annonse

Avlyser sykkelritt

Sykkelritt
Sykkelritt: Sykkelrittet frå Åmot til Bø har vore arrangert sidan 2014. Her frå fjorårets ritt. (Arkivfoto: Gjermund Midtbø)

Det blir ikkje noko sykkelritt frå Åmot til Bø i år. Tre veker før start inser arrangørane at det blir for vanskeleg å skaffe vakthald langs vegen.

Olav Åsen Haugsgjerd

Vinje

– Det er blitt eit strengare og strengare regelverk, seier rittleiar, Vegard Hauk Bjerkeli.

Han fortel at dei jobba i det lengste for å få det til, men at dei no kom til at det ikkje let seg gjere å få tak i nok kvalifiserte vakter i år.

– Det kom nye forskrifter fyrste januar i år, som krev meir omfattande kursing av vaktmannskapet. Utfordringa var då å få tak i nok folk som ville ta dette kurset. Datoen 7. juli er vrien i utgangspunktet, men me har tidlegare redda oss inn på at me har fått hanka inn ein del vakter på slutten. Men med denne kursinga blir det meir komplisert, seier han.

Forståing for regelverket

Krava frå Vegvesenet, sykkelforbundet og politiet er blitt strengare, men Bjerkeli har forståing for regelverket.

– Ingen ynskjer ulykker, og sidan dette er eit opent ritt der me brukar offentleg veg er det mange omsyn å ta. Det er vegarbeid og generell trafikk. Når det er sagt så har me ikkje hatt noko alvorlege ulykker i dei åra rittet har vore arrangert. seier han.

Odda–Bø

Sykkelrittet Åmot–Bø er restane etter det som heitte Odda–Bø tidlegare. Bjerkeli fortel at liknande problem oppstod der.

– Det var i grunn same årsak som gjorde at me måtte kutte Odda–Bø. Det vart for krevjande å skaffe tilstrekkeleg med vakter, seier Bjerkeli.

Legg ikkje ned

Rittleiaren ynskjer å sjå på moglegheitene for å kome sterkare igjen til neste år.

– Me har lyst til å ha eit arrangement, og vil ikkje legge det ned. Folk synest det er ein fin løypeprofil når ein er ferdig med Grønliheia og syklar ned gjennom Vest-Telemark. Me har alltid ei evaluering kvart år, og me må vurdere framtida for rittet. Me har hatt god påmelding og ikkje merka noko nedgang på deltakinga, seier han.

Gjeld også andre

Han fortel at også andre store ritt har måtta avlyse på grunn av ressurskrevjande vakthald.

– Fleire store ritt har avlyst på liknande grunnlag, avsluttar Bjerkeli.

– Alle som har meldt seg på vil få attende utgiftene sine, skriv dei i ei pressemelding.

olav@vtb.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.