Seks dagars hardkøyr

Team Telemark er eit par hakk nærmare vinteren etter ei knallhard samling på Rauland førre veke. På planen stod mellom anna ein seks timars langtur der både klassisk rulleski, skøyteski og joggesko var i bruk.

Det er under to månadar til sesongen startar på Beitostølen. Utøvarane på Team Telemark er endå meir i rute etter ei knallhard samling på Rauland sist veke, med fokus på mengdetrening og hardøkter på rulleski.

40 personar på Rauland

Artikkelen held fram under annonsen.

– Runar (Skaug Mathisen) og Ånund (Lid Byggland) viste god form og ser ut til å vere i rute til vinteren. Torgeir (Lid Byggland) sleit litt med eit overtråkk og kunne ikkje springe, men elles ser det veldig bra ut, seier leiar for laget, Hans Christian Lahus.

Les også: Runar tok ungdomstrøya

Laget hadde også med seg langrennslinja frå Wang toppidrettsgymnas i Tønsberg, det nyoppstarta krinslaget for Telemark og Vestfold og skilinja ved Bø vidaregåande. I alt var 40 personar stasjonert i fjellbygda ei veke.

– Rauland er veldig viktig for oss som lag. Difor er det heilt bevisst at me tek med oss samarbeidsaktørane våre til Rauland. Det er eit fantastisk treningsterreng og trass i dårleg vêr har me hatt mange flotte treningsøkter både på beina på fjellet og på rulleski på gode vegar i området, fortel Lahus.

15 ungar på trening

Den lengste og tøffaste økta fekk også dei minst gjestfrie vêrforholda.

– Dei hadde ei litt spesiell økt der dei starta frå Vierli og gjekk klassisk rulleski ned til Rauland, vidare til Hylland over Hyllandsheia og ned til Øyfjell. Der skifta dei til joggesko og med Ånund som kjentmann sprang dei vidare i skogane over til Drivarbekkdalen. Der fekk dei skøyteski på seg og gjekk tilbake til Austbø. Det blei ei tøff økt over seks timar i tre grader og regn, fortel Lahus.

Les også: Byggland rykte - slo Northug, Iversen og Sundby

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei yngste skiløparane i fjellbygda fekk også besøk av toppløparane. 15 barn og unge var med på trening, medan trenarar og foreldre kunne delta på seminar med tidlegare toppløpar Ella Gjømle og Team Telemark-trenar Jarle Ausland.

Til saman la utøvarane ned 25 timar trening på dei seks samlingsdagane på Rauland. Nå trenar dei på eigehand fram mot neste samling i Nome frå 9 til 14. oktober.