Bil køyrde av vegen på slapseføre i Øyfjell

Det er glatt og «slapseføre» i Vest-Telemark melder politiet, noko som resulterte i at ein bil hamna av vegen, og to personar blei tekne hand om av ambulansepersonell i Øyfjell måndag.

To personar vart henta av ambulansen etter at ein personbil køyrde av vegen ved Vik i Øyfjell måndag ettermiddag, melde politiet på Twitter. 

Politiet skriv også at det er glatt og «slapseføre» på vegane i Vest-Telemark i ettermiddag.

Artikkelen held fram under annonsen.

#Vinje14:45 Trafikkulykke på Vik Øyfjell. En bil har kjørt av veien. Nødetatene til stedet.

— Politiet i Sør-Øst (@politietsorost)3. desember 2018