Fryktlause Bertine

Bertine Zetlitz (43) har alltid skilt seg ut. Ho klypte av seg alt håret som sjuåring, skreiv ned alt ho følte, og blei etter kvart det ho sjølv fann i Annie Lennox: eit beintøft førebilde for unge jenter med ei annleiskjensle.

– Eg kjenner meg fyrst og fremst som ein låtskrivar, ikkje ein artist. Det er ikkje stemma som er styrken min.  

Bertine Zetlitz kikkar opp frå kaffikoppen. Dei isblå augo hennar, som ho tidleg blei kjend for, fyller ein med engasjement og konsentrasjon. Som samtalepartner er ho god. Det går ikkje an å sjå vekk. Ei heller snike seg unna.  

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg blei kjend som ei iskvinne. Det lo eg mykje av, for det er ikkje slik eg er. Men det blei vel på sett og vis min måte å beskytte meg sjølv litt frå alt som skjedde. Eg kunne gøyme meg bak blikket mitt.  

Det er midt på dagen ein fredag i april, og Bertine har stått opp, sendt borna til skulen, tatt ein time med yoga og gjort seg klar til eit par møte i løpet av ettermiddagen. Ein ganske vanleg dag i livet hennar. Det er mykje som skjer – akkurat slik ho likar det. 

– Yogaen gjev meg styrken og overskotet eg treng for å halde tempoet eg gjer. Det er eg veldig takksam for. 

Ho har alltid drive med yoga, og for to år sidan opna ho eit yogastudio på Frogner saman med ei venninne. Då blei sirkelen på sett og vis slutta for Bertine, som har vakse opp nettopp der. På vakre Frogner i Oslo. Der blei ho forma, og der blir borna hennar Lili (11) og Finn (9) forma no.  

Fersk, men fryktlaus 

Før familielivet var eit faktum, eksploderte Bertine på stjernehimmelen som Noregs fyrste elektropop-dronning. For akkurat 20 år sidan kom debutalbumet hennar ut. I åra som følgde kom det fire album til, deriblant Sweet Injections, som verkeleg førde til det store gjennombrotet til den nyskapande artisten. Bertine var overveldande inspirert av Eurythmics og Prince, så elektronika var den naturlege sjangeren å hamne i.   

Som ung kvinne i musikkbransjen kunne det gått fleire vegar for Bertine. Dette var ikkje noko ho tenkte over der og då, men noko ho har fått reflektert mykje over i ettertid.  

– Eg kom inn i studio rykande fersk, men med ein uredd og trygg visjon for låtane mine. Eg hadde tekstar eg var stolt over og glad i, og eit bilde av korleis det skulle ende opp med å låte. Ofte hadde eg produsert ein demo heime. Men, samstundes var eg ikkje bastant, eg var open for kompromiss og eg lét det alltid bli eit samarbeid med produsentane. Det trur eg nok at eg gjorde veldig lurt i, for då var det alltid fint å arbeide med meg.  

Ho fortel at ho veit om fleire som har vore for sta i produksjonsfasen, og som eit resultat av det aldri nådde heilt dit dei ville. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det har nok øydelagt vegen for mange, at dei har eit sterkt bilde av korleis musikken deira skal høyrest ut. Eg var open for forslag og hjelp, og lét vegen bli til medan eg gjekk.  

Skreiv songar som niåring  

Då Bertine slo gjennom på starten av 2000-talet, var ho eit friskt pust i musikk-Noreg. Både sjanger- og stilmessig skilte ho seg ut. Det var nytt for folket, men vanleg for ho sjølv.  

Som sjuåring tok Bertine med seg eit bilde av ei dame med kort hår til ein frisørsalong på Frogner. Slik ville ho sjå ut. Det blei rart for dei andre jentene på skulen.   

– Eg hugsar at då eg kom på skulen neste dag, så kalla ei eldre jente meg for ein stygg gut. Det var vondt, men gleda over å klyppe av meg alt håret var større, heldigvis.  

Bertine hadde funne ut at det var mogleg å bestemme korleis ein ser ut, og no kunne ho likne sitt store førebilde: Annie Lennox. Med sine tøffe låtar, rå stemme og korte hår, blei ho eit bilde på kva det gjekk an å vera. Alle måtte ikkje vera heilt like. Tankane og kjenslene ho gjekk rundt med som barn og ungdom måtte bli til noko større. Alt då ho var ni år gamal begynte ho å skrive songar.

– Då skreiv eg lange dagboksongar, det blei vel min måte å skrive dagbok på. Dei handle om alt som skjedde i dagleglivet. Naboane mine, til dømes.  

Heime hjå foreldra sine voks Bertine opp med ein klar beskjed om at det var greitt å skilje seg ut. Ho blei oppdratt som ei stjerne, ei jente som fekk all sjølvtillit ho trong til å ha trua på seg sjølv og drøyme stort.  

– Eg har ofte sagt at eg voks opp med ei kjensle av å vera verdsmeister. Med så mykje oppmuntring og kjærleik i bagasjen er ein klar for nesten kva utfordring som helst. Eg har vakse opp med mykje god sjølvtillit, men lèt meg framleis inspirere til å like meg sjølv endå betre. Eg elskar til dømes måten Rihanna utstrålar sjølvtillit på. Ho er «unapologetic» i alt ho gjer, forklarar Bertine.  

Artikkelen held fram under annonsen.

Kos og kaos  

Før ho blei oppdaga spelte ho elektronisk musikk i eit Oslo-band med to gutar ho kjente frå vidaregåande. Veldig kort tid, før ho fekk platekontrakt aleine. Tre månadar kanskje.  

– Blei dei andre sure på deg?  

– Han eine var rasande, han andre syns det var greitt. Han sa at han forstod det hundre prosent, og at han hadde gjort det same. Eg tenker ikkje mykje på det no. Det var det eg måtte gjera. Sidan me ikkje hadde halde på så lenge var det enkelt å ta den avgjerda.   

Då platekontrakten var i boks skjedde det veldig mykje på få år. Ho gav ut fem album mellom 1998 og 2006, og levde som popstjerne på fulltid. I 2007 kom det eit best of-album. Det var tidleg, kjente Bertine på, samstundes som ho visste at det ville kome ein lang pause frå då av.  

– Kva skjedde då? 

– Nei, då fekk eg ei dotter, ler ho.  

– Og så fekk eg ein son to år seinare. Då blei prioriteringane annleis.  

Livet endra seg, slik det må gjera når det kjem barn inn i bildet. Bertine storkosa seg som småbarnsmor, men tok seg tid til å la kreativiteten bløme. Alle tekstane som dukka opp i hovudet blei skrivne ned. Ein multitaskande småbarnsmor-artist blei fødd. Det skjedde mykje. Det er slik Bertine likar det. Ho flyg frå yoga til studio til møte til middagstid heime på Frogner. Nokre ting må vike, men det er heilt greitt.  

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg vil heller at familien skal sette seg ned og ete noko kjapp og god mat enn å bruke timevis på å lage ein stilig middag og rydde og vaske til me har ein plettfri heim. Me må nyte den tida me har saman, særleg når eg er så travel som eg er. Eg håpar at borna mine ein dag vil seie noko slikt som at «me hadde det ikkje så ryddig heime, men me hadde det veldig bra!». Eg er meir oppteken av å prate med borna enn å rydde rundt dei, og ettermælet treng ikkje vera at me budde i ein så veldig ryddig heim, ler ho.  

Vakent på norsk 

Seks år etter førre album, kom Electric Feet i 2012. Det skulle bli det siste engelskspråklege albumet hennar, i alle fall enn så lenge. I 2015 kom Tikamp ut. Ti låtar med norsk tekstar.  

– Eg blei lat og sjølvtilfreds av å skrive på engelsk. Det er veldig lett å tenke at alt høyrest finare ut på engelsk, men eg har lært at ein skriv endå nærare og meir personleg på sitt eige morsmål. Ein må også vera litt meir vaken i prosessen.  

Den fyrste singelen frå Tikamp var Sett at vi sier det sånn, ein duett saman med Dum Dum Boys-vokalist Prepple Houmb. Bertine fortel at ho grua seg til å spørje om han ville vera med, men at reaksjonen hans var over all forventning.  

– Med skjelvande hender ringte eg han for å høyre om han var interessert. Eg fekk beskjed om å sende over teksten på e-post. Då eg vakna neste morgon hadde eg fått svar midt på natta. Han lika den veldig godt, og sa at me ikkje trong å gå via managementet ein gong. Han var med. Det gav meg god sjølvtillit å ta med meg inn i ein ny æra.

Andletet hennar blir til eit einaste stort smil. Ho ser ut som eit menneske som endeleg har kome heim etter lang tid på farten. Og heimkomsten held fram i sommar.  

– Eg gjev ut ein ny singel på norsk i midten av juni. Endå litt meir elektronika att denne gongen. Det blir veldig bra.  

Veska full av ingefærrot  

Som ung og usikker fann Bertine styrka ho trong i Annie Lennox. Så kravde ho sin plass i musikk-Noreg. Ho støypte på mange måtar ein grunnmur for ei bølgje av unge, kvinnelege artistar her til lands.  

Artikkelen held fram under annonsen.

– Viss det stemmer, så ser eg på det som ei stor ære. Eg er imponert over dei flinke jentene som er på full marsj framover no. Julie Bergan til dømes gjer veldig mykje kult, synest eg. Det er moro å følgje med på.  

– Er det nokon annan musikk som opptek deg for tida?  

– Eg høyrer på Cardi B konstant om dagen. Ho er så rå. Det er verkeleg revolusjonerande med ein kvinneleg rappar som berre rappar, utan ein kjend artist som kjem inn og syng eit refreng. Eg diggar det.  

I august gjestar ho Treungen for fyrste gong. Ho har aldri vore der tidlegare, men kan fortelje at ho gler seg til å besøke Vest-Telemark. 

– Eg tar gjerne imot nokre insider-tips, viss du har.  

– Eg trur det er ein rimeleg takksam og ukritisk gjeng du skal spele for. Dei kosar seg fælt på festival.  

– Det er fint å høyre. Eg trivst veldig godt med å spele på festival. Trikset er å spele ein fin miks av nytt og gamalt, så blir det forhåpentlegvis litt rykk i danseføtene til publikum, smiler Bertine lurt.  

– Kva må du ha backstage før konsert? 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ingen verdas ting. I starten av karrieren følte eg at eg måtte ha noko der, det var liksom det ein hadde høyrt at dei store hadde. Gjerne noko spesielt. Det blei fersk ingefærrot, for min del. Veldig rart. Eg ville vel vera litt sær. Det dumme er at eg ikkje er så glad i det, så eg åt dei aldri. Eg hadde veska full av ingefærrot til slutt. Nokre stader måtte arrangørane køyre eit par timar for å få tak i det, til og med. Dette er det lenge sidan eg har tenkt på. Eg må seie at det er meir enn litt flaut å sjå tilbake på det no …