annonse

A-Ford-folket treffast

Bilfolket kjem saman
Bilfolket kjem saman: Til helga kjem over hundre A-Fordar frå fleire ulike land til Straand hotell i Vrådal. Arkiv (Foto: Geir Ufs)

Til helga deltek over hundre køyretøy i det årvisse Grensetreffet – denne gongen i Vrådal.

  • ? Tone Tveit

– Vrådal

– På slutten av 1980-talet vart det halde A-ford-treff i Vrådal sist, eg er glad for at me kan møtast her att, seier ein av arrangørane i A-Ford-klubben, Magne Wraa frå Vrådal.

Saman med to A-Ford-entusiastar frå Sandefjord inviterer dei bilfolket til Vest-Telemark fyrstkomande helg.

Wraa fortel at det førre Grensetreffet vart halde i Sandefjord i 2012, og då var 175 A-Fordar samla.

Grensetreffet er ein felles møtestad for entusiastklubbar for A-Ford, og det fyrste treffet vart halde i Sverige i 1972.

Starta med pedalforden

Henry Fords legendariske T-modell, også kalla pedalforden, vart produsert i 15 millionar eksemplar frå 1908 til 1927. Då blei den avløyst av A-modellen som det vart laga 4,5 millionar av fram til 1932.

A-modellen har vist seg å vere ein nærast usliteleg bil, og det finst truleg fleire hundre tusen av dei rundt om i verda.

– Alt på 1950-talet vart det starta entusiastklubbar for A-Forden, og i 1967 vart Norsk A-modellklubb stifta. Klubben har i dag om lag 400 medlemmer og det finst 750 registrerte A-modellar i Noreg, fortel Wraa som sjølv har vore godt kjent med A-Forden heile livet.

Kjem på eigne hjul

Grensetreffet blir halde frå 15. til 17. juni, og det er venta gjester frå Sverige, Danmark, Tyskland, Finland og Estland, i tillegg til mange nordmenn.

– Nesten alle bilane kjem på eigne hjul til Vrådal og vil vere på plass på hotellet frå fredag av, seier Wraa.

Køyretur til Morgedal

Laurdag blir det felles køyretur til Morgedal og Norsk skieventyr. På køyreturen vil deltakarane få delt ut nokre spørsmål og bli utfordra med ei praktisk prøve undervegs, både i Morgedal og ved Kviteseid bygdetun, før dei flotte køyretøya vender tilbake til Straand hotell for lunsj, bankett og sosialt samvær resten av helga.

– Om nokon har lyst til å sjå nærare på bilane er det høve til det på parkeringsplassen på Straand, seier Wraa.

Han legg til at det også vil bli ulike tevlingar mellom deltakarane.

– Det vil til dømes vere ei tevling der ein ser kva motor som går på minst turtal på tomgang, seier han.

Blitt større og større

Grensetreffet har blitt meir populært med åra, og blir framleis halde på tur i både Noreg, Sverige og Danmark. Det kjem også gjester frå dei andre nordiske landa til treffet som blir halde annakvart år.

– Det er alt bestemt at det neste Grensetreffet blir halde i Køge, i Danmark i 2020. Men fyrst skal me halde Grensetreff i Vrådal, seier Wraa som legg til at det også er venta lokale treff-deltakarar frå Vrådal, Kviteseid og Treungen fyrstkomande helg.

tone.tveit@vtb.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.