Kjetil Straume blei med på turen i nynorskkommunen Fyresdal.
Kjetil Straume blei med på turen i nynorskkommunen Fyresdal.

Fyresdal

Korleis står det eigentleg til med nynorskbruken i Vest-Telemark? I Fyresdal fekk me hjelp av Kjetil Straume for å sjå nærare på saka. Og me fann litt av kvart ...

Nynorskkommunen

VTB sjekkar bruken i Vest-Telemark – kommune for kommune

Fyresdølen Kjetil Straume blei født i Lunde, voks opp med bokmål i heimen og fekk opplæring i nynorsk frå 1. klasse. Etter studiar i Oslo, har Fyresdal vore heimstaden hans frå 1976. Tjue år seinare bygde han og familien hus i Åslandsgrend, der Kjetil og kona er busett i dag.

– Eg har forfedrar i Fyresdal før 1620, har Kjetil funne ut.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Så då kan du vel kalle deg ekte fyresdøl?

– Språkleg er eg ikkje ekte fyresdøl. Eg brukar både nynorsk og bokmål, og har knotedialekt. Eg skriv temmeleg korrekt nynorsk, men konservativt. Å bruke heit som til dømes i moglegheit er bare tull og misfoster. Men å skrive gjeng og stend likar eg, svarar Kjetil.

– Kva med skilt, informasjon og anna i Fyresdal kommune?

– Då må ein bruke standardisert nynorsk, for der skal du vende deg til alle. Det må vere ein god og grei bruk av nynorsk, svarar Kjetil.

Genialt

Me er klare for ein køyretur i kommunen for å sjå på målbruken. Kva ventar oss rundt omkring?

– Er det så mange skilt her i kommunen som er mogleg å bomme på, undrar Kjetil.

– Det er ikkje rett å ha bokmålsskilt i nynorskkommunen Fyresdal, held han fram.

– Kva med dialektbruk?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det likar eg der det er på sin plass, men dialekt er ikkje naturleg på offentlege skilt, svarar fyresdølen.

Me har køyrd nordover fylkesvegen og tatt turen inn til ei lita grend. På ein løevegg står det «Førsdalshøns. På pinne for deg!».

– Genialt. Slik skal det gjerast i privat verksemd i bygda, seier Kjetil.

Ved innkøyringa til sagbruket på Veum står det eit skilt om handlaft.

– Fyrsteklasses, seier Kjetil om at ein ikkje har falle for freistnaden å skrive håndlaft.

I øvre enden av Fyresdal kallar ei verksemd seg Aktiv lek.

– Dette er eit firma som i hovudsak vender seg til kundar heilt andre stader enn her. Men dei kunne kalla seg Aktiv leik, det hadde ikkje vore problem. Og det ville vore eit pr-moment, noko uvant. Det legg folk merke til, seier Kjetil.

Original vri

På veggen til eit bygg der ei verksemd held til på industriområdet Molandsmoen står skiltet «FYRESDALTR ». E

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein original vri og god design. Den er fin og noko eg har gått og fryda meg over mange gonger. Det er så lite som skal til, seier Kjetil.

Me er på vestsida av Fyresvatn, og stoppar ved eit skilt der det står Røykjenessteinen.

– Røykje er eit godt ord og heilt i pakt med måten stadnamnet blir sagt på, seier Kjetil.

Like ved steinen er ei informasjonstavle sett opp av Fyresdal E sogelag i 1991. Der står det røykenessteinen.

– Det manglar ein j, men då kritiserer eg meg sjølv for eg er med i sogelaget. Men storarta at sogelaget har sett opp informasjonen, seier Kjetil.

Kulturell oppleving

Ved Gimle skule står det eit skilt der det mellom anna er brukt ordet symjehall. Kjetil synest heile skiltet er perfekt.

– Dette må du kunne vente av ein skule, seier han.

Inne i butikken til syskena Linda og Øyvind Aas har Kjetil sett god bruk av nynorsk på fleire plakatar. Andre innslag han gler seg over etter å ha flytta seg inn i tjukkaste sentrum er:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Gåvebui. Og så står det blomar. Eksemplarisk, seier Kjetil.

Eit anna innslag han synest er blant dei aller beste på turen, er inne på Sporten Fyresdal. Der er det oppslag om «Livans makk på bøks».

– Slike bør det vere fleire av. For dei som kjem utanfrå er dette ei kulturell oppleving, seier Kjetil.

Sigrunn Vik Skomdal i sportsbutikken seier dette om oppslaget:

– Eg bare skreiv det slik for det var så naturleg. Fleire og helst utanbygdes har kommentert det og synest det er veldig moro. Eg hadde ikkje trudd det skulle vere det.

Ho skriv litt dialekt i annonseringa. – Men eg er litt redd for at folk ikkje skal forstå det.

Likevel kjem det nok fleire variantar framover.

– Bare vent, seier Skomdal med eit smil.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mykje bra

Utanbygdes eigarar har valt å kalle det tidlegare hotellet for Fyresdal kurs og leirsted.

– Sidan det ligg i Fyresdal kunne dei påspandert seg å bruke leirstad, seier Kjetil.

Vel tilbake i heimen hans i Åslandsgrend er det tid for ei oppsummering.

– Turen synte mykje prisverdig. Me såg mykje bra og nokre feilskjer. Dei feilskjera eg la mest merke til er kommunale, seier Kjetil, og tenkjer mellom anna på skiltet «Gjelder ikke varetransport» som står ved samfunnshuset.

Genialt. Slik skal det gjerast i privat verksemd i bygda.

– Det offentlege skal i prinsippet nytte nøytral nynorsk på skilt. Men det er festleg om kommunen internt brukar dialekt, det er bare sjarmerande, seier Kjetil.

Me fann private skilt med dialektinnslag.

– Dei kunne det gjerne vore fleire av, ynskjer Kjetil seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Språkvask

Me ser innom dei fem siste aktuelle sakene som er omtala på heimesida til Fyresdal kommune.

– Det er bra, dette, veldig greitt, seier Kjetil om bruken av nynorsk.

Heimesida til den kommunaleigde attføringsverksemda Telemark Lys er han også nøgd med, ser ein bort frå somme feil i rettskrivinga. Kva så med sida til Momrak verkstad?

– Den likar eg. God nynorsk heile vegen, konkluderer Kjetil.

På facebook-sida til den lokale Spar-butikken er det også god nynorsk. Så var det sida til Joker ved Molandsmoen:

– Butikken brukar dialekt som kulturelt element. Kjempeflott, heilt supert, seier Kjetil.

Han er også nøgd med ein turistbrosjyre laga av Fyresdal kommune, etter å ha gått gjennom denne. Og informasjonen på båe sider av eit ark om Moland kulturminneløype står til meir enn godkjent.

– Dette er mykje betre enn du finn i mange andre tilfelle. Her må det vere nokon lokale folk som har stått for språkvasken, seier Kjetil.

Før me tek farvel er det eitt spørsmål som må stillast. Korleis få rette på skilt og anna som er på bokmål?

– Ein må be om å få produsert skilt på rett språk på rett stad, svarar Kjetil Straume.

Dei feilskjera eg la mest merke til er kommunale.