«Finnes det et kor i Seljord?» stod det på mobilskjermen som Katya viste Kjell
«Ja, der har jeg sunget i 32 år», svara Kjell på bokmål, og straks etter kom orda hans omsett til ukrainsk tekst på skjermen. Katya Khlystova kunne verken norsk eller engelsk, og Kjell Hartberg kunne ikkje ukrainsk, men ein omsettingsapp gjorde heldigvis samtala mellom dei to mogleg.
To månadar har gått sidan Kjell fortalte Katya om koret, og no er ho med i Seljord Songlag. Dei er 28 songarar i koret, og dei fleste er samla til øving i i gamlesalen på Granvin denne regntunge måndagskvelden. Dei er ein temmeleg mangfaldig gjeng, med menn og kvinner frå 28 til 80 år. Fire av songarane som øver her med Katya i dag var også med den gongen koret vart skipa i 1988.
Songlaget har fleire medlemmar som kjem utanfrå, men då snakkar me om Hjartdal, Flatdal, Kviteseid og Bø. Katya bur rett nok i Seljord, men ho kjem verkeleg utanfrå. Det er berre nokre månadar sidan ho flykta hit frå Ukraina saman med dei seks borna sine.
Artikkelen held fram under annonsen.
It runs in the family
Seks barn, og du er bare 35 år. Det er imponerende, seier eg på litt kunstig bokmål inn i Katya sin mobil. Ein liten pause medan Katya les, så ler ho og svarar for ein gongs skuld direkte, utan omsetjing på skjermen:
– It’s okay. I’m Superwoman!
Kjærleiken til borna lyser opp heile henne, og ho dreg til med ei engelsk setning til:
– They are my angels.
Englane til Katya er Paulo (5), Joseph (7), Petro (9), Tymofey (11), Eva (13) og Daniel (15), og alle driv med musikk, song og dans akkurat som mor si.
Sjølvlært musikkelskar
Det er ikkje alle i songlaget som har snakka like mykje direkte med Katya, men alle har fått med seg at ho er eit talent.
– Ho må jo ha musikkutdanning, ho tek ting så fort, seier ein korist medan det er kaffipause i øvinga.
– Eg trur kanskje ho har vore kordirigent, meiner ein annan.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me spør Kjell, han har snakka mest med henne, føreslår ein tredje.
Det skapar litt barrierar når ein ikkje så lett kan snakke direkte saman, men Katya er driven med mobilen. Når me blir att utanfor gamlesalen for å snakke etter pausen, får eg høve til å sjekke om kompetanserykta stemmer. Katya fortel at ho er sjølvlært, men musikken var likevel jobben hennar i Ukraina.
– Eg fekk fyrsteplassen i både ukrainske og internasjonale konkurransar, og dei signerte kontrakt med meg. Det var jobben min. Musikk er noko eg ikkje kan leve utan. Det er dette eg elskar veldig mykje, forklarar ho via omsettingsverktøyet.
To oppdrag rett rundt hjørnet
Seljord songlag har to oppdrag dei øver fram mot på denne sida av nyttår, og jolestemninga kjem krypande då «Det lyser i stille grender» smyg seg ut til Katya og meg. Den tradisjonelle adventskonserten er berre seks veker unna.
Om halvannan veke er det dessutan allehelgenskonsert i Bø. Der skal songlaga i Seljord og Bø saman framføre «Slektenes lovsang», eit verk som er skrive av Olav Mosdøl og tonesett av songlagsdirigenten sjølv, Oddbjørn Aase.
Trass i alle konsertførebuingane har koret likevel også begynt å øve inn ein ny song som Katya hadde med seg.
Ei bøn for Ukraina
Aud Foldal, som er leiar i Seljord Songlag, stikk hovudet ut frå gamlesalen.
– Øvinga er straks over. Viss me skal synge Katya sin song, må det nesten bli no snart.
Artikkelen held fram under annonsen.
Me gjeng inn att til resten av songarane. Dei finn fram notar, repeterer ei og ei stemme, og bestemmer seg for om dei skal kore med «o» eller «no» på dei raske tonane. Klokka har for lengst passert 20.15 og øvingsslutt, men det er det ingen som legg merke til.
Så er dei klare. Alle reiser seg, og med Katya som solist framfører dei ein song som på same tid er kraftfull og var, og som rører ved djupe strenger i kvar og ein i gamlesalen.
Det er ei nesten heilag kjensle å vere omslutta av dei inderlege tonane, og det er heilt umogeleg å halde augo tørre. Sjølv om det einaste ordet me forstår er «Ukraina», så er det ikkje vanskeleg å forstå kva teksten handlar om når ein veit tittelen på songen.
«Bøn»
Siste strofe tonar ut, songarane set seg ned, og det vert stille. Så romsterer Katya med mobilen og held den opp til Bergit Telnes som sit attmed henne.
– Det var dette som var draumen min i Ukraina, men eg rakk det ikkje. Tusen takk alle saman, les Bergit frå mobilskjermen. Stemma hennar knekk på dei siste orda, og ho er ikkje den einaste som må tørke nokre ekstra tårer.
På veg ut i haustmørkret og heile vegen heim kling stemma til Katya i hovudet mitt.
Ei bøn for Ukraina. Og eit håp om at det driftige songlaget får øvd nok til at denne songen får plass på adventskonserten!