Anne Berge på Luka Valentina, 7 år sportsponni, Åsne Bratsberg på Four Winds Delany, 12 år gamal sportsponni og Sunniva I. U. Kåsa på Hammers Hero, 14 år, irsk sportsponni og Isabelle G. Brekke Moore, på Ammazon, 13 år,dansk sportsponni- saman med Gitte Høgetveit, Seljord hestesenter.
Anne Berge på Luka Valentina, 7 år sportsponni, Åsne Bratsberg på Four Winds Delany, 12 år gamal sportsponni og Sunniva I. U. Kåsa på Hammers Hero, 14 år, irsk sportsponni og Isabelle G. Brekke Moore, på Ammazon, 13 år,dansk sportsponni- saman med Gitte Høgetveit, Seljord hestesenter.

Trivst på hesteryggen

Dei står på kvar einaste dag året rundt for at dei firebeinte venene skal ha det bra, og fordi ridning og hest er ein fantastisk fin og morosam hobby.

Seljord

At hardt arbeid gjev resultat fekk ryttarane i ridegruppa til Seljord idrettslag verkeleg bevist tidlegare i haust då dei deltok med lag i krinsmeisterskapen for Telemark og Vestfold rytterregion for andre gong. Åsne Bratsberg frå Hjartdal, Isabelle G. Brekke Moore frå Morgedal, Anne Berge frå Morgedal og Sunniva I. U. Kåsa frå Seljord kunne saman med dei fire sportsponniane Four Winds Delany, Ammazon, Luka Valentina og Hammers Hero stolt ta imot laggull etter flotte prestasjonar i løypa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Laget gjennomførte tre null-rundar på alle fire ekvipasjane, og i dei individuelle tevlingane tok Sunniva og Hero ein flott tredjeplass.

– KM vart halde på Vallermyrene i starten av september. Dei har halde KM i Dyrku-helga nesten kvart år, men heldigvis ikkje i haust. Me prøvar å få ryttarforbundet til å forstå kor stort Dyrskun eigentleg er. Det er synd om ein ikkje kan få med seg begge delar, seier Irene U. Kåsa, mor til ein av rytterane.

Ho fortel at ridegruppa stilte på KM i fjor også.

Via interessa for hest blei Anna Kveven Sørensen (t.v.) og Sunniva I. U. Kåsa vener. Nå steller og trenar dei hest saman kvar einaste dag.
Via interessa for hest blei Anna Kveven Sørensen (t.v.) og Sunniva I. U. Kåsa vener. Nå steller og trenar dei hest saman kvar einaste dag.
Gitte er eigar av Seljord ridesenter på Århusmoen. Her har ho time med dei eldste elevane ute, og deler gjerne eigen kunnskap
Gitte er eigar av Seljord ridesenter på Århusmoen. Her har ho time med dei eldste elevane ute, og deler gjerne eigen kunnskap
Even Vindfjell tar ein pause på ryggen til den tidlegare treningsvenen – nå har han ny og større ponny å trene.
Even Vindfjell tar ein pause på ryggen til den tidlegare treningsvenen – nå har han ny og større ponny å trene.
Ina Kåsa veit å glede ponnien sin. Gulerot er alltid ein suksess.
Ina Kåsa veit å glede ponnien sin. Gulerot er alltid ein suksess.
Skal ein bli god på ponniryggen må ein trene, om det er ljost eller mørkt.
Skal ein bli god på ponniryggen må ein trene, om det er ljost eller mørkt.

– Då fekk Øyvind Høgetveit med Supertramp sylvmedalje individuelt, legg ho til.

Kvardagen

Men før ponnien er strigla klar for stemne er det mykje arbeid som ligg bak. Det veit jentene i stallen me besøker ein måndagsettermiddag. I stallen i Flatingrendi der Sunniva Kåsa og Anna Kveven Sørensen har hestane sine, er boksane klargjort etter ein ridetur.

– Kvar ettermiddag tar eg bussen til Seljord etter skulen. Så stikk eg innom Sunniva og et litt før me reiser i stallen for å stelle og ri, fortel Anna.

I helgene blir det gjerne ein litt lengre tur saman med venninna og ponniane deira.

Å ha hest tar mykje tid, men jentene trivst godt med dei mange oppgåvene det inneber.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Om vinteren når det blir raskare mørkt, må ein helst reise rett i stallen etter skulen, elles blir det for mørkt når me skal ut å ri, forklarar veninnene.

Dei får hjelp av Sunnivas bestemor til å ta hestane ut av boksen og til beite om morgonen, elles gjer dei det meste arbeidet sjølv.

Vendte hestelort då andre bada

Då me spør om jentene alltid er like motiverte til å kome seg i stallen, sommar som vinter, innrømmer dei at det finst dagar det det ikkje er like gøy. I sommar til dømes, på dei varmaste og flottaste dagane.

– Venene våre reiste på strondi på Bjørge. Det var så varmt. Og her stod me og spadde hestelort, ler Anna, men legg til at sjølv om det av og til kan vere litt tiltak å kome seg til stallen er det alltid greit når ein fyrst er på plass.

– Det tar jo litt tid, kanskje to til tre timar kvar dag. Ein skal både stelle, måke, ri og hente nytt vatn og høy, seier Sunniva og innrømmer at dei har eit stort ansvar når dei har hest.

Fantastisk miljø

Jentene fortel om eit veldig godt miljø i ridegruppa og når ein held på med hest, noko Ina Kåsa støttar dei på.

Ho står i boksen ved sida av og gjev ponnien sin gulrot. Ine fortel at ho har ridd i sju år, og trivst godt på hesteryggen og er mykje i stallen som ligg like nedanfor heimen hennar.

– Det er triveleg at me er fleire saman i stallen, for det er viktig å ha det moro når me er her, seier jentene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stor liten klubb

Seljord ridegruppe er ei undergruppe av Seljord idrettslag, og har ryttarar frå Edland til Notodden. Det er om lag 50 elevar på hestesenteret der 19 av dei er aktive konkurranseryttarar og har løyst lisens i år.

– Seljord ridegruppe starta også med 3 lag i Norgesserien i år. Altså 12 av dei 19 ryttarane. Store klubbar som Grenland, Arendal og Grimstad stiller med same tal lag som det me gjorde, det er veldig moro at me får til det på ein liten plass. Og 2 av laga våre kom til landsfinalen og fekk ei kjempeoppleving på ny stor internasjonal arena i Drammen, fortel Irene Kåsa.

Ponnimammaer og ponnipappaer

Men det er ikkje berre ryttarane som er ivrige. Det er klart at aktive hestegutar og -jenter kjem ingen veg med dei firebeinte utan god støtte frå ivrige mødre og fedre. Det har blitt mange turar med hestehengar, både for ryttarane frå Seljord, og dei som kjem litt lengre ifrå når dei skal trene på Århusmoen, på samlingar eller stemne. Men det er tydeleg at miljøet blant dei vaksne er like godt som hos ungdommane.

– Eg blei interessert i hest sjølv då Sunniva starta å ri i fyrsteklasse. Eg sleit med å få på plass bittet, og spurde Gitte om ho kunne lære – så hadde ho eit kurs – noko som resulterte i at eg kjøpte hest eg også, smiler Kåsa.

Ridetime i haustmørkret

Klokka går mot seks og jentene gjer hestane klare for transport til Århusmoen. Det er trening på hestesenteret. Inne i den store hallen er Gitte Høgetveit i avslutninga med ein gruppetime, og klar for å halde fram med gode råd til dei litt eldre og meir erfarne ryttarane.

Høgetveit er utdanna ridelærer frå Starum og har sjølv vore aktiv sprangryttar. Ho har mykje kunnskap å dele med dei mange elevane som er innom hestesenteret.

Draumen til rytterane på Århusmoen er å reise på Balticup i starten av desember. Då må dei trene meir på høgde og øver stadig for å nå nye mål med dei flotte ponniane.

tone.tveit@vtb.no