Snø på Rauland
Onsdag vart det comeback for vinteren fleire stadar i Vest-Telemark. Denne bilen snør ned på Rauland.

Tysdag var sommaren her. Så kom vinteren tilbake

Tysdag var det sommarstemning i heile Vest-Telemark. Onsdag vart det kvitt.

Publisert Sist oppdatert

Ifølge yr var det tysdag 21,3 grader på Rauland. Onsdag var snømengden 5,1 centimeter. Og Rauland er ikkje den einaste bygda som fekk ein smakebit av kong vinter etter ein varm og tørr periode. I Høydalsmo var det godt og varmt tysdag med 22,4 grader. Onsdag kveld er det berre ein varmegrad og nedbør. 

Kvitt og slapsete var det også i Eidsborg og over over Stavelihei.
Powered by Labrador CMS