseid skule og gjelda aukar gjelda meir enn på mange år.

I løpet av året aukar gjelda med om lag 34 millionar, meir enn på mange år, og er på over 167 millionar ved utgangen av 2019. Likevel er gjelda framleis låg om ein ser til andre samanliknbare kommunar.

– Gjelda er på 70 000 per person. Om ein ser på Kostra-gruppe (kommune-stat-rapportering) to der Kviteseid er, ligg snittet på 110 000 per person, orienterte Åsland.