Opprusting: Administrasjonen i Vinje tilrår politikarane å løyve kring 10 millionar kroner til opprusting av Forsvarsmuseet.

Vil bruke ti millionar kroner på å ruste opp det kommunale museet

Administrasjonen i Vinje tilrår politikarane å løyve ti millionar kroner til naudsynte opprustingar av Forsvarsmuseet i Åmot.

Museet vart oppført i 1995 og sakshandsamar Kristian Rantala skriv i sakspapira til formannskapet at «det ikkje er gjort større fornyingar eller utbetringar av bygningskropp sidan det».

Kommunen er museumseigar, medan Venelaget for Forsvarsmuseet i Vinje står for drifta på friviljug basis, på vegner av kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Forsvarsmuseet har spesielt fokus på å formidling til ungdom i nærområdet, og har avtale med skular i regionen. Museet er i dag ope for omvising om sommaren og ved bestilling utanfor sesongen. Venelaget for Forsvarsmuseet i Vinje står for både formidlinga og forvaltinga av historia og gjenstandane ved museet, skriv Rantala.

Kommunestyret vedtok, som ein del av arbeidet med budsjettet for 2022 og økonomiplanen for 2022-2025, eit forprosjekt til 250 000 kroner for «utviding og oppgradering» av museet.

Sør Arkitekter fekk oppdraget, og skisserer tre alternativ for utbetringar.

Alternativ A: Fornying av museet – 200 m²

«Hovudtanken i dette alternativet er å pusse opp og effektivisere dei lokala som er der i dag, og med god arealbruk få til både utstillingsareal slik det er i dag i tillegg til formidlingsareal for grupper opp til 25 personar. Eit viktig grep er å utvide arealet på utsida av museet med samlingsplass og høve til formidling, og eit lite tilbygg på 12 kvadratmeter som mogleggjer eit lite bibliotek i tilknyting til utstillingsarealet.

Grovt estimert kostnad: kr 5 000 000.»

– Dette alternativet er det mest nøkterne alternativet som også Vener av Forsvarsmuseet i Vinje reknar som godt nok for vidare drift i noverande form. Opprustingav fasade og uteareal vil gje betre stoppeffekt enn det bygget har i dag, lyd administrasjonens vurdering.

Alternativ B: Påbygging – 300 m²

Artikkelen held fram under annonsen.

«Ved påbygging er det plass til eit forsamlingsområde for foredrag og arrangement, det er høve til utvida utstillingsområde, HWC og eit lite kjøken. I dette alternativet ligg det også samlingsplass på utsida av hovudbygningen.

Grovt estimert kostnad: kr 10 000 000.»

– Med utvida areal og eit flott uteområde vil dette alternativet gje Forsvarsmuseet i Vinje eit tydeleg løft, både for den faglege delen med fleire moglege alternative driftsformer, men også mykje betre stoppeffekt for reise- og næringsliv, skriv administrasjonen.

Alternativ C: Utviding – 400 m²

«Her leggjast det til eit frittståande bygg som rommar funksjonar og frigjer eksisterande bygg som sikra utstillingsareal. Nybygget gjev rom for mottakingar, møter og samlingar med nødvendige publikumsfasilitetar, bibliotek, kontor og resepsjon. Eit nybygd magasin og lager gjev trygg konservering. Museet blir i dette alternativet fullverdig og komplett der alle funksjonar er varetatt. Området mellom bygga er tenkt som samlingsplass med høve til døgnbasert formidling med film eller liknande.

Grovt estimert kostnad: kr 15 000 000.»

– Dette alternativet er ei verkeleg satsing på Vinje forsvarsmuseum og Åmot sentrum som knutepunkt og destinasjon. Museet løftast til eit arkitektonisk slåande, fullverdig museum med både magasin, lager og areal for framtidig utvikling. I tillegg er det mogleg å sjå for seg fleire synergieffektar både for Vinje kommune og reiselivet med nye og større formidlings- og møteareal.

Vil vurdere driftsmodellen

Sakshandsamar har lagt vekt på både den faglege verdien og verdien for lokalt reise- og næringsliv. På bakgrunn av dei ovanemnde vurderingane landar administrasjonen på alternativ B, som dei vurderar til å ville kunne gje «eit godt løft for museet for både faglege og reiselivsmessige ringverknader».

Artikkelen held fram under annonsen.

Uansett kva alternativ politikarane landar på, meiner administrasjonen det vil vera «naudsynt å vurdere dagens driftsmodell».

– Her kan det vere aktuelt med utvida framhald av dagens modell der Vinje kommune har ansvar for drift gjennom Vener av Forsvarsmuseet i Vinje men med formidlarar og vertsskap tilsett i sesongstillingar, skriv Rantala.

– Alternativt kan ein revurdere samarbeid med Vest-Telemark museum som det største lokale konsoliderte museet, eller eventuelt Norsk Industriarbeidermuseum på grunn av den faglege koplinga til Tungvatnsaksjonen og Vemork. Det kan også vere mogleg å sjå til samarbeid med andre forsvarsmuseum i Noreg, held han fram.

Formannskapet får saka torsdag 15. juni.