Ivanir Sibylla Hasson og Carl Olsen, stod for underhaldninga på Øyfjelldagen. Framsyninga deira fekk både unge og gamle til å le.
Ivanir Sibylla Hasson og Carl Olsen, stod for underhaldninga på Øyfjelldagen. Framsyninga deira fekk både unge og gamle til å le.

Klovnemoro på bygdetunet

Det var mykje latter blant små og store då «Cirkus Sibylla» haldt framsyning på den årlege Øyfjelldagen.

På sundag blei den årlege Øyfjelldagen arrangert på Øyfjell bygdemuseum. I strid med det skiftande vêret var det godt oppmøte.

Eit av innslaga denne dagen var «Cirkus Sibylla» med førestillinga «Gjøglerkofferten». Dei to klovnane Tulla og Carlos, eller Ivanir Sibylla Hasson og Carl Olsen som dei heiter, underheldt og bad på mykje klovnemoro. Etter den 45 minuttar lange framsyninga, fekk alle barna høve til å prøve seg på ulike triks. Dei sjonglerte med ringar, balanserte tallerkner på pinnar, og nokon prøvde seg på å gå på line.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sykkelsmoothie

Under låvebrua hadde Rjupa 4H i Øyfjell rigga seg med eigen bod. Der selte dei smoothie, som blei blanda på ein litt ana måte enn det me gjer heime, nemleg på ein sykkel.

– Me legg banan, frosne jordber og appelsinjuice i ein blender som me set i eit blenderfeste på bagasjebrettet på sykkelen. For at alt skal blandas til smoothie må ein sykle. Det er veldig moro, fortel Alfhild Asplin Kleven.

– Me hadde lyst til å ha ein stand her i dag så folk i bygda får sjå 4H–gruppa. Me starta i fjor og er ganske nye, informerte leiar for gruppa, Ingebjørg Drivarbekk-Åmot.

Alfhild Asplin Kleven (t.v) og Isak Dalen blei valt ut som assistentar under framsyninga til «Cirkus Sibylla». Her balanserer Isak fleire tallerkenar på ein gong.
Alfhild Asplin Kleven (t.v) og Isak Dalen blei valt ut som assistentar under framsyninga til «Cirkus Sibylla». Her balanserer Isak fleire tallerkenar på ein gong.
Gudny Lid Unhjem (t.v), Inger Breiseth og Sigrunn Volhovd stod for serveringa på Øyfjelldagen. Dei hadde laga fem store kjelar med feitegraut, og serverte kling, kaker og kaffi.
Gudny Lid Unhjem (t.v), Inger Breiseth og Sigrunn Volhovd stod for serveringa på Øyfjelldagen. Dei hadde laga fem store kjelar med feitegraut, og serverte kling, kaker og kaffi.
Isak Dalen (10) trør for harde livet for ein smoothie. Alfhild Asplin Kleven (10) (t.v), Såmund Rorgetjønn (10) og Ingbjørg Skolås (11) passar på at smoothien får rett konsistens.
Isak Dalen (10) trør for harde livet for ein smoothie. Alfhild Asplin Kleven (10) (t.v), Såmund Rorgetjønn (10) og Ingbjørg Skolås (11) passar på at smoothien får rett konsistens.

Store planar

Denne sommaren har Øyfjell bygdemuseum bestemt seg for å kunn halde opent på laurdagar i sommar. I fjor blei det nokre dagar utan besøkande, og då ynsker dei å satse litt ekstra dei dagane dei har ope.

– Me kjem til å ha ein kulturperson her kvar laurdag som viser fram arbeidet sitt. Me skal mellom ana ha knivdag, bakstedag, ein dag med garnfarging og mykje meir, seier leiar av styret på museet, Åshild Emma Solbjør.

Ho held fram:

– Me har store planar for bygdemuseet. Me held fram med å teikne eit nybygg i lag med ein arkitekt, som skal opp på tunet her. Der skal me lage ein kafé og eit sanitærbygg. Det blir veldig spanande og bra for bygdetunet, fortel Åshild.