
Historisk dag for E134: Første spadetak tatt for ny Røldalstunnel
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård tok måndag første spadetak for ny Røldalstunnel. Den skal fjerne 1000 høgdemeter og gi ein meir føreseieleg fjellovergang.
Med strålande sol og 24 varmegradar var det duka for markering av starten på bygginga av den etterlengta nye Røldalstunnelen. Jon-Ivar Nygård fekk æra av å ta det første spadetaket og ser fram til kva prosjektet vil bringe. Det melder Statens vegvesen i ei pressemelding.
– E134 er ein av hovudpulsårane som bind landet saman. Når vi nå startar opp arbeidet mellom Røldal og Seljestad, er det ikkje berre ein lokal forbetring – det er ein investering i tryggare transport mellom aust og vest, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
E134 er ein av de viktigaste hovudvegane mellom aust og vest, men dagens utforming skaper mange utfordringar for trafikantane. Vegen er utsett for kolonnekøyringar på vinterstid, dagens gamle tunnelar er smale, og vegen har rundt 1000 høgdemeter i stigning og nedgang på strekket mellom Liamyrane og Hesjabakk.
Stein-Roger Nilssen, avdelingsdirektør i utbygging i Vegvesenet, er svært fornøgd med at arbeidet med prosjektet nå går i gang.

– Dagens E134 mellom Røldal og Seljestad blir som ein flaskehals der trafikkflyten stoppar opp og fleire får utfordringar. Dette medfører både trafikkfarlege situasjonar, lav regularitet og høgare klimagassutslepp. 19. mai er ein merkedag for fjellovergangen på E134. Nå kan vi endeleg sei at me er i gang med å bygge ein tunnel som vil gi ein meir føreseieleg reisekvardag, sjølv med utfordrande vinterføre, utdjupar Nilssen.
Dagens trasé vil vera open under heile byggeperioden
Mot slutten av 2030 er det planlagt trafikkopning på den nye tunnelen, med tilhøyrande ny veg i dagen, men framkome på E134 vil under heile byggeperioden vere tilnærma normal.
– Utanom korte stengingar grunna t.d. sprengingsarbeid og vegomlegging skal dagens E134 bli heldt open for vanleg trafikk. Då den nye vegen har eigen trasé vil det vere mogleg å sørge for god framkome på strekket under heile byggeperioden, forklarar prosjektleiar i Statens vegvesen Frode Lykkebø.
