Cecilie Ajer Verpe frå Bø jobbar til dagleg på Sterke-Nils-senteret på Granvin. 27. oktober er ho artist når kulturhuset inviterer til bygdefest.
Cecilie Ajer Verpe frå Bø jobbar til dagleg på Sterke-Nils-senteret på Granvin. 27. oktober er ho artist når kulturhuset inviterer til bygdefest.

Trenings-Cecilie har blitt musikk-Cecilie

Når Granvin igjen inviterer til bygdefest, står ein av treningsinstruktørane på scena.

Det siste året har det gått unna for Cecilie Ajer Verpe. 28-åringen frå Bø har gjeve ut to låtar åleine, i tillegg til to i duoen Sanndrømt med Esben Meyer. Planen er å gje ut endå to låtar før jol. Og tilbakemeldingane har vore svært positive. Det starta med solodebuten «Eg veit» og tok av med «Hælvetes fristerinne» som duoen lanserte i sommar.

– Det har gått frå 0 til 100. For eitt år sidan visste ingen at eg song, seier ho med eit smil.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har alltid sett på meg sjølv som ein låtskrivar - ingen artist. Skriving har eg halde på med sidan eg var 11, både tekstar og dikt. Så har eg sunge litt på Bull in live og «Open mic»-arrangement, men eg er eigentleg ikkje noko glad i å stå på scena, og har aldri hatt noko mål om at det eg skreiv skulle møte verda. Eg hadde ikkje trudd eg skulle tore, men eg har fått så utruleg mange koselege tilbakemeldingar frå folk i alle aldrar, seier Verpe.

Treningsinstruktør

Ho var med då Sterke-Nils-senteret i Seljord opna i 2011. Etter to års pause var ho tilbake som treningsinstruktør og personleg trenar på senteret i januar i år. Verpe er akkurat ferdig med ei spinningøkt då VTB møter ho i foajeen i kulturhuset i Seljord.

– Musikken eg gjev ut åleine er rett fram. Heilt nakent. Då utleverer eg kjenslene mine. Men musikk er å dele kjensler. I duoen Sanndrømt er det litt meir assosiasjonar, litt meir innpakka, forklarar ho.

Til no har det blitt seks spelejobbar i Telemark.

– Eg har sagt nei til mykje og ja til litt, seier ho.

– Eg erfarer at ein blir god til det ein gjer, men eg er utanfor komfortsona når eg står på scena, legg ho til.

Mange tekstar

– Kva er ambisjonsnivået som artist?

– Eg planlegg ingenting. Ting berre skjer, tenker eg. Dette hadde eg aldri drøymd om, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fyrste målet er å gje ut to singlar til før jol. På sikt hadde det vore å lage eit album med Sanndrømt. Eg sit med ganske mange tekstar, seier Verpe.

Ho karakteriserer seg som heldig. Ein tekst kan vera ferdig på fem minutt om ho får inspirasjonen.

Sjølv om ho framleis ikkje er heilt komfortabel med å stå på scena, kunne ho ikkje seie nei då kulturhusleiar Geir Jensen spurde om ho kunne bytte ut spinningsykkelen med mikrofon.

– For meg som lever av å pushe folk ut av komfortsona kvar dag, hadde det blitt for dumt å seie nei, ler ho.

– Når eg trefte folk i Seljord før så var eg liksom trenings-Cecilie. No er det ofte musikk som er tema. Då får folk sjå heile meg, og ikkje berre halve, legg ho til med eit smil.

God, gamaldags bygdefest

27. oktober kjem Spinning Wheels til Granvin. I Gamlesalen blir det diskotek. Og om folk kler seg som cowboy og indianar er det ein pluss.

Det populære Notoddenbandet var mellom anna supportband då Brad Paisley stod på scena i Seljord under Countryfestivalen i fjor. Dei spelar både eigne låtar, men også bandets favorittar. Repertoaret speglar ein kjærleik til amerikansk kultur, bilar og landsbygda.

På festen på Granvin skal også gruppa Sanndrømt opptre. Det skal også Christian Ajer Verpe, veslebroren til Cecilie i Sanndrømt, og Elin Reinstaul frå Seljord.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kall det kick off, dansefest, temafest, haraball, eller kva du vil. Eg ser på festen også som ein dugnad. Det er litt av kvart som skulle vore fiksa her på huset, så då tek me ein skikkeleg fest og får høg omsetning. Det er mykje meir moro enn å gå rundt å be om støtte, seier Geir Jensen, dagleg leiar på Granvin kulturhus.

I Gamlesalen blir det diskotek og i foajeen blir det mingleplass.

– Me kallar det ein western-fest, men det er ingen krav om å kle seg ut. Men det er moro om nokon gjer det, seier Cecilie Ajer Verpe.

– Mange har etterlyst eit samlingspunkt mellom sommaren og jol. Me håpar dette fell i smak, seier dei to, og håpar på 300-400 besøkande.

oystein.oygarden@vtb.no