Rett før kampstart er det ikkje noko å seie på humøret til trenar Rune Sudbø Tveito og innbytar Tommy Andersen. Medan trenaren var fødselsvakt i andre omgang, viste Andersen fram angrepskvaliteten sin, sjølv om det næraste han kom var to stolpeskot.
Rett før kampstart er det ikkje noko å seie på humøret til trenar Rune Sudbø Tveito og innbytar Tommy Andersen. Medan trenaren var fødselsvakt i andre omgang, viste Andersen fram angrepskvaliteten sin, sjølv om det næraste han kom var to stolpeskot.

Berre eitt poeng – burde vunne

Det small i stolpen tre gonger, annullert mål, harde skot i fleng og redningar på strek. Rutinert Klyve-mannskap «rana» med seg eitt poeng mot unge Vinje/Åmdal i Åmot. Ingen tvil om det på ein dag trenaren hadde fødselsvakt på benken.

Etter tap 4-0 borte mot Storm 2 i årets fyrste kamp for 5. divisjonslaget Vinje/Åmdal, tok Vest-Telemarks beste herrelag imot Klyve på kunstgrasbanen i Åmot laurdag. Laga vann kvar sin kamp mot kvarandre i fjor.

– Eg må håpe på siger, men det har vore jamt kvar gong me har møtt Klyve, seier målvakt Edvin Kaldråstøyl rett før kampstart.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han kunne ikkje vere med i førre runde.

– I dag er eg klar, det blir godt å byrje att, seier Kaldråstøyl med eit smil.

Ein annan som er på lag, er trenar Rune Sudbø Tveito.

– Heimekamp, sol og god stemning, det kan ikkje bli betre i april, ynskjer han bladfyken velkomen med.

Sleppe unge til

Trenaren har fullt mannskap denne dagen. Til og med den gamle storskåraren Tommy Andersen er på plass. Han startar på benken, men trenaren er klar på at det blir årsdebut for denne spelaren i løpet av kampen.

– Sambuaren til Tommy er på overtid, så eg har fødselsvakt. Eg har telefonen til Tommy i lomma mi, men på høg lyd, seier trenaren.

– Kom an, full tenning, nå er det 5 minuttar att, ropar gravøren til medspelarane som varmar opp.

– Nå må sambuaren knipe att til kampen er ferdig, seier Andersen i ein prat med VTB.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nei då, men det hadde jo vore greitt å få med heile kampen. Eg har lyst til å kome innpå. Eg har hatt trøbbel med ryggen, så har ikkje vore med på innetreninga, seier Andersen.

Han meiner det er mange år sidan sist det har vore eit så ung lag i Åmot, ein snittalder nå på ned mot 20.

– Det er moro og viktig å sleppe dei unge til, seier Andersen.

Var ballen inne?

Kva trur så trenar Tveito om dagens kamp?

– Eg har god tru, men det er vanskeleg å vite i starten av sesongen. Kanskje har me trena bra nok. Me møter eit veldig rutinert lag, er svaret.

Kanskje var det rutinen som gjorde at Klyve hadde full kontroll på spelet fyrste kvarteret. Så kom heimelaget godt i siget. Eit angrep enda opp i ein situasjon der ballen var på veg over målstreken. Klyvemålvakta strekte seg ut i full lengde på kunstgraset, og klarte kunsten å få ballen ut att. – Mål, ropte Vinje, men ein linjedomar som ikkje hadde rukke å kome på linje med «kassa» vinka aldri for skåring.

– Var ballen inne, spør Klyve-målvakta bladfyken like ved nokre minuttar seinare. Han får svar om at det var nok skåring, på håret.

I det 24. minutt kjem årets fyrste mål for Vinje/Åmdal. Aleine mot målvakta har Lars Kili ingen problem med å ordne leiing, til jubel frå resten av troppen og publikum.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klyve tek over spelet att, og utliknar frå kloss hald etter halvtimen. Ny kalddusj for vertane kjem fire minuttar seinare, eit langskot frå venstresida lurar seg inn i lengste hjørne.

Like før pause er det nesten for Håkon Hagen Ringhus, men headinga mot mål blei redda til corner. Så kom Adis Smajic i full fart med hovudet på ballen – fortenesta blei eit smell frå tverrliggaren.

Bortelagflaks

– Spelet var bra, gutar. Der er berre å fortsette, seier trenar Tveito i pausen, medan Tommy Andersen gjer seg klar til innhopp.

Heimelaget styrer kampen i andre omgang, og skaper den eine sjansen etter den andre. Smajic sitt frispark er på veg til å gje utlikning, men målvakta reddar meisterleg. Andersen prøvar seg frå kloss hald ­– ballen blir redda på strek av forsvarar, og går så i stolpen og ut.

Midtvegs i omgangen kjem endeleg ei fortent utlikning. Svein Jonny Bertheussen utnyttar ei misforståing mellom målvakt og ein forsvarsspelar, og dermed 2-2.

Det luktar fleire Vinje/Åmdal-skåringar lang veg: 12 minuttar før slutt har Christobal V. Montiel ein kjempesjanse, og like etter går eit knallhardt langskot frå Andersen i stolpen. Mikkel F. Eriksen er farleg frampå ved fleire høve. Ein annan som kunne avgjort kampen er Morten Bråstøyl. Like før domaren skal heim att, smell Bråstøyl til med godfoten, men skotet går via to forsvarar slik at ballen likevel ikkje går i mål.

– Kampen var god, men me mangla det siste målet. Me burde ha skåra fleire, me hadde store sjansar. Det blei eitt ran av Klyve, oppsummer trenar Tveito, etter å ha mista to poeng i ein kamp Vinje/Åmdal hadde fortent å vinne.