Ungdom kan vere sårbare. Dei er meir impulsive. Og har mindre livserfaring til å handtere vanskar.

Gunnar blei bare 15 år

Han var ein av dei som blei lagt merke til i bakken. Gunnar var vågal, hoppa høgt og gjorde spektakulære triks.

Publisert Sist oppdatert

Helga før han døydde hadde han vore på Gautefall, saman med venene. Han hadde klart eit nytt triks – kom fornøgd heim, og fortalte at han hadde blitt kalla «Kongen over dei unge på Gautefall».

Treng du nokon å snakke med:

Treng du akutt hjelp: 113

Kirkens SOS: 22 40 00 40

Mental helse: 116 123

Mental helse har også ein chat: mentalhelse.no

Chatteneste for ungdom: mentalhelseungdom.no

Du kan også ta kontakt med fastlegen din.

Tysdagen etter tok han livet sitt.

Det er over tjue år sidan.

– Men ein blir aldri ferdig med tapet av eit barn, seier Astrid og Bjørn Leirvik.

Aktiv og sosial

På eit av bileta familien har på veggen heime i Treungen smiler Gunnar breitt. Det er frå påska 2001. Då vann Gunnar ein big jump-konkurranse på Gautefall.

Premien var eit tre dagars opphald på Stryn sommarskisenter. Dit reiste han saman med faren Bjørn.

Thov Øye Sanden kom på andreplass. Han var eitt år eldre enn Gunnar.

Dei to hadde kjent kvarandre sidan barnehagen og delte lidenskapen for snowboard.

– Gunnar var ekstremt god. Heilt spesiell, fortel han.

Påska 2001: Thov Øye Sanden (t.v.), Gunnar Leirvik og Kjetil Øi var mykje i bakken på Gautefall, og kom på første, andre og tredjeplass i ein big jump-konkurranse påska 2001.

Thov hugsar Gunnar som leiken og livsglad. Som ein sosial og triveleg type, som det var fint å vere saman med. Dei var aktive. Spela fotball og sykla. I tillegg til snowboard var dei også interessert i skating. Og i den gamle lokstallen i Treungen, der pipo leikeland held til i dag, bygde fleire av ungdommane seg skateramper på denne tida.

Gutane i Treungen hadde også oppdaga TV-programmet Jackass på MTV. Programmet gjekk ut på å prøve ut ulike stunt.

– Og det dreiv dei mykje med. Det var veldig moro, ler Thov.

Bygde skatepark: Thov Øye Sanden (f.v.), Gunnar Leirvik, Tor Egil Fjalestad, Rune Lauvdal og Fredrik Perry var blant skaterane i Treungen. Ein laurdag dressa dei seg opp for å ha lotteri på Prix. Dei fekk inn 5.000 kroner denne dagen, som dei seinare bruka til å utvide den heimesnekra skateparken i lokstallen.

Johan var to år eldre enn Gunnar. Og dei to brørne hadde alltid vore mykje saman. Gunnar var inkluderande, og artig å vere saman med.

– Han var min beste ven, seier Johan.

Hausten 2001 flyttar den eldste av Leirvik-gutane til Kvitsund for å gå på vidaregåande. Gunnar er på besøk og overnatter på internatet ei helg, og dei to brørne har det triveleg saman når Johan er heime i helgene. Men det er ikkje så ofte han er heime dette halvåret. Han trivst så godt på internatet, har fått seg nye vener, og ser ikkje så stor grunn til å reise heim til Treungen.

I ettertid har Johan tenkt ein del på dette, om Gunnar ville fortalt noko til broren om det som plaga han, om han hadde vore heime.

For sjølv om dei to gutane var mykje saman, og hadde ein nær relasjon, kan ikkje Johan hugse at dei snakka om kjensler, eller vanskelege ting.

– Eg trur ikkje eg gjorde det med nokon jamgamle i Treungen, seier han.

Jola 2001: Familien Leirvik klare for jolefeiring. Bak f.v. Bjørn, Johan, Gunnar og Astrid. Framme f.v. er dei to yngste brørne Andreas og Øistein.

Ulykka

Johan er 17 år og går i første klasse, denne tysdagen i februar, når rektor kjem bort til han og seier at foreldra hans kjem til å kome, og at det derfor er bra om han held seg på rommet sitt.

Han vart ikkje så bekymra då, men ringer heim for å be dei om å ta med ei bok han treng til eit skuleprosjekt.

Det er broren Øistein som tek telefonen. Johan hugsar ikkje så mykje frå samtala, berre orda: «Gunnar er nesten død». Så kjem faren i telefonen, fortel at det har skjedd ei ulykke, og at dei kjem for å hente han.

Det tek ein time å køyre frå Treungen til Kviteseid, og Johan var aleine denne timen, då han venta på at familien skulle kome. Han trudde det hadde skjedd ei trafikkulykke. Han såg for seg at broren kunne blitt påkøyrd då han kryssa riksvegen han måtte over for å kome seg heim frå skulen.

At det kunne vere sjølvmord tenkte han aldri på.

Når faren og dei to yngste brørne på 8 og 11 år kjem fram til Kvitsund, får Johan høyre kva som har skjedd. Saman køyrer dei til sjukehuset i Skien, der broren ligg hardt skadd etter sjølvmordsforsøket.

Gunnar ligg på sjukehuset nokre dagar før han døyr.

Johan er der saman med familien, men er også litt tilbake på Kvitsund for å vere med venene der. Han har lenge eit håp om at det skal gå bra. Ber til Gud.

I ettertid har han vore takksam for at han fekk desse dagane til å venne seg litt til tanken på å miste broren.

Eit sjokk

Ifølgje folkehelseinstituttet tok 265 personar under 40 år livet sitt i Noreg i fjor, 37 av dei var under 19. Det gjer sjølvmord til den hyppigaste dødsårsaka blant unge.

Anne Freuchen er ei av dei som har forska på sjølvmord blant unge. I arbeidet med ei doktorgradavhandling intervjua ho 42 foreldrepar til barn som hadde tatt livet sitt. Blant dei var foreldra til Gunnar

Eit av funna til Freuchen var at det kan vere vanskeleg å sjå fareteikna i forkant når born tek livet sitt.

Også seinare forsking viser dette.

Foreldra til Gunnar visste at han var følsam, men hadde ikkje sett teikn til at han var deprimert, eller at han hadde psykiske vanskar. At han tok livet sitt kom som eit stort sjokk.

– Det er for seint

Kameraten Thov, som fortel så levande om skating, snowboard og stunt, hugsar ikkje så mykje frå tida etter at Gunnar døydde. Han trur han besøkte han på sjukehuset, men klarer ikkje heilt å skilje frå kvarandre kva som har skjedd, og kva han har drøymt.

– For eg har drøymt veldig mykje om dette, fortel han.

Thov hugsar dei vaksne, som prøvde å få ungdommane til å prate om det som hadde skjedd. Han hugsar at han ikkje visste kva han skulle seie.

– Det var veldig uforståeleg, seier han.

På Kvitsund kjem vaksne med orkidear og blomar til Johan. Og sjølv om ein kan tenke seg at blomar ikkje er det ein 17 åring på internat ynskjer seg, så set Johan pris på alle som vågar å ta kontakt. Han kjenner på ei stor omsorg, både frå medelevar og tilsette.

– Å gå på ein skule med 180 elevar, og kjenne at alle bryr seg. Det var veldig sterkt og godt for meg, seier han.

Johan er glad for at det både var rom for at han kunne sørgje, men også for at han kunne ha det gøy og le saman med venene, og meiner det er ei av årsakene til at han kom seg gjennom dette.

– For det har gått bra med meg, seier han.

Johan har tenkt mykje på foreldra, som i tillegg til å skulle handtere si eiga sorg også skulle ta vare på tre born, i ulik alder, og med ulike behov. Han tenkte det då, og har kanskje tenkt enda meir på det seinare, at dei gjorde det på ein veldig god måte.

– For dette må vere noko av det vanskelegaste ein kan oppleve som foreldre, seier han.

For Astrid og Bjørn er det spørsmålet kvifor som gjer mest vondt. Og tanken på kva dei kunne gjort for å forhindre sjølvmordet.

Det er særleg ei setning dei har tenkt mykje på i ettertid.

For etter at Gunnar kom heim frå Gautefall, etter at han hadde fått til det nye trikset, og dei andre hadde kalla han for «Kongen over dei unge på Gautefall», så spurde han Astrid: «Kvifor skal eg leve om eg ikkje har det gøy?»

Astrid tok ikkje dette som eit teikn på at sonen hadde sjølvmordstankar, men har i alle år etterpå tenkt at ho skulle ha stoppa opp ved dette. Undersøkt betre. Spurt han meir direkte.

– Eg skulle så gjerne tatt han på fanget, halde rundt han.

Ho innser at det ikkje er vits i å tenke slik.

– Det er for seint, seier ho.

Psykologisk ulykke

Fredrik A. Walby, som er psykolog og forskar og jobbar ved nasjonalt senter for sjølvmordsforsking- og førebygging, seier det er naturleg at ein leiter etter årsaksforklaringar, og ting ein kunne sett eller gjort annleis når unge tek livet sitt. Men meiner det i dei aller fleste tilfelle er umogleg å skulle føreseie eit sjølvmord hos unge. Han understrekar at det er ekstremt sjeldan at born tek livet sitt, og at det derfor alltid vil kome som eit sjokk.

Han ser at risikofaktorar kan vere til stade, men at dei ofte er mindre uttalte og tydelege hos unge som tek livet sitt, enn hos vaksne. Ungdom er også meir sårbare, fordi dei er meir impulsive og har mindre livserfaring til å handtere vanskar. Derfor kan konfliktar og mindre hendingar få store konsekvensar og føre til det Walby kallar ei psykologisk ulykke.

– Og dette kan vere prosessar som kan gå veldig fort, seier han.

Det kan vere noko som plutseleg har blitt vanskeleg.

Tenker på kven han hadde blitt

Astrid og Bjørn tenker mykje på korleis livet kunne blitt. Korleis Gunnar hadde utvikla seg? Kven han hadde blitt?

Må vise at me bryr oss: Johan meiner det er viktig å vise at ein bryr seg, for å førebyggje sjølvmord. – Folk må vite at dei vil bli sakna, seier han. Her er han saman med sonen Mathias på tolv år.

Johan har sjølv blitt far. Han skulle ynskje at sonen Mathias på tolv hadde fått oppleve Gunnar som onkel. Han saknar broren, som ein ven, og lurer på korleis relasjonen hadde vore mellom dei i dag.

Han meiner det er viktig å vise at ein bryr seg, for å førebyggje sjølvmord.

– Folk må vite at dei vil bli sakna.

Thov meiner det er viktig å lære gutane å snakke om det som er vanskeleg.

– Ting kan bli store om ein går med dei aleine, seier han.

Han står fortsatt mykje på snowboard, og fortel at barndomskameraten har vore til inspirasjon.

– Eg tek det litt seriøst, det å leike meg. Og står litt på snowboard for Gunnar og.

Tek leik på alvor: Thov tek leiken på alvor, og står litt på snowboard for Gunnar også.
Me må snakke om det som er vanskeleg: Thov meiner det er viktig at ein snakkar om det som er vanskeleg.– Ting kan bli store om ein går med dei aleine, seier han.

– Me er sårbare og kan bere på meir enn det ein kan sjå

Astrid og Bjørn har erfart at sorgarbeid tek mykje krefter.

Og lang tid.

Og sjølv om dei også er glade i ski og snø, så er ofte vinteren litt vanskeleg.

– Eg blir alltid litt lei meg når den fyrste snøen kjem, seier Astrid.

Den minner om Gunnar som var så glad i vinteren.

Sorga kjem og går: – Eg trudde aldri eg skulle bli glad igjen, seier Bjørn. Seinare har han erfart at ein kanskje kan bli ekstra merksam på gleder når ein har opplevd så stor sorg. Dei finn mykje glede i å vere ute i naturen. – Me har også mykje å gle oss over, seier Astrid.

Dei meiner det er viktig å vere tett på dei unge, og delaktige i det dei driv med. Og dei trur det er viktig å hjelpe, kanskje særleg gutane, til å finne eit språk for det som kan vere vondt og vanskeleg.

Særleg meiner dei det kan vere viktig i møte med dei som kan virke litt tøffe og harde. Fordi det ofte kan liggje noko sårt under. Astrid er oppteken av at ein må våge å spørre, og vere direkte om ein er bekymra for nokon.

– Me er sårbare og kan bere på meir enn det ein kan sjå, seier ho.

Slik har VTB jobba med denne saka:

Fakta og talgrunnlag i desse sakene er utarbeida av Samarbeidsdesken, eit journalistisk fellesprosjekt mellom Landslaget for lokalaviser (LLA), Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) og NRK.

Tala gjeld dei siste 15 åra, frå 2009-2023. VTB ser Vest-Telemark under eitt og har ikkje brote tala ned på kommunenivå.

Powered by Labrador CMS