Den skada hadde dotte og slått seg – ikkje blitt skoten

Det opplyser ein av jaktlagkameratane som var på staden.

Ved sekstida onsdag ettermiddag fekk politiet melding om at ein mann hadde blitt skada på ein jakttur ved Bitdalsvatnet. Ulykka fann stad rett etter klokka fem. 

Hjelpemannskap måtte ta seg innover fjellet til fots i det dårlege vêret. Ambulansehelikopteret fekk ikkje lande, og Seaking-helikopteret måtte òg vente fleire timar før vêret var godt nok til å ta seg inn til hytta. Helsepersonellet var framme ved hytta rundt klokka ti. Til slutt fekk Seaking-helikopteret henta han, og han blei flogen til Ullevål sjukehus like etter midnatt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då politiet starta Twitter-tråden om ulykka i Rauland onsdag, stod det i fyrste melding at det handla om ei skyteulykke. I siste Twitter-melding klokka 00.30 skriv dei at skadeomfanget og kva som har skjedd ikkje er kjent.

I går ettermiddag skreiv NRK Telemark at ulykka etter det dei kjente til hadde vore ei fallulykke.

Kameratane reagerte

Jaktlaget som var på hytta, ein gjeng på fem frå Oslo-området, kan bekrefte at det var eit fall. Dei har i ettertid reagert på at ulykka blei omtala som ei skyteulykke. 

– Det var det ikkje. Det presiserte me då politiet kom inn til hytta med eit lag frå ambulansetenesta, fortel Truls Vaa, ein av jaktkameratane til den skada.  

Han forklarar hendinga slik:

– Han sklei på ein stein og snubla i ura, og slo seg stygt i andletet. Det blødde mykje, så han mista mykje blod på dei timane me venta. Men han tok seg tilbake til hytta på eiga hand frå ein stad ute i jaktterrenget, ein gåtur på om lag ein kilometer. Det var ein heilt utruleg kraftprestasjon.

Han fortel at kameratane forstod at det var noko alvorleg, for den skada ropa og skreik. Den skada visste kva han måtte gjera for å hjelpe seg sjølv, han heldt seg vaken og stoppa blødingane som best han kunne.

– Ein av oss fann ein nut der det var mobildekning, og fekk kontakt med AMK. Han sat på den nuten i seks-sju timar fram til Seaking-helikopteret kom og henta han. Han var bindeleddet til omverda, og gjorde ein flott jobb. Det er ikkje enkelt å kome seg fram til staden, då det er veldig bratt og fullt av ur, samt mykje stigning, seier Vaa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vaa fortel at den skada, ein mann i 60-åra, etter forholda har det bra no.

– Han har vore gjennom ein operasjon, og det går bra no.