Vest-Telemark blad og personvern

I arbeidet med å nyttiggjere oss nye teknologiske verktøy, er Vest-Telemark blad opptatt av å utøve respekt for brukarane og personvernet deira. Her er ei oversikt over kva som blir registrert av informasjon om deg som brukar tenestene våre.

Personopplysningslova (Lov om behandling av personopplysninger) set dei formelle rammene for kva personopplysingar Vest-Telemark blad kan lagre og korleis vi kan forvalte desse. I elektroniske kommunikasjonstenester – som nett, mobil- og andre IP-tenester – er desse rammene forsterka gjennom ekomlova (Lov om elektronisk kommunikasjon) som nyleg blei revidert mellom anna med omsyn til informasjonskapslar (cookies).

Vest-Telemark blad er ikkje ansvarleg for kva eventuelle eksterne underleverandørar eller samarbeidspartnarar loggar av brukardata. Men våre underleverandørar er underlagt den same lovgjeving som oss og må handle i tråd med denne. Vest-Telemark blad ynskjer å bli varsla viss det likevel skulle kome for ein dag at nokon av samarbeidspartnarane våre eller underleverandørar ikkje fylgjer personopplysingslova eller ekomlova i samarbeidet med oss.

Artikkelen held fram under annonsen.

Informasjonsplikt

Skulle vi uforvarande kome til å krenke personvernet, så er Vest-Telemark blad forplikta både til å informere dei det gjeld om korleis deira personopplysingar blir behandla, og leggje til rette for deira innsynsrett.

Vest-Telemark blad innhentar eller lagrar ikkje personopplysingar gjennom våre elektroniske kommunikasjonstenester, så sant ikkje brukarane våre er blitt varsla og godtar dette, for eksempel gjennom påloggingstenester.

Dei personopplysingar (namn, adresse, e-postadresse etc.) våre brukarar har oppgitt på tenestene våre, eller tilknytt tenester frå underleverandører, vil bli lagra i våre eller våre underleverandørars databasar. Dette for å sikre at Vest-Telemark blad kan levere den tenesta publikum forventar.

Logging

Vest-Telemark Blad nyttar seg av marknadsstandardar når det gjeld logging av brukaraktivitet på våre elektroniske kommunikasjonstenester. Dels blir våre behov ivaretatt gjennom statistikkleveransar frå eksterne leverandører, og dels gjennom eigne serverloggar.

Vest-Telemark blad kan ikkje identifisere enkeltpersoner på bakgrunn av aggregerte dataleveransar frå eksterne leverandørar eller eigne serverloggar.

Vi loggfører IP-adresser som trafikkerer våre serverar for å kunne vera i stand til å utføre teknisk feilsøking. Datagrunnlaget blir ikkje nytta i andre formål. Forsøk på å identifisere enkeltpersoner ut frå desse loggane skjer ikkje. Serverloggane blir sletta etter kort tid. Vi vil rette oss etter Datatilsynets skjønnsmessige vurdering.

Statistikk

Vest-Telemark blad nyttar statistikkverktøy for å rekne talet på brukarar og trafikk på våre elektroniske kommunikasjonstenester, slik at vi kan utvikle og forbetre tenestene våre gjennom å forstå korleis dei blir bruka. Vi loggar kva operativsystem som blir nytta, dato og tid for besøk, samt data om navigasjon.

Vest-Telemark blad er tilknytt mediebransjens offisielle trafikkmåling som blir operert av TNS Gallup, etter avtale med Mediebedriftenes Landsforening. Innhenting av statistikk blir gjort ved ein standard kode på våre elektroniske kommunikasjonstenester, og blir behandla av TNS Gallup. Vi nyttar også andre statistikkverktøy. Sjølv om statistikkvertøya varierer i kva detaljeringsgrad dei har på sine tenester, så har ikkje Vest-Telemark blad tilgang til rådata, berre aggregerte data som ikkje identifiserer enkeltbrukarar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vest-Telemark blad loggar og lagrar trafikk og bruksmønster fra våre elektroniske plattformer, basert på aggregerte data frå statistikkleverandørar. Men vi loggar eller lagrar ikkje trafikk eller bruksmønster på ein slik måte at ein kan identifisere enkeltbrukarar.

Vidaredistribuering

Vest-Telemark blad distribuerer ikkje personopplysingar vidare til andre aktørar utan brukarens samtykke, utover det som måtte følge av normal indeksering av søkemotorar og andre normale automatiske elektroniske kommunikasjonstenester. Våre brukarar kan til kvar tid be om sletting av sin brukarprofil hos Vest-Telemark blad.

Vest-Telemark blad deler aggregert statistikkdata frå TNS Gallup på fritt grunnlag, men identifiserer ikkje enkeltbrukarar.

Vest-Telemark blad forbeholder seg retten, i tråd med personopplysningslovens § 8, til å vidaresende informasjon om brukarar til politiet eller andre offentlege styresmakter der det er mistanke om kriminalitet.

Geoposisjonering

Vest-Telemark blad nyttar i nokre tilfelle geoposisjonering basert på IP-adresse for å tilpasse brukaropplevinga i høve til brukarens fysiske plassering. Ved geoposisjonering basert på IP-adresse identifiseras det heller ingen enkeltbrukarar.

Informasjonskapslar (cookies)

Fylgjande informasjonskapslar er knytt til nettstaden vår:

adform.net, track.adform.net, adtech.de, adtechus.com, amediadm.com, doubleclick.net, ny.no

Knytt til levering av bannerannonsar og kommersielle element.

Artikkelen held fram under annonsen.

vtb.no

Her samlas kapsler for Enreach (big data), TNS Gallup (statistikk), Optimizely (A/B testing), Google Analytics (statistikk), Cxense (big data) samt kapslar for å identifisere bruker ved innlogging.

 

 

cxense.com

Verktøy for sanntids statistikk og semantisk analyse og levering av relevant innhald.

facebook.com

Brukas til Facebook sine element på våre nettstader.

Artikkelen held fram under annonsen.

google.com, apis.google.com

Verktøy for statistikk

jquery.com

Bibliotek som blir nytta for å bygge nettsidene.

optimizely.com

Verktøy for A/B testing og forbetring av nettsider.

qbrick.com

Leverandør av videotenester.

Artikkelen held fram under annonsen.

tns-cs.net

TNS Gallup sitt statistikkverktøy.

yr.no

Leverandør av vërtenester.