Brus nok til heile bygda
Berging av eit vogntog frå Fyresdal med 22 tonn brus og vatn køyrde av fylkesveg 304 ved Evjo. Det resulterer i at vegen blir stengt i periodar tysdag.
Politiet i Sør-Aust meldte på Twitter at eit vogntog køyrde av fylkesveg 304 ved Evjo måndag kveld. Tysdag kan vegen til Fjågesund bli stengt i periodar på inntil to timar av gongen på grunn av berging.
– Arbeidet tar noko tid, og kan vare fram til i morgon, melder politiet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vogntoget frå Fyresdal som inneheldt 22 tonn med brus og vatn køyrde av vegen ved Evjo. Sjåføren kom uskada frå ulykka, og blei køyrd til Vrådal hotell for overnatting. Vinterføre har gjort at det har vore mange trafikkulykker den siste tida, og politiet har på twitter oppmoda til å køyre forsiktig.
#Fv304#Fjågesund Grunna berging av vogntog som køyrde av vegen i går vil vegen verte stengd i perioder på inntil to timer ad gangen. Arbeidet tar noko tid og kan vare frem til i morgon.
— Politiet i Sør-Øst (@politietsorost)18. desember 2018