Reidar Bitubekk (nærmast) og Einar Bjålid.
Reidar Bitubekk (nærmast) og Einar Bjålid.

Ryddar for å få fram Dyre Vaa-samlingane

I lengre tid har både bygdefolk og tilreisande klaga over at Dyre Vaa-samlingane er så bortgøymde. Talet på personar som besøker samlingane sommarstid, fortel det klart.

Sist tysdag var det difor ryddedugnad utanfor samlingane, for om mogeleg å betre på dette. Om så besøkstalet denne sommaren vil auke, står likevel att å sjå. 

Ein ting er sikkert. Det møtte 11 personar, og skog og kratt blei feia vekk på nokre få timar. Det var ein utruleg aktivitet, og medlemmene i nærstyret er veldig takksame for det som blei gjort. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men; det står framleis att skog og kratt. Kanskje me kan ta det til neste år? Uansett; Nærstyret for Dyre Vaa-samlingane takkar alle som var med på dugnaden for jobben som er gjort denne våren, seier Birger Kjelingtveit på vegne av nærstyret.

Dyre Vaa-samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, måleri, grafikk og teikningar av bilethoggaren Dyre Vaa. Også Tor Vaa, son av Dyre, er representert med ei eiga avdeling, i tillegg til biletkunstnaren Svallaug Svalastoga.