I går stakk Frank E. Lien til lensmannskontoret for å melde ordføraren, rådmannen og landbruksrådgjevaren som han meiner ikkje har fylgd opp flugesaka. Lien hadde med seg bilde av alle flugene innandørs.
I går stakk Frank E. Lien til lensmannskontoret for å melde ordføraren, rådmannen og landbruksrådgjevaren som han meiner ikkje har fylgd opp flugesaka. Lien hadde med seg bilde av alle flugene innandørs.

Melde fleire kommunetoppar til politiet

Frank E. Lien i Haugsjåsund melde i går rådmannen, landbruksrådgjevaren og ordføraren i Nissedal til politiet. Det skjer etter at han og andre innbyggjarar på ny blir plaga av fluger dei meiner kjem frå eit pelsdyrområde.

– Dei siste tre dagane har det vore ille med fluger, og det ballar på seg for kvar dag. Eg har bygd ein vinterhage, men den kan eg ikkje bruke no for han er full av fluger. Så fort eg opnar døra til huset mitt er det fullt av dei innandørs, og garasjen er full av fluger. Livskvaliteten for oss som bur i huskrullen i Haugsjåsund er så forringa at du kan ikkje tru det, seier Frank E. Lien.

Torsdag morgon er han på veg inn til lensmannskontoret i Treungen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg skal melde ordføraren, rådmannen og landbruksrådgjevaren. Dei bør sjå til at flugesaka blir fylgd opp, det gjer dei ikkje i dag, seier Lien.

Det han siktar til er at eit stort pelsdyrområde ein del hundre meter unna der han bur har fått pålegg av kommunen om å gjere ulike tiltak mot flugeinvasjonen.

– Det blir ikkje orden på flugeplaga før gjødsla blir sprøyta, meiner Lien.

Nissedalrådmann Sverre Sæter fann torsdag ut at han ville ned til pelsdyrområdet for å sjå nærare på forholda. Han tek sjølvkritikk på at kommunen ikkje har fylgd opp flugesaka godt nok.
Nissedalrådmann Sverre Sæter fann torsdag ut at han ville ned til pelsdyrområdet for å sjå nærare på forholda. Han tek sjølvkritikk på at kommunen ikkje har fylgd opp flugesaka godt nok.

Flugeproblemet i huskrullen i Haugsjåsund og ved campingplassen og barnehagen i nærleiken har vore omtala mellom anna i VTB ved ein del høve tidlegare. Kommunen kom for nokre år sidan med krav om tiltak på pelsdyrgardane i området, og hausten 2013 blei det konkludert med at tiltaka hadde hjelpt.

– Dei siste 10–15 åra har det vore 3–4 somrar utan flugeplager. I fjor gjekk det ganske bra, og føråret var slik bob bob, avsluttar Lien, i det han opnar døra til lensmannskontoret, klar med eit fersk bilde av alle flugene inne i huset sitt.

Rett før avisa gjekk i trykken opplyser Lien til VTB at politiet har snakka med juristar som har konkludert med at dette ikkje er ei sak for politiet. 

Rådmannen tek sjølvkritikk

Nissedalrådmann Sverre Sæter var ved campingplassen i Haugsjåsund tysdag og registrerte at det var mykje fluger i området.

– Dette er for dårleg. Kommunen må vere mykje meir på allerten. Å gå i same fella med å vere på etterskot no igjen, finn eg inga unnskyldning for. Kommunen har ikkje fylgd opp flugesaka godt nok, det tek me sjølvkritikk for. Sjølvsagt skulle me vore tidlegare ute og kontrollert om drivarane av pelsdyrgardane fylgjer krava og retningslinjene for gjødselhandtering inkludert å spraye den. Krava har vist seg å fungere når dei blir halde til punkt og prikke, seier rådmannen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Både du, landbruksrådgjevaren og ordføraren er no meldt til politiet?

– Eg berre tek det til etterretning. Eg har alltid hatt forståing for at det kjem reaksjonar frå innbyggjarane på alle flugene, svarar Sæter torsdag føremiddag.

Seinare på dagen vil han ringe styraren i Haugsjåsund barnehage om kor stor flugeplaga er og om ein kan ha barna der.

– Kan du ringe styraren no, spør VTB, der me sit på kontoret til rådmannen.

Han svarar ja momentant, slår på tråden og får tak i styraren, som svarar at det har kome ein del fluger innandørs.

– Du som er styrar, synest du det er uansvarleg å ha det slik det er i dag, spør rådmannen. Han får til svar at det er det ikkje slik situasjonen er no.

Rådmannen har fått tilbakemelding frå landbruksrådgjevaren at han har sagt ifrå til pelsdyrdrivarane at dei må sette inn tiltak mot flugene. Vidare skal landbruksrådgjevaren ha kontroll i pelsdyrområdet komande tysdag. Plutseleg byrjar rådmannen å vri seg i stolen:

– Det brenn meir under beina mine enn som så at ein skal vente til tysdag med å ha kontroll. Eg køyrer ned til pelsdyrområdet med ein gong for å sjekke om gjødsel er fjerna, om det er hengt opp flugetråd og om det er sprøyta, seier Sæter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etterpå seier rådmannen dette om det spontane besøket i pelsdyrområdet:

– Eg er ikkje fagmenneske nok til å handtere ei slik motsetning som det er i flugesaka. Det er fluger i Haugsjåsund, og eg fekk inntrykk i dag at pelsdyrdrivarane gjer så godt dei kan. No er det veldig viktig at landbrukskontoret kjem på banen.

– Har fylgd alle pålegga

Polakken Artur Janiec eig og driv éin av pelsdyrgardane i Haugsjåsund. Han inviterer gjerne folk til å kome og sjå på pelsdyrgarden sin.

– Eg har kalka, spraya gjødsla og hengt opp flugetråd. Eg har fylgd alle pålegga frå kommunen, og det gjer dei andre drivarane her også, seier Janiec.

Han er nokså fortvila over at det kjem klager på drifta.

– Me har bruka mange tusen kroner på tiltak mot flugene, og så får me klager heile tida. Me blir drit lei. Eg har ikkje kome til Noreg for å drive f...skap, seier Janiec.