Den tidlegare biblioteksjefen fekk ikkje medhald i anken

Den tidlegare biblioteksjefen i Kviteseid som var dømd for å filme 25 born på publikumstoalettet, anka saka. Nå har anken blitt endeleg avvist av Høgsterett.

Det melder NRK.

I Telemark tingrett innrømte mannen at han hadde filma 25 born medan dei var på publikumstoalettet på Kviteseid bibliotek, over ein tidsperiode på over tre og eit halvt år. Totalt fann politiet 443 bilete og 276 videoar som mannen hadde tatt på toalettet på biblioteket. Filmane hadde ei total speletid på over 16 timar. Det vart også funne bilete og film av grove overgrep mot born på mannens digitale einingar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mannen blei dømt til eitt år og seks månader i fengsel. Han anka dommen.

Ifølgje NRK har både lagmannsretten og Høgsterett avvist anken. Dommen er derfor rettskraftig, og mannen må sone straffa på halvtanna år.