Carina Thorvaldsen (lagleiar og kaptein), Ann-Merethe Støyle, Annbjørg Bjaaland Barstad og Ylva Nordbø. (Arkiv
Carina Thorvaldsen (lagleiar og kaptein), Ann-Merethe Støyle, Annbjørg Bjaaland Barstad og Ylva Nordbø. (Arkiv

Tap i krinsmeisterskapsfinalen

Det gjekk ikkje vegen for Seljord/Kviteseid damelag då dei tok turen for å møte Fossum i krinsmeisterskapen i Skien fredag kveld.

Det blei tap 0-3, men laget kan likevel vere fornøgde med at dei vann serien med god margin, heile tolv poeng framfor Skarphedin på andreplass.

– Me er vanvittig stolte av å ha vunne serien, og ikkje minst vere Telemarks nest beste 7-arlag på damesida. Me har bare spelt saman sidan januar og hevda kånn mykje meir enn me trudde me kunne, skriv damelaget på Facebooksida si og takkar alle som har fylgd laget og heia på dei denne sesongen.