
Spørsmåla vil ikkje sleppe taket.
Om kuleholet i panna.
Om biletet som forsvann.
Om drapet på bestefar.
Eit liv på leiting etter kva som skjedde på Syrbekk
Halvor Lognvik (80) var berre eit halvt år då onkelen hans skaut og drap ein av dei største krigsheltane i Noreg. Kan hende ville frigjeringa to månadar seinare ha blitt ganske annleis dersom Leif Tronstad hadde vore der.
Men Tronstad blei skoten og drepen den 11. mars 1945 i ei lita støylshytte på Syrbekk, eit par kilometer sør for Møsvatn, og det var onkel Johans som gjorde det. Han kom dit for å redde veslebror sin, som Tronstad og to andre motstandsmenn heldt fanga.

Bror til Johans – far til Halvor
Torgeir Lognvik
Nazilensmannen
Motstandmannen Gunnar Syverstad blei også skoten og drepen i den vesle støylshytta denne dagen.
Om det var onkel Johans som gjorde dette er eitt av spørsmåla som har følgd Halvor gjennom heile hans vaksne liv.

Blodig jordeplesetting
Den 8. mai 1945 var frigjeringa eit faktum, og med den kom også oppvasken etter Syrbekk. Alt dagen etter at dei norske flagga vart heist over heile Noreg kom ein gjeng frå heimestyrkane for å ta onkel Johans.
Heime på Lognvik sette familien jordeple denne dagen, bestefar Halvor, onkel Johans og fleire til. Sjølv var Halvor ein baby på moras arm, veslebror hans var inni magen hennar og storesystera var ein bleieunge.

Denne dagen på åkeren fall det nok eit skjebnesvangert skott, som drap bestefar til Halvor. Så blei onkel Johans basta og bunden og ført bort. Samstundes blei far til Halvor arrestert i Flatdal.
I 1947 blei Johans og Torgeir dømde til ti og fem års fengsel for Syrbekk-hendingane. Johans fekk ti års sikring. Dei mista også retten til å stemme og stå på vallister like lenge, og Torgeir blei erklært uønskt i militæret. Året etter vart Torgeir også dømt for landssvik.
Drapet på bestefaren fekk ikkje noko rettsleg etterspel.

Jakta på sanninga
Halvor trefte ikkje far sin før han vart sloppen fri att, men han visste at papa var lensmann. Det syntest han fyrst at var imponerande.
– Men så skjøna eg etter kvart at det ikkje var så bra likevel ...
For far hans var ikkje berre lensmannen, han var nazilensmannen, og i løpet av oppveksten blei Halvor godt kjend med det han kallar den «offisielle forteljinga» om krigen og om Syrbekk. Men ein sommardag i slåtten då han var kring 14-15 år snakka han med onkel Johans om hendingane våren 1945.

Det han fekk vite frå onkelen stemte ikkje heilt med den offisielle forteljinga, og Halvor bestemte seg for å finne ut mest mogleg om kva som eigentleg skjedde på Syrbekk.
Han fekk seg eit videokamera, og intervjua både eigen familie, motstandsmenn og andre involverte.
Han samla inn og studerte dokument frå rettssaka, NS-arkivet, kommunen og andre kjelder.
Han laga kart over Syrbekk og Lognvik. Landskapet, bygningane, kven som var involverte, kvar dei var, kva dei gjorde.
Resultatet har blitt til to bøker – Våren 1945 og Lensmann og Landssviker. Begge inneheld mykje dokumentasjon som Halvor har samla inn, men også hans kommentarar og analysar. Han avsluttar Lensmann og Landssviker med nokre tankar om media si handsaming av NS-etterkomarar:
«Til og med i dag, om ein skulle prøve seg på eit innlegg i media, er der straks nokon frå den andre sida som hiver seg over både mediet som kan tillate seg slike uhyrlegheiter som at nazi-landssvikarane skal få besudle gode nordmenns namn og rykte samt den «sanne» historia om krigen. Dei ser ikkje ut til å forstå at det berre er eit tidsspørsmål før folket også kan tenke seg å høyre den andre sida.»


NS-lensmannen
På omslaget til Lensmann og Landssviker er boktittelen trykt oppå biletet av ei anna framside – eit gulna, gamalt dokument med tittelen Program for nasjonal samling (NS). For Halvor er heilt på det reine med at far hans hadde tydelege ideologiske band til både NS og Hitler.
– Ja, jøss, seier han kontant, og legg til:
– Kommunistfrykta var stor.
På 20-30-tallet var det krisetider i Noreg. Bankar gjekk konkurs, det var tvangsauksjonar til høgre og venstre, og ein av fire vaksne stod utan arbeid. Ein som prøvde å stoppe tvangsauksjonar av gardar og som var frontfiguren for Bygdefolkets krisehjelp var Olav Lien frå Kviteseid. Han vart seinare NS-mann, og var ein far til Halvor såg opp til.
I Tyskland var det minst like ille fatt på denne tida.
– Ein måtte ha eit trillebårlass med pengar for å kaupe eit brød der. Det var like ille der som i Russland etter fyrste verdskrigen. Så kom Hitler og fekk landet opp av gjørma. Det var eit eventyr, seier Halvor, som meiner OL i 1936 viser kva stilling og status Tyskland fekk på denne tida.
– Det var omtrent ei gudeerklæring.
– Men korleis gjekk det an å støtte ein som ville utslette både jødar og andre grupper?
– Kor mykje trur du media serverte om det? NRK? Kva trur du dei serverte om jødeforfølging og slikt? Ingenting, seier Halvor, og legg til at også etter krigen var kunnskapsløysa om folkemorda som gjekk føre seg stor, noko som vart skjebnesvangert for mange av russarane som hadde sete i fangeleir i Noreg.
– Etter krigen feita me dei litt opp og sende dei heim. Og der blei dei sendt rett i Gulag.
Ikkje eit svart-kvitt-bilete
Sjølv om Torgeir Lognvik beundra snuoperasjonen Hitler hadde fått til i Tysklands økonomi, ønskte han ikkje okkupasjonsmakta velkomen. Han var blant dei som melde seg til teneste i Høydalsmo i april 1940 for å forsvare landet, men fordi ein hadde nedprioritert det militære forsvaret i mellomkrigstida, var det ikkje våpen og utstyr på Heistadmoen.
Så Torgeir blei berre sendt heim att, og då okkupasjonsmakta kom marsjerande hadde Noregs regjering rømt til England. Torgeir melde seg inn i NS den hausten, og vart etter kvart konstituert som lensmann i Rauland.
– Viss Noreg blir angripen av ein nabo i dag, korleis ville du reagert om regjeringa tok sin hatt og sin frakk og rømte? spør Halvor.
– Ville du synes at regjeringa var heltar?
Han er oppteken av at ein ikkje kan teikne eit svart-kvitt-bilete av situasjonen, og at det også må koma fram at det fanst NS-medlemmar som prøvde å halde orden og unngå at krigen gjekk ut over lokalbefolkninga.
– Dei som skulle balansere okkupasjonsmakta måtte prøve å jenke det til så godt dei kunne for at Noreg skulle koma gjennom, meiner Halvor.
Han trur NS betydde mykje for at Noreg kom greitt gjennom krigen, og i landssvikar-saka mot far hans er det mange vitnemål om at lensmannen fekk bygdefolk ut av tysk arrest. I oppgjeret med NS-folka etter krigen blir dei svartmåla meir enn det som er rettvist, meiner Halvor, og han har ei klar formeining om grunnen:
– Dess svartare fienden er, dess kvitare framstår heltesida.
– Men viss far din var ein av dei som prøvde å gjere så godt han kunne i skvisen mellom okkupasjonsmakta og lokalbefolkninga, då merka vel dei lokale det?
– Nei, dei såg det nok ikkje slik, svarar Halvor.
– Han var framleis rasshølet som tok frå folk radioen, og ikkje minst børsene, slik at dei ikkje fekk jakta rein.
Heltar i kvitt og grått
Halvor meiner synet på motstandssida også burde ha nokre grånyansar.
– Når motstandsgrupper organiserte raid mot ulike mål i Noreg frå England, så hadde det store konsekvensar for lokalsamfunna, påpeikar han.
– Det var ei vanskeleg tid for absolutt alle, og særleg dei som hadde familie og ungar. Det handla mest om å overleve, å skaffe det daglege brød. Å ha det stille og roleg og minst mogleg sirkus, det var det viktigaste for folk.
Halvor trur også det var det meir enn fedrelandskjensla som gjorde det attraktivt for ungdomen å bli med i heimestyrkane, og at flyvarene som vart sloppe ned til dei i stålsylindrar var eit trekkplaster. Der fekk dei tilgang på sjokolade, kaffi, tobakk og våpen.
– Det blei litt eksklusivt.
Samstundes som «gutta på skauen» fekk tilgang på våpen, var lokalsamfunna nærast våpenlause, påpeikar Halvor. Også NS-folka.
– Krigsmakta stolte ikkje på nokon. Dei tok inn alt av børser. Sjølv far min, lensmannen, hadde berre ein tenesterevolver.
– Var Leif Tronstad ein helt, tenker du?
– Alle desse, inkludert Tronstad, er på ein måte heltar. Dei jobba for det dei trudde på, og gjorde det beste dei kunne, svarar Halvor.
Han trur at tapet av Leif Tronstad på Syrbekk endra kursen til Noreg ut at krigen, fordi han truleg var den som skulle leie heimestyrkane til Oslo og halde kontrollen til regjeringa kom heim att. Den rolla kunne ingen annan fylle, trur Halvor. Han ser ikkje bort frå at leiinga av Noreg i etterkrigstida ville blitt annleis om nasjonalhelten Leif Tronstad hadde vore på plass i Oslo den 8. mai 1945.
– Syrbekk endra Noreg meir enn me ante.
Kva hende eigentleg på Syrbekk?
Fleire skot blir løsna på Syrbekkstøylen den 11. mars 1945. To personar døyr denne dagen. Men var det fire, fem, seks eller sju skott? Kom dei frå eitt eller to skytevåpen? Og var det naudverge eller overlagt drap – eller begge delar?

Opptakta til det heile er at motstandsmannen Jon Landsverk kjem til lensmann Torgeir Lognvik laurdag 10. mars og fortel han har funne tjuvegods frå landhandelen som nyleg brann ned. Han vil ha med seg Torgeir for å sjå på det, men Torgeir anar uråd.
– Hadde dei verkeleg funne tjuvgods, så ville dei jo aldri ha sagt det til han, påpeikar Halvor.
Ein del sentrale NS-folk har alt blitt drepne andre stadar i landet, og Torgeir er ikkje framand for at det er det som ventar han.
Neste morgon tek han likevel på seg skia og blir med Jon, men på ei myr ventar Einar Skinnarland og Gunnar Syverstad. Dei tre tek Torgeir til fange og leiar han til Syrbekkstøylen. Einar dreg så for å hente Leif Tronstad, som skal avhøyre nazilensmannen.
Same formiddag kjem Johans til bror sin for å høyre messa i radioen. Der er berre kona Ingebjørg heime, og når det varar og rekk utan at Torgeir kjem heim att vert dei urolege. Utpå ettermiddagen bestemmer Johans seg for å finne Torgeir, og han tek med seg brorens tenesterevolver. Den har fem skot.
Johans følger skispora inn til Syrbekkstøylen, og kjem dit seint på ettermiddagen. Han ser fire par ski ved veggen, og set sine attmed dei.

Så går han inn i yttergangen, rykker opp døra til stova, stikk revolveren inn og ropar: «Kva er det som føregjeng her?»
Ingen svarar, og Johans ropar:
«Så hendene i vêret då!»
Så smell det.
Frå dette punktet skil historiene lag – den offisielle og den Halvor har grave fram. Han har studert forklaringane og bevisførselen frå retten, og har snakka med onkelen om hendingane mange gonger.
– Det var nokså blanka ut, som eit kvitt felt. Den psykiske belastninga må ha vore enorm, seier Halvor.
Men heile tida har onkel Johans halde fast ved ein ting: Han skaut ikkje fyrst.
Overgangen frå blankt dagsljos i snødekt terreng og rett inn i ei tussmørk hytte gjer at Halvor er sikker på at dette stemmer.
– Viss han skaut fyrst, kunne han like fort ha treft sin eigen bror.
Når det fyrste skotet blir losna mot han, ser Johans munningsflamma, trur Halvor. Han skyt mot den og treffer Gunnar Syverstad i brystet. Rett attmed Gunnar er Jon Landsverk, og begge fell over ende. På andre sida av rommet står Leif Tronstad. Han hiv seg mot Johans og tek tak i handa hans, og det andre skottet hans går inn i veggen ved døra. Johans og Leif slåst om revolveren, og tumlar ut i yttergangen. Eit skott går av i taket. Det andre råkar Leif i kroppen. Det tredje vert dødeleg.
Torgeir sit ved bordet når tumultane startar, og medan det eine skottet etter det andre går av ute i gangen kjem han seg opp og får tak i eitt av geværa til motstandsmennene. Ute i gangen dreg han broren til sides og slår geværkolben mot motstandaren, medan Johans reagerer med å rette revolveren mot bror sin og dra av.
– Hadde han hatt skot att ville han ha drepe papa også, seier Halvor.
– Det må ha vore eit enormt kaos, med seks skot i det vesle rommet. Han var ikkje rasjonell.

Likfotografiet i garasjen
Torgeir og Johans kjem seg ut av hytta og stenger ytterdøra bak seg med ein pinne i klaffen. Så skundar dei seg heim og slår alarm.
Under rettssaka fortel Jon Landsverk at han og Gunnar Syverstad tok etter våpna sine då dei høyrde nokon i gangen, og at han trur Gunnar fekk våpenet opp. Jon meiner minst sju skott gjekk av, og etterpå var Leif død, men Gunnar i live. Jon la sekken sin under hovudet til Gunnar for å gjere det meir behageleg for han, og reiste for å hente hjelp.
Halvannan time etter skytinga, då Jon kom tilbake med Einar Skinnarland, skal Gunnar framleis ha pusta. I retten seier ikkje Jon noko om kvar Gunnar blei treft, og når han og Einar kom attende til hytta var det Einar som undersøkte dei to skotne. Seinare var begge med på å gøyme kroppane.
Når tyskarane seinare kjem til Syrbekk finn dei ingen inne, men nede ved Bjortjønn høgg dei hol i isen og finn to lik.
Leif Tronstad og Gunnar Syverstad.
Lika blir lagt i ein garasje og fotograf Karlsen frå Notodden tek bilete av dei. På biletet skal Syverstad ha eit skothol i panna. Dette kuleholet vert også påpeika under rettssaka av fleire vitne.
Spørsmåla dette kuleholet reiser har Halvor prøvd å finne svar på i årevis.

Når vart Gunnar Syverstad skoten i panna?
Kven gjorde det?
Og kvar vart biletet av?
Biletet som vart tatt av fotograf Karlsen har Halvor prøvd å få tak i lenge, og etter å ha blitt henvist hit og dit enda jakta til slutt hos Kriminalmuseet. Det tok eitt år før han fekk svar. Då svaret kom var det at dette biletet fann dei dessverre ikkje.
Det var borte.
Ein annan ting Halvor har bite seg merke i er at Einar Skinnarland ikkje er til stades i retten for å forklare seg om hendingane. Hans forklaring - som stadfestar «den offisielle historia» – blir berre lest opp.

Katastrofe for HS
I rettssaken fortel Jon Landsverk at han fyrst trudde at både Gunnar og Johans skaut nesten på likt. Seinare endra han meining, og i retten held han fast ved at ingen av dei tre motstandsmennene skaut mot Johans i det heile.
Då får han dette spørsmålet frå forsvararen:
«Men dere var tre mann, alle bevepnet, og ikke en som fikk løsnet et skudd, mens Johans skyter magasinet sitt tomt. Det var ikke en av dere tre, som hadde utmerkede våpen og var trenet i våpenbruk, som fikk løsnet et eneste skudd?»
«Nei, vi gjorde ikke det,» svarar Jon ifølge rettsreferatet.
Akkurat dette var tungt å svelge, trur Halvor.
– Det var katastrofe for Rauland og alle i HS-styrkane. Dei var tre mann, tungt bevæpna, og så kjem ein stakkars bonde med revolver og drep to av dei og befrir fangen. Slikt kan ikkje få skje.
Dette nederlaget var med på å gjere arrestasjonen av onkel Johans så dramatisk, trur Halvor. Heile ni mann var med på å ta han den 9. mai. I ettertid har Halvor intervjua Tor Fundli om arrestasjonen. Han var ein av dei to som gjekk inn på jordepleåkeren for å gripe Johans, og fortel at dei andre var klare i omgjevnadane rundt garden, og at Bjørn Gardsjord skal ha lagt seg til på toppen av Gaulås for å sikre situasjonen.
Då Tor og medhjelparen hans hoppa på Johans for å ta han, kom far hans for å hjelpe. Så kom skotet – og det kom frå Gaulås, meiner Halvor.
Det drap far til Johans og Torgeir.
Bestefar til Halvor.
Han heitte også Halvor Lognvik.

Kvar einaste markering – unntatt ei
Den 11. mars 1985 blei hendingane på Syrbekk markert for fyrste gong. Halvor var der.
– Eg synest det var ålreit å vere til stades. Men eg passa på å ikkje stå inntil nokon. Så ikkje nokon blei kompromittert.
Det var Aslak Versto som talte på den fyrste markeringa, og han gjorde det på ein fin måte, synest Halvor.
– Han sa det som det var. Ei tragisk hending som var beklageleg for absolutt alle.
Då han møtte opp på markeringa var det også for å vise noko for sin eigen del. At han var der, tok sin plass.
– Eg har aldri gøymd meg.
Etterpå har han vore på kvar einaste Syrbekk-markering.
– Alle ser at eg er der. Dei skjønar at eg gjev eit signal.

Nett som Syrbekk-hendingane har Halvor også blitt 80 år, og det er ikkje lenger så viktig for han å vere synleg der.
– Det var viktigast på den fyrste, seier Halvor.
Så i år, samstundes som hundrevis av personar samlar seg på Syrbekk for å hylle heltane som fall, møter han i staden VTB for å fortelje sin versjon av historia.
Framleis er nokre bitar litt bitre.
At drapet på bestefar hans ikkje fekk rettslege etterspel.
At Torgeir og Johans ikkje fekk gå i gravferda til sin eigen far.
At ingen stilte spørsmål ved skotet i panna på Gunnar Syverstad.
– Eg er er ikkje av dei milde og snille, og eg sinnar meg opp over at ein ikkje ein gong i dag kan snakke ope om dette. Om kalde fakta, seier Halvor.
Men historia kastar ikkje lenger skuggar over kvardagen hans.

– Det er ingen problem i det heile. Her i bygda føler eg at me er ferdige med krigen, seier Halvor, som synest det rart at ikkje Noreg som nasjon har kome dit.
– Viss ein seier at Hitler fekk til fantastiske ting i Tyskland så er ein nazist. Men ein må ikkje bli så blind at ein ikkje ser plussfaktorane. Sjølv om det er uhyggeleg mange minus.
Den offisielle historia i Noreg er at det er ei svart side og ei kvit side, meiner Halvor, og det blir heilt feil.
– Slik er ikkje verda.
Etter kvart har fleire blitt nyfikne på å vite meir om den andre sida, og Halvor har gjort alt han kan for å dokumentere historia til faren, onkelen og bestefaren så grundig som råd.
– Eg vil samle mest mogleg fakta før eg går i pennalet. Så får framtida bygge vidare på dette, seier 80-åringen.
– Det er ei utruleg historie som aldri kjem til å døy.