
Som liten spelte Magne mykje fotball. Det tok han til øvste liga både i Noreg og Danmark
Magne Sturød har spelt på alle nivå i norsk fotball. Det var gleda og leiken som gjorde at han nådde både den norske Tippeligaen og Superligaen i Danmark.
– Eg byrja veldig tidleg, fortel Magne.
Fram til han var åtte år budde Magne og familien i Koppang i Østerdalen. Der oppdaga han fotball. Og når familien flytta til Ulefoss var det fotball som gjaldt der også. Magne spelte mykje, både aleine og saman med dei andre ungane på løkka. Det var morosamt å leike med ball og sosialt å henge og spele saman med dei andre.
– Det var nok mindre organisert aktivitet, og meir på løkka enn det er nå, trur Magne.
Kompisgjengen som kom til Tippeligaen
For Magne var det ikkje den store draumen om å bli fotballproff som var drivkrafta. Det var berre veldig moro å spele, å leike med fotballen. Også når han var 15-16 år heldt han på, berre fordi det var moro. Framleis hadde han ingen planer om at fotballen skulle bli ein fulltidsgeskjeft.
Men han spelte mykje. Då han var rundt fjorten spelte han på gutelaget, juniorlaget og A-laget heime i Ulefoss.
– Då byrja det å bli mykje. Men det var berre fordi eg hadde veldig lyst, og syntest det var moro.
Det vart nokre år med Ulefoss, før han gjekk over til Skarphedin. På den tida var Dag-Eilev Fagermo trenar for Skarphedin, laget spelte i 3. divisjon og rykka opp til 2. divisjon. Magne gjekk på idrettslinja på Bø vidaregåande, og vart i Skarphedin eit par år.
Så tok Sandefjord kontakt. Dei spelte då i 1. divisjon og tok stadige steg mot å bli ein meir profesjonell klubb, og dei ønskte seg midtbanespelaren frå Ulefoss. Magne flytta til Sandefjord og vart ein del av klubben då han var rundt 20 år. Fem sesongar vart han der, og fekk vere med på utviklinga av klubben som i 2005 for fyrste gong tok seg opp til øvste nivå i norsk fotball, Tippeligaen som i 2016 endra namn til Eliteserien.
– Det var veldig moro i Sandefjord. Miljøet var kjempefint, me var ein kompisgjeng som spelte fotball saman.
På denne tida var det fotball på fulltid for Magne. Litt anna jobb var det innimellom.
– Det var ikkje fett, men til å leve av. I staden for å vere fattig student var eg fattig fotballspelar, smiler Magne.
Til dansk Superliga
Å vere ein del av utviklinga som skjedde i Sandefjord var moro, men Magne spelte aldri saman med laget i Tippeligaen. Før den tid kom det nemleg ein telefon frå Danmark. Topplaget Odense hadde følgt med på midtbanespelaren i Sandefjord.
– Det var veldig moro, og litt rart at dei hadde følgt med.
Magne smiler, og fortel at han ikkje kunne seie nei til tilbodet frå Odense som spelte på øvste nivå i Danmark, Superligaen.
– Odense spelte også i Mesterligaen så eg spelte ein del kampar, men vart aldri etablert i fyrste 11'eren.
Året etter fekk han eit nytt tilbod. Denne gongen var det Horsens som var interessert. Ein mindre klubb enn Odense, men også Horsens spelte i Superligaen.
– Men då byrja eg å slite med skader. Eg spelte, men med bremsen på.
Magne var då 27 år og fleire belastningsskader meldte seg. Tida i Horsens vart litt nedtur. Nivået var såpass høgt at om han skulle få speletid måtte han levere sitt beste.
– Det var veldig frustrerande. Eg var ikkje god nok til å vere på 90 prosent.
Gleda over spelet

Turen gjekk heim igjen til Noreg. Trond Nordlie, som tidlegare var trenar i Sandefjord, var på denne tida trenar for Kongsvinger og ønskte seg Magne dit. Magne var klar for spel i Noreg igjen, men hadde skikkeleg uflaks på sin aller siste trening i Danmark. Og brakk beinet.
Den fyrste tida i Kongsvinger vart derfor ikkje saman med laget på banen, men prega av mykje opptrening etter beinbrotet. Sesongen etter var han klar igjen, og eit halvt år gjekk det bra. Så byrja belastingsskadene å kome tilbake.
– Då var motivasjonen borte, fortel Magne.
Å drive med fotball på dette nivået tok mykje tid og var krevjande for kroppen. Han byrja å tenke på eit liv etter fotballen. Å drive med fotball på høgare nivå var heller ikkje det same som å leike med ballen på løkka eller spele saman med kompisgjengen i Sandefjord.
– Når ein kjem opp på eit visst nivå forsvinn litt av gleden.
Magne reiste heim igjen til Ulefoss. Fotballskoa vart ikkje parkert, i staden byrja han å spele for gamlelaget. Med breiddefotballen kom gleda over spelet tilbake, og det vart meir leik og moro igjen.
– Så eg har spelt på alle nivå i norsk fotball. Eller bortsett frå 8. divisjon som dei har berre i Oslo.
Fotball har han nå slutta heilt med. Kroppen er i dag litt prega av mange år med fotball på høgt nivå, men han kan stort sett gjere det han har lyst til. Det siste halvtanna året har Magne jobba som økonomisjef i Tokke kommune.
Og det var eigentleg aldri ein stor draum eller eit mål å bli fotballproff.
– Det skjedde berre. Fordi eg syntest det var gøy.
– Har du tips til unge fotballspelarar som har lyst til å bli skikkeleg gode?
– Det er vel å ha det gøy og drive med forskjellige ting. Og så er det berre å halde på, og så kjem ein sjølvsagt til eit visst nivå der ein må vere meir strukturert. Men det er viktig å ha med seg gleda.