Sjølv om ho rauk ut av konkurransen på veg ut til Bjørnøya, fekk Guro Sundbø Storrusten blir med i land på den spektakulære øya.
Sjølv om ho rauk ut av konkurransen på veg ut til Bjørnøya, fekk Guro Sundbø Storrusten blir med i land på den spektakulære øya.

– Det var surt, men eg må seie meg fornøgd med å ha kome til 74 grader nord

Etter ti program fulle av storslåtte naturopplevingar og blodslit måtte Guro Sundbø Storrusten (25) frå Flatdal takke for seg i 71 grader nord.

– Det er ca. eit halvt år sidan dette skjedde, så eg har kome meg over det. Men det var framleis rart å sjå det att, ler Guro.

– Laget mitt, lag Lindesnes, var veldig uheldige med ein del strake tap. Særleg på siste etappen i gårsdagens episode, då den gjekk mykje på tipping. Då me nok ein gong måtte ut i utslagskonkurranse så var det ikkje så mange att å ta av, seier Guro.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lagleiaren for det tapande laget må ut i utslagskonkurranse, samt ein person dei andre stemmer på. Denne personen får i tillegg velje den tredje motstandaren. Denne gongen blei det Guro.

– Eg forstod at sjansane var store for at eg skulle bli valt, men det var så klart kjipt.

Les også:Guro skal kjempe seg opp mot Nordkapp

Fekk bli med til Bjørnøya

På ein båt på veg ut mot Bjørnøya tapa Guro konkurransen mot dei to lagkameratane sine. Den gjekk ut på at ein med hjelp av to tunge plater skulle halde oppe to hyssingar med lodd i endane, mot to stativ i skulderhøgde. Armane rett ut og mjølkesyrefest, med andre ord.

– Det var så utruleg surt. Eg ville så gjerne bli med vidare, men eg må seie meg fornøgd med å ha kome til 74 grader nord. Eg fekk også lov til å bli med i land på Bjørnøya. Det var ingen måte å få meg vekk frå den båten då eg rauk ut, så, seier ho.

Guro fortel at det var ganske spektakulært å gå i land på øya i Barentshavet.  

– Dei tok meg med, då dei ikkje hadde samvit til å la meg sitje att i båten, ler Guro.

– Eg sat der på båten med ein veldig rar følelse. Eg hadde fått grine litt frå meg, det begynte å synke inn at eg hadde gått ut. Eg fekk god middag og litt øl. Og så sa dei: No skal me bort på Bjørnøya. Og då tenkte eg først at det var stas, men så tenkte eg «fader, no har eg ryke ut.» Men det var fantastisk å oppleve øya likevel.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Folk har sett etter vinnarbilen 

Så blei det altså ingen siger på Guro, sjølv om veldig mange har spekulert i at den sterke militærjenta kunne ha nådd heilt til topps. Til dømes har folk sett etter vinnar-bilen rundt i Seljord.

– Det er mange som har sett etter den bilen, ja. Funnemark i Seljord har hatt ein som det står 71 grader nord på òg. Så folk har vore sikre på at den er min, hehe. 

– Korleis har det vore å sjå seg sjølv på skjermen?

– Det var kjemperart. Eg har funne ut at eg liknar veldig på bror min. Eg skjønnar at folk seier det. Eg ser mange av hans trekk, som eg aldri har tenkt over tidlegare. Kroppsspråket, til dømes. Fleire gonger har eg tenkt «det der har eg sett før. Åja, det der er Asgeir».

Guro ler igjen. Humøret er langt ifrå nedstemt, altså. 

– Eg er ikkje vant til å sjå meg sjølv i alle moglege situasjonar, så det har vore merkeleg. No har eg begynt å sjå meg sjølv litt slik eg gjer på TV. Eg har blitt så bevisst på meg sjølv. Det blir litt godt å få litt avstand òg.

Å bli filma til alle døgnets tider var noko Guro aldri blei heilt vant til.

– Det er veldig unaturleg, altså. Heile pakka med å vera med på ei tv-innspeling. Det er kamera i trynet ditt heilt frå du vaknar til du sovnar. Og så har du i bakhovudet at alle du kjenner pluss nokon hundre tusen til skal sjå det seinare.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men, eg føler ikkje at eg har gjort eller sagt ting eg ikkje kan stå for. Det var det eg hadde som mål, å greie å vera meg sjølv heile tida. Eg skal seie meg fornøgd, sjølv om det ikkje alltid var så lett å styre seg då eg blei irritert.

Guro har eit par beskjedar ho gjerne vil at me vidareformidlar til dei som har følgt med og heia på ho:

1. Eg synest det er så stas at folk har følgt med, og sendt meldingar og kommentarar. Dei skal eg lese når eg blir nedfor.

2. Eg vil beklage for utvaska dialekt til tider. Det har eg merka sjølv i etterkant, og det er ikkje bra. Sidan dette rekk ut til alle vesttelar så er det sikkert mange som har sete og rive seg i håret. Det skjer så fort, men eg skjønnar at det er dumt å halde på slik.

3. Eg vil òg beklage at eg har banna altfor mykje. Det har bestemor og mamma reagert på. Eg beklagar.

– Kva er det finaste minnet du har frå innspelinga?

– Etappen på Hamarøy, då me fekk klatra. Det synest eg var utruleg kult.

No for tida er Guro tilbake i Henningsvær, der ho ser for seg å bli ei stund. I morgon skal ho på jobbintervju.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har utsett det ei stund, men no begynnar det å bli skralt på kontoen. Eg må ha noko mellombels. Håpet er å bli fiskar når Lofot-fisket startar i januar. Eg saknar å vera ute heile tida. Det er den opplevinga eg vil ha att. Kome heim og vera dritsliten, liksom. Det er det beste som finst.