Torgrim Otterholt heldt føredrag om Napoléon, Karl Johan og Talleiv Huvestad.
Torgrim Otterholt heldt føredrag om Napoléon, Karl Johan og Talleiv Huvestad.

Om Karl Johan, Napolèon og Talleiv

Sist fredag var det på dagen 200 år sidan Jean Baptiste Bernadotte blei krona til konge av Sverige. Han fekk namnet Karl Johan, og han var konge for Noreg og Sverige til han døydde i 1844.

– Det er rett å markere denne dagen fordi vår eigen Talleiv Huvestad var på plass i Stockholm då kroninga skjedde. Karl Johan og Talleiv møttest for fyrste gong på slottet dagen før kroninga, og det seier mykje om Huvestad at han blei valt som ein av tolv delegatar frå det norske Stortinget, innleidde føredragshaldar Torgrim Otterholt.

Han heldt føredraget på Vest-Telemark museum i Eidsborg, og arrangementet var i samarbeid med Tokke historielag.

Artikkelen held fram under annonsen.

God bakgrunn

Otterholt har studert historie, og har bakgrunn mellom anna frå skuleverket og forsvaret. Det har gjeve han ei brei forståing for alle dei viktige hendingane ute i Europa.

– I tillegg har eg vore mykje ute og reist. Eg må seie at det er eit imponerande syn å sjå sarkofagen til Karl Johan. Den veg 16 tonn, men likevel er det småtteri i forhold til Napoléons gravstad i Invalidedomen i Paris i Frankrike. Det fortel kor viktig og mykje Napoléon har vore i historisk samanheng, seier Otterholt.

Han har henta mykje av stoffet rundt kroninga frå gamle aviser, stortingsreferat og liknande.

Syskena Per (t.v.), Jon og Rosa Espolin Grøstad Johnson la ned blomar på grava til Talleiv O. Huvestad på kyrkjegarden i Eidsborg.
Syskena Per (t.v.), Jon og Rosa Espolin Grøstad Johnson la ned blomar på grava til Talleiv O. Huvestad på kyrkjegarden i Eidsborg.

– Gamle aviser er i grunn særdeles godt kjeldemateriale. Ved å lese dei får ein eit innblikk i korleis dei som levde på den tida opplevde hendingane, seier han.

Avsette kongen

Otterholt fortalde om bakgrunnen for kroninga av Karl Johan, som vart fødd i den franske byen Pau, ved foten av Pyreneene nær grensa til Spania, i 1763.

Karl Johan, eller Jean-Baptiste Bernadotte (1763–1844) som var hans opphavlege namn, blei i 1810 valt til svensk tronarving etter at den adopterte tronarvingen, Christian August, døydde uventa.

– Bakgrunnen for at Riksdagen måtte velje ny konge var at svenske offiserar i 1809 gjorde opprør mot dåverande konge, Gustav IV Adolf, etter at Sverige tapte krigen mot det russiske keisardømmet og måtte gje frå seg Finland. Dermed blei kongen avsett og kongens barnlause onkel, Karl II, blei valt til ny konge. I 1810 adopterte han den danske prinsen, Christian August, for å sikre tronfylgja, forklarer Otterholt.

– Mykje tyder på at Christian August blei drepen ved bruk av gift i 1810. Karl Johan blei valt til ny tronarving etter at han hadde utmerka seg som ein framifrå offiser i Napoleons hær, legg han til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Huvestad – ein respektert mann

Talleiv O. Huvestad blei fødd på Storåslid i Skafså i 1761, og var ein av dei som møtte i Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814 for å skrive den norske Grunnlova.

– Fire år seinare var han altså ein av tolv delegatar som blei sendt til Stockholm for å vere med på kroninga av Karl Johan. Det blei røysta over kandidatar, og flest røyster, 69 i talet, fekk dåverande statsråd og truleg Noregs rikaste mann, Marcus Gjøe Rosenkrantz. Huvestad fekk 34 røyster. Det fortel at han omgav seg med respekt, og at han hadde ein viss etikette, forklarer Otterholt.

Historia fortel at Huvestad fekk ei snusdås i gåve då han var til stades under kroninga.

– Det er litt uklart om denne snusdåsa var av gull eller sylv, men me veit også at han fekk eit gullkjede, seier Otterholt.

Mektige Napoléon

Napoléon Bonaparte (1769–1821) blei fødd i byen Ajaccio på Korsika. Han var ein fransk militær og politisk leiar, og den mektigaste politikaren av alle på slutten av den franske revolusjonen (1787–1799).

– Karl Johan, me får kalle han det før han blei konge også, fekk ikkje noko større skulegang. Truleg var det dårleg økonomi som gjorde at han alt som 17-åring meldte seg til teneste i det militære. Han gjorde sakene sine godt, og han blei lagt merke til som ein dyktig militær. I krigen mot Austerrike synte han stort mot, og i 1794 blei han faktisk general og stasjonert på Korsika. Han gjekk frå å vera underoffiser til å bli general i løpet av eit par år. Det er grunn til å tru at han møtte Napoléons familie på Korsika, seier føredragshaldaren.

– To hanar i same korg

Napoléon var av adeleg slekt, og kom derfor inn på krigsskulen utan noko vidare opptakskrav. Karl Johan var ikkje av slik slekt og måtte vise dugleik og djervskap for å bli offiser.

– Møtet mellom Napoléon og Karl Johan blei litt spesielt. Det var som å setje to hanar i same korg – ingen av dei ville underordne seg, fortel Otterholt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei møttest i sommarhuset til Napoléon, der også bror til Napoléon, Josef, syster til Josefs kone, Desiré, var på plass. 

– Det hadde seg slik at båe to, Napoléon og Karl Johan, forelska seg i Desiré, sjølv om dei hadde heile Europa å ta av. Dei var ulike av natur, men båe hadde sydlandsk temperament. Det er sagt at Napoléon sette Karl Johan skikkeleg på plass etter ei meiningsutveksling, og dermed var tonen sett, forklarer Otterholt.

Med tanke på Desiré, så gjekk det slik til at ho fyrst vart forlova med Napoléon, så med ein annan offiser, før det vart Karl Johan sin tur.

– I 1799 gifta Karl Johan seg med Desiré, og truleg var det derfor Napoléon trass alt behandla Karl Johan ganske godt. Napoléon var då gift med Josephine, mormor til han som skulle bli kong Oscar. Etter kvart blei motsetningane mellom dei to kamphanane berre større, og det er liten tvil om at Karl Johan eigentleg ynskte seg rolla til Napoléon. Men innbyggjarane i Paris ville ikkje ha han til makta. Dermed reiste han frå Paris for siste gong, fortel føredragshaldaren.

Tok Noreg

Om sommaren 1814 invaderte Karl Johan og ein styrke på 45 000 mann Noreg for å få Noreg i union med Sverige. Det klarte han nokså enkelt, men situasjonen var likevel ein annan enn då Noreg var i union med Danmark. Noreg hadde sommaren 1814 eiga grunnlov, og gjekk såleis inn i unionen med Sverige som ein sjølvstendig stat med eiga grunnlov.

– Karl Johan bygde den norske staten: Stortinget, universitetet, børsen, Noregs Bank og han hadde ein plan over Oslo, avslutta Torgrim Otterholt.

Bjønn Fauske framførte ein song om Talleiv Huvestad som han skreiv til Grunnlov-jubileet i 2014. Etterpå blei det lagt ned blomar på grava til Huvestad på kyrkjegarden i Eidsborg.