annonse

Mindre liv på brygga i sommar

Kviteseid Brygge
Kviteseid Brygge: (Foto: )

Kviteseid: Dei siste to åra har det vore matservering, skjenkeløyve og kveldsope i helgene på brygga i Kviteseid. Det var målet også i år, men slik blir det ikkje.

Kari Smeland

– Dei som har drive brygga dei to siste åra klarte dessverre ikkje finne nokon til å ta på seg ansvaret for drifta, fortel næringssjef i Kviteseid kommune, Elisabeth Lid.

I staden blir det turistinformasjon med enkel kafe, ope til ettermiddagen. Lid synest det er svært synd at det ikkje blir kveldsope på brygga i år, men håpar tilbodet gjenoppstår neste år.

Bryggeliv: Turistinformasjonen opnar i samband med Victoriafestivalen. foto: kari smeland

kari.s@vtb.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.