Hans Morten Anundskås og Inge Mostøyl sjekkar staden der det var skogbrann mellom Froland og Strandstøyldalen i Tokke torsdag. Fredag var det litt røyk ein stad elles ok. Her slapp helikopteret 5 posar vatn før dei reiste vidare i går, opplyser Gunnar Reindal Øverland som har sendt dette bildet.

– Lyn og torevêr starta fleire brannar torsdag – etterslokkinga held fram fredag

Etterslokking av brannane i Grungedal, Froland, Kviteseid og fleire stader i Nissedal held fram. – Mannskapa har gjort ein kjempejobb, rosar brannsjef i Vest-Telemark, Tore Metveit.

Ein kjente tidvis røyklukta heilt til sentrum frå skogbrannen som var i området ved Heivatn/Brokefjell i Kviteseid kommune torsdag kveld.

Mannskap frå Kviteseid og Seljord brannvesen, Sivilforsvaret, Raudekrossen og andre friviljuge var med på slokkinga, og mange held framleis på med etterslokking i området fredag. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Natt til fredag var om lag 40 menneske med i arbeidet. Det vart nytta om lag ein kilometer med slange, og det er truleg om lag 150 høgdemeter opp til skogbrannen frå Heivatn. Slokkeutstyret vart frakta inn med båt til skogbrannen som starta i fjellsida opp mot Brokefjell. 12-15 mål har truleg gått med i denne skogbrannen, seier Trond Brekke frå Kviteseid brannvesen. 

– Etterslokkinga i Kviteseid vil truleg halde fram til ut på fredagskvelden, brannsjef i Vest-Telemark, Tor Metveit.

Han opplyser at etterslokkinga held fram i Nissedal kommune på skogbrannane i Heimdal – Bjønntjønn-området og i Tveitheia. – Her vil me truleg vere ferdig med etterslokking fredag ettermiddag, seier Metveit og legg til at etterslokking av brannane i Grungedal og Froland også vil vere gjort i løpet av fredag ettermiddag. 

Kviteseid brannvesen måtte bruke båt inn Heivatn for å frakte slangar og anna utstyr inn til skogbrannen i foten av Brokefjell.
Kviteseid brannvesen måtte bruke båt inn Heivatn for å frakte slangar og anna utstyr inn til skogbrannen i foten av Brokefjell.
Torsdag vart det skogbrann mellom Tveiten og Grungedal på toppen av lia ovanfor Langenes.
Torsdag vart det skogbrann mellom Tveiten og Grungedal på toppen av lia ovanfor Langenes.
Då det vart skogbrann i Heimdalsheia i Treungen fekk brannmannskapa hjelp frå helikopter til slokking.
Då det vart skogbrann i Heimdalsheia i Treungen fekk brannmannskapa hjelp frå helikopter til slokking.

– I tillegg til skogbrannane fekk brannmannskapa i Nissedal også ein hyttebrann på Telehove på Gautefall torsdag kveld, det var ikkje knytt til skogbrann, men ei eiga hending, seier Metveit.

– Me har hatt tre brannar i Nissedal i dag, det tok mellom anna fyr i ein trafostasjon. No har brannmannskapa i Nissedal fått reise heim for å kvile seg. Skogbranntroppen i Vest-Telemark er på plass for etterslokking der, opplyser Metveit. 

Det har vore strie dagar for brannmannskapa rundt om i regionen med mange brannar dei siste dagane. 

Nå håpar brannsjefen at metereologane tar feil, og at det ikkje blir torevêr og fleire lynnedslag. 

– Brannmannskapa og alle som har hjelpt til har gjort ein formidabel innsats, dei gjer ein kjempejobb. Men nå begynner det å bli slitasje på folka, så me håpar at det ikkje blir fleire brannar no, avsluttar brannsjefen.