Langt ifrå ferdig

I meir enn førti år har Bjørn Eidsvåg (64) vore ein av landets største og mest populære artistar, og framleis er han like aktuell. Me tok ein prat med han om songane, overgangen til teater, forholdet til Amarone og gutane i Radioresepsjonen – og kva dei nye tekstane hans handlar om.

På hytta si i Skurdal sit Bjørn Eidsvåg og arbeider. Det er ein solskinsdag i april, og to travle år har akkurat gått mot ein ende. 

Det har blitt ein tradisjon, dette hytteopphaldet. Om lag ein månad på våren er sett av til å rømme bort frå kvardagen for å setje i gang med skriving av ny musikk. Ei stund som berre handlar om å gje seg sjølv rom til å skape. For det må han jo. Det er det han lever for – og av. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg plar eigentleg reise hit tidlegare på våren, men i år måtte eg vente til eg hadde spelt ferdig framsyningane mine, fortel han.

Bjørn har teke seg tid til å ta ein prat på telefonen. Det er slikt som ikkje er sjølvsagt for ein mann som har levd i mediekøyret i så mange år. Han er kvikk, morosam og velviljug til å dele historier. Sjølv i heilagtida i Skurdal. 

Tvilen blei teaterstykke 

Sidan hausten 2016 har Bjørn spela teater. Etterlyst: Jesus, heiter stykket, som blei sett opp på Det Norske Teatret i Oslo og har hausta strålande kritikkar. Der tek den tidlegare presten Bjørn eit oppgjer med trua som har vore – og er – mura inne i kroppen hans. Barnetrua han har teke med seg frå bedehuset heime i Sauda. 

– Tanken bak var tvilen eg ofte har gått og kjent på. Søket etter ein meir liberal form for religion, kan ein seie. Det har vore ei rekkje av små og store hendingar i løpet av eit langt liv som har sett spørsmålsteikn ved trua mi. Dette var mitt bidrag til ei utluking av det mest utdaterte og urimelege i bibelen, og eit steg på vegen mot eit meir tolerant samfunn og ei kyrkje for alle. Der tru ikkje er å godta dryge dogme, men eit engasjement i ei slags frigjeringsrørsle som vil hjelpe oss alle til å leve livet heilt og fullt. 

– Kva nerve er det du har spora opp som treffer så mange, trur du? 

– Responsen har vore over all forventing, og det er sjølvsagt kjempemoro at det har blitt motteke slik det har blitt. Det er vel kanskje eit teikn på at dette er noko mange kan kjenne seg att i, og eit teikn på at me trong å ta tak i spørsmåla me går rundt og ber på. Eg trur mange er interesserte i religiøse og eksistensielle spørsmål. Tilbedinga av dumskap er utbredt i vår tid. Så når folk blir tilbodne ting med substans – gjerne på eit folkeleg språk – vil dei ha det. 

I dette tilfellet er det folkelege innhaldet skrive på nynorsk, som er Det Norske Teatrets einaste målform. Bjørn seier at han har ein kjærleik for nynorsken, sjølv om han ikkje hadde det som hovudmål i grunnskulen.   

– Far min var særs ueinig med ein markert nynorskmann i Sauda, så i ein slags protest mot han tok far meg ut av nynorskklassa og inn i bokmålsklassa. Eg har i det minste alltid hatt mi nynorsknære dialekt, ler han.   

Artikkelen held fram under annonsen.

Han omtalar dei tre åra på teaterscenen som travle, men fantastiske. I mai  avslutta han teaterdelen av karrieren for denne gong, med ei siste framsyning i  Drammen.  

– Det var i alle fall siste for denne gong. Kva som skjer vidare veit eg ikkje heilt enno. Alt eg veit no, er at eg gjerne vil gje ut musikk og spele konsertar att. Det gler eg meg til. 

Fri tolking 

Musikken ventar altså på ny, og det er ting på trappene for Bjørn. På hytta skriv han nye låtar. Gjer seg klar til musikkslepp, håpar at ein ny låt eller to kan spelast på turneen i sumar. Han vil ikkje avsløre mykje, men latar til å vera fornøgd med dei nye tekstane han har ført i pennen. Han skriv òg på ei bok han håpar kan bli til noko. Ein trusbiografi kallar han det. Der vil han finne ut kva som har forma livssynet hans og kva det eigentleg er i dag. 

Sidan fyrste plate – Inn for landing – kom ut i 1976, har Bjørn gjeve ut nesten tretti album. Kvar einaste song han har skrive har kome frå ein særs personleg stad, og betyr mykje for han. 

– Alt eg skriv om har eg greie på, eg kjenner dei kjenslene eg skriv om, men det er ikkje naudsynt at alt er sjølvopplevd. Det er reint terapeutisk å skrive ned kjenslene og tankane mine på denne måten.  

– Kva for artistar inspirerer deg?  

– The Beatles, Bob Dylan, Paul Simon, Lillebjørn Nilsen, Åge Aleksandersen, Jan Eggum og Odd Nordstoga, for å nemne nokon. Eg har treft Odd fleire gonger og uttrykt kor mykje eg beundrar han. Det har hendt at eg blir litt irritert på tekstane hans, fordi dei er så gode. Eg har tenkt at eg skulle ønskje det var eg som kunne setje namnet mitt på dei, rett og slett.  

Det er mange låtar å velje mellom når Bjørn får spørsmålet eg er i ferd med å  stille. Fleire hundre, faktisk. Eg prøvar meg likevel: 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva er den aller finaste låta du har laga, meiner du sjølv? 

Han ler litt, moglegvis for å hente seg litt tid. 

– Det er eit vanskeleg spørsmål å svare på.

– Skyfri himmel. Den har eg vore ganske heldig med. Eg blir ikkje lei av den, og teksten betyr veldig mykje for meg. 

Det er nok mange som er einige med han i det. Skyfri himmel tronar øvst som Bjørns mest populære song på Spotify, der den har meir enn tre millionar avspelingar, noko som vil seie at songen lever i beste velgåande fjorten år etter at den kom ut. Men, forfattaren meiner det nok ikkje er alle som verkeleg har forstått kva han faktisk syng om. 

– Det er litt artig at så mange trur det er ei gladlåt. For mange har det blitt ein song som blir spela på flotte sommardagar. Då eg jobba på Lier psykiatriske sjukehus på 80-talet, trefte eg så mange eg gjerne skulle ha unt eit friare liv, men som hadde så mykje tungt med seg i bagasjen at det var eit dagleg slit berre å få eit lite solgløtt. Denne songen er til dei, men songar kan alltid tolkast fritt, uansett kva forfattaren meinte i utgangspunktet. 

Losen på RR-skuta 

Bjørn Eidsvåg er i motsetnad til delar av bibelen ikkje utdatert. Dei aller fleste veit kven han er, om så på forskjellige vis. Mange kjenner han som ein folkekjær artist – og mange kjenner han som los. 

Det er ikkje alle artistar som klarar kunststykket å halde seg aktuelle for generasjon etter generasjon gjennom ei så lang karriere. Men, Bjørn held fram med å vera eit kjend namn også for ungdomane i Noreg. Mykje takka vere det populære radioprogrammet Radioresepsjonen, der han i snart ti år har vore innkvartert som ein del av gjengen til Steinar Sagen, Tore Sagen og Bjarte Tjøstheim. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg starta som fan av programmet. Eg lika veldig godt å høyre på dei, og delte mykje av humoren deira. I 2009 hadde dei ei imitasjonsspalte, der Bjarte ein dag skulle parodiere meg. Det syntest eg var så dårleg at eg ringte inn og foreslo at Bjarte skulle få ein sjanse til, då det hadde kome inn så mange klager. Denne gongen skulle eg spele meg sjølv utan at det blei sagt. Dette syntest gutane var ein god idé. Då vi gjorde det på lufta, var Steinar og Tore ennå ikkje nøgde og gav meg terningkast tre, ler Bjørn.  

Då var det gjort. Sidan den gong har han vore både gjest og vikar fleire gonger, samt ein meir eller mindre vellukka reporter ved valsendinga deira i 2013. Når gjengen i Radioresepsjonen pratar om Bjørn, har dei det med å framstille han som ein litt for sjølvoppteken fyr som er over snittet glad i raudvin. For å forstå humoren må ein ha ein viss kjennskap til korleis sjargongen dei imellom er til vanleg. Og det har heldigvis Bjørn. 

– Det er berre morosamt. Eg håpar jo sjølvsagt at folk veit at dette er ein litt overdriven karakter dei har skapt for meg, ler han. 

– Kva med forholdet ditt til Amarone, er det også overdrive? 

Bjørn ler igjen. Han er glad i vin, han, men akkurat Amarone-spøken er det igjen RR-gutane som står bak. Den nære venskapen med radiopersonlegdomane har dei siste åra også ført til ei gjesterolle i Bjarte Tjøstheims populære humorserie Presten. Der spelar Bjørn seg sjølv, eller rettare sagt karakteren han har blitt tildelt, med glans. 

– I ein av episodane er dei bekymra for å be meg spele i bryllaupet deira, fordi det då garantert vil ende opp med at eg spelar tolv-tretten songar. Det hadde eg aldri funne på i verkelegheita, så glad i å vera i sentrum er eg ikkje, ler han. 

Har spela over 3000 konsertar 

Etter førti år på scener rundt i heile vårt langstrakte land, kjem Bjørn endeleg til Treungen i august. Der har han aldri vore tidlegare, og han fortel at han gler seg til å spele på ein heilt ny stad. Han har vore fleire andre stader i Telemark, men det er ikkje heilt enkelt å halde oversikt over kvar enkelt konsert lenger. 

– Eg har vore fleire stader, men med gode 3000 konsertar i bagasjen er det vanskeleg å skilje alt frå kvarandre, ler han. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva er det raraste du har opplevd der ute på vegen? 

– Eg har opplevd veldig mykje rart på turné. Det kunne nok blitt ei heil bok av det. 

– Eitt av dei verste augneblinka eg kjem på no, er ein gong eg rett og slett gløymde teksten på alle songane mine. Det var på Baroniet i Rosendal. Eg hugsar eg tenkte på det før eg gjekk opp på scena, om det var mogleg å gløyme alt. Så blei eg ståande framfor mikrofonen, klar til å synge, bandet spelte opp – og så kom det ikkje fram eitt einaste ord. Då det hadde gått akkurat litt for lang tid, måtte eg forklare for publikum kva som hadde skjedd, og ta meg ein pause. Heldigvis kom orda tilbake etter litt. Men det var ei veldig fæl oppleving, mimrar Bjørn. 

Ein får vone at det ikkje blir reprise på scena i Treungen.  

– Får eg spørje deg til slutt kva som står på rideren din?  

Ein rider er ei liste med ting ein artist krev at arrangørane av konsertar og festivalar skal sørgje for å ha klare til dei backstage. Mange rare krav har blitt gjort kjende over åras løp. Prince kravde at all mat skulle vera dekt med plastfolie og berre opnast av han sjølv. Madonna krev heilt nye toalettsete. Bjørn Eidsvåg? Kaffi og vatn. 

– Eg har ikkje behov for så mykje, eg.