
Jublar for nominasjon til nasjonal pris for godt ungdomsarbeid
Telemark fylkeskommune har nominert Nissedal kommune til «Årets ungdomskommune 2025».
Tidlegare var Nissedal prega av ulike utfordringar knytt til mellom anna rus, mobbing og låg deltaking i organiserte fritidsaktivitetar. Mange ungdommar gav uttrykk for at dei ikkje var tilfredse med lokalmiljøet sitt, og det var ei uro for trivselen og tilhøyra til ungdommane.
Det skriv Telemark fylkeskommune i søknaden der dei nominerer Nissedal kommune til prisen «Årets ungdomskommune». For dei meiner ungdommane i Nissedal ikkje har det slik lenger, og at kommunen har jobba godt og målretta for å endre dette.
I 2020 starta kommunen prosjektet «Ung i Nissedal» og kommunen har deltatt i den nasjonale satsinga «Program for folkehelsearbeid» og fått midlar av fylkeskommunen til å jobbe systematisk med tiltaksutvikling for at ungdommane skal vere stolte av kommunen sin, ha gode aktivitetar med mindre mobbing og rus. I fjor vart «Ung i Nissedal» utvida med eitt tiltak, Binders, som skal fungere som eit bindeledd mellom dei kommunale tenestene (helse, kultur og skule), fritidsaktivitetar og heimane. Formålet er at alle elevane i Nissedalsskulen skal oppleve meistring og tilhøyre i organiserte fritidsaktivitetar.
Fylkeskommunen meiner at kommunen gjennom desse to tiltaka har arbeidd godt med ein heilskapleg innsats for å førebygge rus, og sikre inkludering og god psykisk helse for barn og unge i kommunen.
Ventar i spenning
- Denne nominasjonen er me svært glade og takksame for, seier Kristin Parkinson Vågen leiar i «Ung i Nissedal» og Lena Holskar Sanden, prosjektleiar i «Binders», i ei pressemelding.
Dei har hatt eit tett samarbeid med Telemark fylkeskommune og vart både stolte og audmjuke over å få tilsendt kopi av nominasjonen.
- Dette ser me på som ei stor anerkjenning av kommunens satsing. Me vil gjerne takke ungdomsrådet, dei frivillige som gjer ein fantastisk innsats for våre unge, og ikkje minst alle som elles jobbar i kultur, helse og skule. Kommunen hadde ikkje blitt nominert utan god samskaping, dialog og samla innsats. Vinnaren blir kåra under den nasjonale ungdomskonferansen i september av Bufdir, og me ventar i spenning, seier Parkinson Vågen og Holskar Sanden.