Ragnvald Christenson.

Minneord Ragnvald Sudigard Christenson

Minneord

Publisert Sist oppdatert

Ragnvald Christenson er død 85 år gamal. Med Ragnvald er ein av dei ruvande bygdefolka gått bort. Han har sett mange spor etter seg, og vi har mange god minne etter han.

Ragnvald var ein ivrig pådrivar for mykje av det som skjedde i dei øver bygdene i Vinje. Eg har kjent Ragnvald Sudigard heie livet. Det var berre ein liten bekk og ein steingard mellom Sudigard og Nigard. Ragnvald og brøane mine Bjarne og Kåre var uppi heie – fiska, jakta og sette rjupesnørur. Me yngre hadde hadde stor respekt og såg uppp til dei store gutane - Ragnvald, Gunnar Hermansen, Kåre og Bjarne og Sondre Bratland. Etter at Ragnvald døydde er den no berre Sondre Bratland og Bjarne som liver. Det heve blivi eit stort tomrom etter dei er burte.

Ragnvald budde mesteparten av sitt yrkesaktive liv i Edland/Haukeli. Der var han svært aktiv. Han var ivirige i arbeidet for bygdekulturen og historia frå gamle tider. Ragnvald var med på å starte Sullamrei histrorielag, og her var han med på å gjev ut mange bøker og småskrift. Han var også aktiv i mange arrangement. Eg samarbeidde med nokre bøker eg gav ut, særleg boka Haukelivgen, E134, som gjeng her gjennom bygdene. Eg hadde også kontakt med han i eit av hans største prosjekt; Storegut. Her heldt han på i årevis, og han gav seg ikkje. I dag stend Storegut på sokkel innmed Edland. 

Storegut var frå Nordigard Edland som er grannegard både til Sudigard og Nigard så me kjende vel eit ansvar for den gamle granneguten. Men Storegutstatuen er det fyrst og fremst Ragnvald Sudigard Christen son som heve æra for.

Ragnvald var pådrivar for mange saker. Det lokale Raude Kross-laget, Pilgrimsvegen gjenom Øvre-Telemark over Haukelifjødd til Røldal. Han var også mannen som starta med å gjeva ut den populære Bygdekalenderen. Ragnvald og Bibbi starta bok og papir-handel i Haukeli, og det var godt å ha. Elles måtte folk reise ned til Åsulv i Kviteseid.

Eg flutte frå bygde i 1959, men eg hadde hadde alltid kontakt med Ragnvald når eg var heime om sommrane. Det har blive litt mindre seiste tida og me heve blivi eldre og ikkje så aktive.

Det blir eit stort tomrom etter Ragnvald Christenson frå Sudugard, men Storegutstatua heve me og mange gode minne.

Kvil i fred Ragnvald! Det fortener du.

Åsulv Edland

Powered by Labrador CMS