Halvor Sanden Brenne, Knut Straand Olsen, Torje Grestad, Sindre Edvartsen og Olav Olavsson Kåsa. Bak frå venstre: Åsmund Kvålseth, Attal Sadaat, Halvor Berge Haugan og Sven Bakken Braun.
Halvor Sanden Brenne, Knut Straand Olsen, Torje Grestad, Sindre Edvartsen og Olav Olavsson Kåsa. Bak frå venstre: Åsmund Kvålseth, Attal Sadaat, Halvor Berge Haugan og Sven Bakken Braun.

Knepent tap i semien

Kviteseid G13 er ute av Norway Cup etter å ha tapa 1-2 mot Bergen Nord i semifinalen i B-sluttspelet.

Etter ein kalassiger mot Rival SK og to knipne eittmålstap mot høvesvis Sotra og BESA FC i gruppespelet, blei det B-sluttspel for gutar-13 laget til Kviteseid på Norway Cup. Der har dei gjort sakene sine godt, i dag til morgonen vann dei 2-1 mot Tønsberg FK, og er med det klare for semifinale i kveld. Her blei det tap 1-2.

Om kvartfinalen:

Artikkelen held fram under annonsen.

– I første omgang gjekk det litt trått, Tønsberg klarte å frustrere oss, og spelarane hang litt med hovudet, fortel lagleiar Morten Brenne.

Trass i frustrasjonen var Kviteseid reint resultatmessig i aller høgste grad med i kampen. Stillinga var 1-1, etter at Sindre Edvartsen hadde utlikna for kvittrøyene.

– I løpet av pausen fekk spelarane mykje positivitet tilbake, Sindre skåra sitt andre for dagen, og me heldt 2-1-leiinga ut kampen. På slutten var me litt heldige då Tønsberg skaut i stolpen, refererer Brenne.

Han sa dette før semifinalen:

– Eg trur det kan bli ein tøff kamp, Bergen hadde ei tøff gruppe og dei er visstnok eit godt lag. Me har vore litt uheldige, med ein spelar som er usikker før siste kampen, og ein som er ute med skade, seier Brenne.

– Men, me har eit godt lag me også, og ein veldig god trenar i Ralf Braun, spesielt det taktiske er han veldig flink på, kyter Brenne.

Uavhengig av resultat i kveldens kamp, er Kviteseid sett opp til ein kamp til, om det blir finale eller bronsefinale vil vise seg.

Om ein vil fylgje med på korleis det går i semifinalen, blir resultata lagt ut påturneringas heimesider fortløpande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei resterande laga frå Vest-Telemark har alle blitt slått ut, men meir Norway Cup-stoff kjem både i papiravisa og på nett i morgon.