Frå venstre: Bersti Kjergland og Erling La La Land i Vikar-baren, Fann Iskje, Rakke Riknes, Sverre Støyl og Man Jyrekrok.

Kven har spolert påska for rådmennene?

Det er langfredag på eit ikkje namngjeve konferansehotell i Vest-Telemark, og dei seks rådmennene og kommunedirektørane i regionen er i gang med å finne seg til rette. Dei har blitt sendt frå sine respektive kommunar til den årlege påskekonferansen, der dei administrative toppane skal gjennom tre tøffe dagar med fagleg påfyll.

Etter at dagens to foredrag er unnagjort, «Korleis skrive sakshandsamingar med snert» og «Ærefull tystnad – korleis leva betre med at ordføraren får all merksemd, når du gjer all jobben», samlast dei seks i Vikar-baren. Der heng også sjølvaste Urkonsesjonen. Provet på at minst ein fjerdedel av arealet i Vest-Telemark skal nyttast til «administrative føremål» vart signert i 1894 og er som den heilage gral for rådmennene og kommunedirektørane. Nøyaktig verdi på dokumentet er ikkje kjent, men det er ingen tvil om at denne forsamlinga hadde betalt i dyre domar for å slå kloa i konsesjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg hadde sendt Kviteseid beint tilbake i Robek, for å få dette til odel og eige, seier Erling La La Land, som saman med Bersti Kjergland frå Fyresdal driftar Vikar-baren.

Dei fire andre som er til stades slappar av i sitjegruppa. Sverre Støyl frå Nissedal og Rakke Riknes frå Seljord er lettare irritert over at ingen av dei andre tilsynelatande tok oppmodinga om kostyme til vitande, medan Fann Iskje frå Tokke og Vinjes Man Jyrekrok kjeklar om kven som har det beste påskeegget.

– Sjå kor stort mitt er. Eg har pynta det også, seier Fann Iskje stolt.

– Mitt er fullt av godteri, nett som den kommunale pengesekken eg forvaltar, kontrar Man Jyrekrok, før han legg i veg om kor godt det er å ikkje lenger ha makspris på straum.

Med eitt kjem det eit kraftig ljos inn i rommet. På eit jorde utanfor er ordførarane godt i gang med tevlinga om kven som har det blankaste kjedet, som reflekterer sola og blendar forsamlinga i Vikar-baren.

Etter dryge fem minuttar er tevlinga ferdig, og rådmennene og kommunedirektørane får etter kvart synet tilbake att. Til si store forskrekking oppdagar dei at monteren er knust og Urkonsesjonen er borte.

Fann Iskje blei hardast råka av ljoset, ettersom det ikkje har vore sol på Dalen på nokre månadar, men trass namnet er han ein habil detektiv og han tek styringa på situasjonen. Etter ei rask undersøking av rommet slår han fast at døra framleis er låst innanfrå.

– Gjerningspersonen er blant oss, og konsesjonen er gøymd i dette rommet, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ljoset er så sterkt at det blendar kameraet frå VTB-TV, som skulle direkteoverføre heile samlinga, men heldigvis klarar ein å hente ut bilda frå rett før og rett etter ljoset fylte rommet.

Bilda er tilgjengeleg i større format, trykk på lenkjene under:

Bilde før tjuveriet

Bilde etter tjuveriet

Klarar du å sjå kven som har stole Urkonsesjonen (det er éin gjerningsperson)? Korleis kom dei inn i monteren? Og kvar har dei gøymd det?

Send svar på desse spørsmåla til aslak@vtb.no med emnefelt «Konsesjonstjuveriet» innan onsdag 19. april for ein sjanse til å vinne eit nettbrett.

Påskemysteriet: Kven har stole konsesjonen?