annonse

– Skaper sin eigen arbeidsplass

Strikking
Strikking: Ann Mari Johnsen syner 3D-printa strikkepinnar som er laga ved NTNU i Trondheim. (Foto: Olav Åsen Haugsgjerd)
Catwalk
Catwalk: Mari Strandskogen (t.v.) i svart topp laga av Frøydis Heide og skjørt av Lisa Ryg. Margunn Fester i jakke av Gerd Evelyn Flaen Brun og blå kjole av Else Rugaard. (Foto: Kjell Bitustøyl)
Nupereller
Nupereller: Grete Hagen har laga ein kreasjon som også kan fungere som ein kjole. (Foto: Olav Åsen Haugsgjerd)
Studentar
Studentar: Lærar Veronika Glitsch mellom Rikke Feidje Endresen (t.v.) og Synne Elisabeth Stray. (Foto: Olav Åsen Haugsgjerd)
MOTE
MOTE: Vivian Grieg Teisner (t.v.), og Else Rugaard. Sjal og jakke av Synne Elisabeth (Foto: Kjell Bitustøyl)

– Fashion Fesjå skal lære studentane å vise fram det dei har laga. Det er viktig å førebu dei på arbeidslivet, seier Veronika Glitsch.

Olav Åsen Haugsgjerd

Glitsch er doktorgradsstipendiat og initiativtakar til Fashion Fesjå attende i 2007. Ho meiner det er viktig at studentane lærer å presentere arbeida sine.

– Med utdanninga dei får her, er det ikkje etablerte jobbar til alle saman. Slik sett er det mange som må skape sin eigen arbeidsplass, og då er det nyttig å kunne vise handverket eller kunsten sin fram på ein god måte, seier Glitsch.

Fashion Fesjå er eit moteshow der studentane viser kva dei har laga i løpet av studieåret. Anten det er masteroppgåve, bachelor eller årsstudium.

Plast

– Det er ein catwalk der modellar viser studentarbeid, men utan den typiske catwalk-musikken. Det er som ein konsert, med levande felemusikk, der folkemusikkstudentane også presenterer seg sjølv, fortel Glitsch.

– Det er rundt 200–300 betalande som plar møte opp på Fashion Fesjå, og mange av dei kjem igjen året etter år. Difor prøver me å gjere det litt annleis kvart år, held ho fram.

Temaet for Fashion Fesjå i år er plast og miljø.

– Det er noko som har blitt sett på dagsorden i media, og me vil rette fokus på den problematikken med ulik bruka av plast i moteshowet, seier Glitsch.

Master i strikking og knutar

Ei av dei som tek mastergrad i tradisjonskunst er Ann Mari Johnsen frå Trondheim.

Ho har skrive om ein strikketeknikk som berre fanst i Tydal og Grue i Hedmark.

– Det er ein type dobbeltstrikking som det ikkje var så mykje teoretisk kunnskap om, og som eg ville finne meir ut av. Det er mykje taus kunnskap som har gått i arv frå generasjon til generasjon, men som ikkje er skrive ned, seier Johnsen.

– Eg har fått nokre på NTNU i Trondheim til å skrive ut 3D-strikkepinnar til meg. Det er fordi eg ville kunne strikke med så store masker at eg kunne lage golvteppe med teknikken. Strikkepinnane er av plast, og med ein tråd inni som dei brukar i kantklipparar, fortel Johnsen.

Grete Hagen har også skrive master i tradisjonskunst, og ho har forska på nupereller.

– Det er ein knute. Mest som ein halvstikk. Den er tjukk og kom ifrå Austen. Det var sjøfolk som kom med den, fordi dei ofte knyta med ulike teknikkar på kveldstid då arbeidet var gjort. Det er noko eg synest er spanande å finne meir ut om, seier Hagen.

Teori og praksis

– Nupereller er ein blandingsteknikk av ulike handverk. Oppgåva mi tek føre seg elastisitet, og eg har brukt den til å lage ein skulpturell kreasjon. Sjølv om eg elles ville laga noko som kunne brukast, som til dømes klesplagg eller liknande, fortel Hagen.

Ei masteroppgåve skal vere praktisk, men mest teoretisk. Båe masterstudentane vil no ta utdanninga si ut i praksis.

– Utdanninga kjem eg til å nytte i undervisning og formidling. Anten det er kurs eller i skuleverket. Det er mykje fint ein kan lage på ein enkel måte for dei heilt ned i barneskulen, seier Hagen.

Johnsen fortel at ho skal halde kurs på Røros til hausten.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.