Målet var å ha 50 personar i korpset i jubileumsåret. Det har dei klara, og draumen om å kunne gå fem i breidda blir oppfylt.

I jubileumsåret har dei hatt eit klart mål – å vera 50 i korpset til 17. mai. Det var ingen problem. – Ekstremt moro!

 VTB besøkte korpset på ei øving før nasjonaldagen. Der var både korps og drilltropp samla – med store smil og stort engasjement.

Publisert Sist oppdatert

Det var Eldbjørg Lognvik, leiar i Flatdal skulekorps, som lanserte idéen om «Korpset i 50–50 i korpset» på årsmøtet i fjor. Idéen gjekk ut på at dei skulle vera 50 i korpset på 17. mai i år. 

– Ordet vart spreidd, og me fekk bekrefta at det var mange som hadde lyst til å vera med, seier ho.

Mange meldte seg på, også folk som bur langt vekk, som til dømes i Sogndal, Hamar og Oslo.

Detta er ekstremt moro, seier leiar i Flatdal skulekorps, Eldbjørg Lognvik.

Målet med 50 i korpset har dei nådd. Det er rundt 40 musikantar, i tillegg til 18 i drilltroppen.

Vanlegvis er dei mellom 15–20 personar på ei vanleg øving i Flatdal skulekorps.

– Så detta er ekstremt moro, seier Eldbjørg entusiastisk og legg til at ho kryssar fingrane for at nokon av dei som blei med i år, vil vera med vidare.

Korpset har øvd til 17. mai sidan februar. Sidan fleire bur langt vekk, har dei også lagt nokre av øvingane til sundagar, slik at dei har hatt sjansen til å vera med.

– Men me har sagt at me legg lista lågt musikalsk sett. Fyrst og fremst må folk klare å få lyd i instrumentet, ler ho. Men dei er jo flinke, så det går kjempebra.

– Og så får me tenke litt på dei som starta detta her for 50 år sidan, og tenke at dette er vårt hurra for dei, seier ho.

Drilltropp

Eg har ikkje tatt i den staven på 40 år, seier Wenche Barstad, som var den aller fyrste tamburmajoren i korpset.

For fyrste gong på mange år er også drilltroppen tilbake, med både unge og vaksne i rekkene.

– Me håpa på 5–6 drilljenter, men fekk 18. Det er heilt fantastisk, seier Eldbjørg.

Dei har også fått med seg den fyrste tamburmajoren, Wenche Barstad, som var med frå starten i 1975. 

– Eg har ikkje tatt i den staven på 40 år, så det blir spennande, ler ho.

Wenche og tvillingsystera var dei fyrste drilljentene i Flatdal, og starta då dei var om lag 10 år gamle.

– Når me starta opp, fekk drill-læraren vår, Signe Kvåle Rue, tak i ei drillbok på engelsk, og så stod ho i stova med ei sleiv, og så prøva me å finne ut av det, ler ho.

Etter kvart vart fleire med, og som 13-åring vart Wenche instruktør.

– Eg hugsar ikkje kva for årstal eg vart tamburmajor, men eg var den fyrste, seier ho.

– Det er moro, men eg må seie at eg har prestasjonsangst og gruar meg til 17. mai, ler ho.

Synnøve Olavsdotter Valhovd (f.v.), Ingrid Bakkemoen Blika, Ingvild Olavsdotter Valhovd, Astrid Lindvik og Mari Bakkemoen Blika synest det er moro å vera drilljenter.

Drilljentene Synnøve Olavsdotter Valhovd, Ingrid Bakkemoen Blika, Ingvild Olavsdotter Valhovd, Astrid Lindvik og Mari Bakkemoen Blika gler seg veldig til 17. mai, og synest det er moro å vera ein del av drilltroppen.

– Det er moro å ha på uniform og gjere koreografien og dansen, seier dei.

Guro Anna Wyller Odden og dottera Tora Wyller Knutsen er drillpiker for fyrste gong.

– Ein må berre passe på å ikkje miste drillstaven, legg Astrid til.

– Og så må ein passe på å halde lina framfor seg, for det er lett å gå litt langt ut, seier Ingvild.

Viss det held fram med å vera drilltropp, er det fleire av dei som seier dei kan tenke seg å fortsetje.

Ei av dei vaksne, Hanne C. Smeland Edvarsen, var drilljente for 25 år sidan. 

– Det byrjar å bli nokon år sidan, men det er veldig moro, og det er moro at det er så mange med, smiler ho.

Guro Anna Wyller Odden og dottera Tora Wyller Knutsen er også i drilltroppen. Ingen av dei har drilla før. Sidan Guro Anna hadde hatt ei dansegruppe, blei ho spurt om å spreie ordet om ein drilltropp til danseelevane.

– Og så blei eg med sjølv også, smiler ho.

Når Tora blir spurt om korleis det er å vere drilljente, svarer ho kort og godt «Det er gøy!»

Desse drilljentene var med på kveldens øving. Bak f.v.: Astrid Lindvik, Synnøve Olavsdotter Valhovd, Ingvild Olavsdotter Valhovd, Ingrid Bakkemoen Blika, Ellinor Ambrosia Ingebrigtsen, Erle Rue Gustavsen, Guro Anna Wyller Odden, Guro Mæland, og Hanne C. Smeland Edvardsen. Framme f.v.: Mari Bakkemoen Blika, Selja Groven Nordbø, Ada Svartdal Engvoldsen, Lita Elisabeth Ørretsen, Tora Wyller Knutsen og Øyunn Groven.
Erle Rue Gustavsen (f.v.), Tuva Haugstoga, Cindy Caroline Fjæren og Ellinor Ambrosia Ingebrigtsen synest det er moro å vera med, både som drilljenter og musikantar. Dei synest det kan vera litt slitsamt å spele og marsjere samtidig. – Men det er moro å kunne sangane, seier Cindy.

Smittande engasjement

Korpset har lokka til seg både gamle og nye musikantar – også frå fjern og nær. 

Ingrid Barstad Birkrem bur no i Sogndal, men spelte i korpset frå 5. til 9. klasse.

– Det er nokre år sidan eg slutta i korpset, men eg syntest detta høyrdest veldig morosamt ut, så detta ville eg gjerne vera med på. Det er ein eingongs-sjanse, smiler ho.

Unn Kristin Jønnardalen (t.v.) har vore med i korpset sidan ho var 9 år gamal. Ingrid Barstad Birkrem var med i korpset som barn. Til vanleg bur ho i Sogndal, men når ho høyrde om prosjektet, ville ho gjerne vere med på jubileumsfeiringa.

Unn Kristin Jønnardalen har vore med i korpset sidan 1979. Då var ho 9 år. 

– Det er nesten heile livet, smiler ho.

Ho synest det er veldig moro at så mange tidlegare musikantar har funne vegen tilbake til korpset i anledning jubileet.

– Me er ein del vaksne til vanleg i korpset, men no er det mange som ikkje har spela på 30 år som har blitt med. Og me har fått med heilt ferske og heilt unge. Det er veldig moro, seier ho.

Ein av dei ferskaste musikantane er 9 år gamle Marie Lindvik, som spelar kornett. – Eg fekk prøve kornett i «korps i skulen», og syntest det var veldig gøy, fortel ho.

Fleire av dei som har vore vekk frå korpslivet i mange år, har oppdaga korpsgleda på nytt.

Jarand Grøstad Barstad spela skarptromme som liten, men bestemte seg i år for å lære seg trombone. 

– Det er gørrmoro. Eg vurderar faktisk å fortsetje. Det er veldig hyggeleg, og også veldig proft, seier han.

Eli Flatland og Sigrid Aase var begge med i korpset som barn, men har ikkje spela på fleire år. – Detta har eigentleg gitt litt meirsmak, seier Eli.

Eli Flatland spela klarinett i korpset då ho var lita. Ho var fyrst usikker på om ho skulle vera med.

– Eg tenkte at vegen ville bli for lang, for eg hadde gløymt notar og grep og alt, men det gjekk lettare å koma inn i det no enn som barn, seier ho.

Ho seier engasjementet rundt detta smittar.

– Det har eigentleg gitt litt meirsmak. Uansett trur eg det var ei bra greie å stelle i stand med tanke på rekruttering, seier ho.

Også Sigrid Aase var med i korpset som barn. Ho trekker fram fellesskapet som ein viktig del.

– Eg synest det har vore kjempefint å vera med i korpset. Det har vore ei fellesskapskjensle, som eg synest er noko av det beste med det. Det er ein ukomplisert måte å vera sosial på. Alle har sine oppgåver, som utfyller kvarandre, seier ho.

Begge gler seg til «den store finalen». 

– Eg gler meg. Det er ei fin oppgåve å ha på ein slik dag, og ein bidreg til fellesskapet, seier Eli.

– Det er litt nostalgisk også – å spele i korpset på 17. mai, som då ein var barn, seier Sigrid. 

Bjørg Irene Abrahamsen fortel at ho starta i korpset som 10-åring, men at ho har vore ute av det i 30 år. Når ho flytta tilbake til Flatdal i 2018, vart ho overtala av Eldbjørg til å starte igjen.

– Eg synest det er aller tiders. Det er morosamt, og ein kjempefin måte å vera saman med folk på. Og at me gjer ting saman som me likar, synest eg er veldig fint. 

Bjørg Irene Abrahamsen starta i korpset som 10-åring. – Så var eg borte frå det i 30 år, men blei med igjen når eg flytta tilbake i 2018. Eg hadde nesten gløymt kor moro det var, smiler ho.

Ho gler seg over at så mange vil vera med på feiringa av korpset.

– Eg synest det er kjempekoseleg å spela med gamle kjente, som eg spela med som barn. Det er folk eg kanskje ikkje har sett på lenge eller sjeldan ser, så det er moro, seier ho.

Etter kveldens øving, står generalprøva att på fredag, før den store dagen er her.

– Eg trur det blir kjempebra, smiler leiaren av korpset fornøgd.

Powered by Labrador CMS