– Det er ikkje mindre enn ei skandale om det ikkje blir passkontor i Vest-Telemark, seier Olav Urbø,  vikarierande stortingsrepresentant frå Telemark Sp.
– Det er ikkje mindre enn ei skandale om det ikkje blir passkontor i Vest-Telemark, seier Olav Urbø, vikarierande stortingsrepresentant frå Telemark Sp.

Framlegg om å leggje ned i Seljord

Politimeistrane har no kome med sine tilrådingar om kva passkontor som bør leggjast ned. – Misforståtte innsparingar, seier Olav Urbø.

På lista over passkontor som er føreslege nedlagt er altså Seljord. I Telemark elles er også passkontora i Kragerø og i Bamble føreslege lagt ned.

Politimeistrane i landet har på oppdrag frå Politidirektoratet kartlagt kvar dei meiner ein skal utferde pass dei komande åra. No har dei føreslege å stengje nesten halvparten av alle passkontora som er operative i dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er rett og slett dårleg politikk, ikkje minst samfunnsøkonomisk. Det kan virke som om dei undervurderer kostnadane og ulempene dette vil føre til for folk til dømes i Vest-Telemark. For næringslivsfolk er det slik at dei gjerne må ha dobbelt sett med pass for å kunne få visum. Dette er små utgifter for staten, men store utgifter for miljøet og den enkelte innbyggjar, seier Olav Urbø, vikarierande stortingsrepresentant frå Telemark Sp.

– Så lenge det heller ikkje er passkontor i Åmot, betyr dette at vesttelane eventuelt må til Notodden for å få pass. Dette er ikkje mindre enn ei skandale, seier Urbø.

Han er litt usikker på den vidare saksgangen, men han fryktar at Justisdepartementet kan avgjere saka.

– Det kan vere at kriteria ligg i RNB, revidert nasjonalbudsjett, og at det derfor berre blir som ei orienteringssak til Stortinget. Dette vil eg sjekke opp og kome attende til, men eg er uroleg dersom saka er delegert til departementet, avsluttar Urbø.

VTB fekk denne informasjonen like før me gjekk i trykken, og det har ikkje vore mogleg å få andre involverte i tale.