John på Willie Nelson-konsert i 2010.

Minneord om John G. Straume

Minneord

Det er ein grå dag i dag den 7. juli 2025, og eg kjenner meg grå og trist til sinns. John, min kjære svoger, døydde i går. Då flyg tankane mine attende i tid.

Eg gjekk i 8. klasse og hadde arbeidsveke i september, i veka før Dyrsku'n, og den hadde eg i VTB, som hadde kontor i Seljord då. Opplevde mykje den veka og helsa blant anna på John. Skreiv ein stil om dette, og den måtte eg finne fram i går.

Seinare vart John kjærast med syster mi, Tone, og dei gifta seg og stifta familie. Hugsar at han fiska og røkta sik i tunet heime i Seljord, då dei budde på Maihaugen ei tid. Å, den var god på skiva! 

John hadde interesse for å prate med folk i ein radio han hadde i bilen, og på den måten vart han kjent med folk rundt omkring i verda. Var det i Italia han besøkte nokon han vart kjent med på den måten, tru? Eksotisk syntest eg det var, og spennande. Dette var lenge før internettet kom inn i alle hus og telefonar.

I dag kjenner eg på takksemd for alle samkome me har hatt gjennom åra, turar til Sandvær og moltetur til Songa og på konsert med The Dubliners.

John var vennekjær, ein dyktig journalist og ikkje redd for å seie meininga si!

Må heller ikkje gløyme alle fotoa han har tatt både i jobben, naturbilde og portrett. Fotoapparat var au ei interesse, og å lage foto sjølv i mørkerommet, då dei fanns!

Eg har lyst til å minnast han slik han ser ut på bildet frå Wrightegården i 2010, då me var der saman med fleire på Willie Nelson-konsert. Knea hadde det nok litt tøft, men der var han «seg sjølv».

Då sjukdomen byrja å ta overtaket vart han veldig tynn og etter kvart avmagra. Parkinson er ein fæl sjukdom, men sitt gode humør og lune smil, det beheldt han til det siste!

Takk for alle gode minne, John!

Anne Marie Breidalen

Powered by Labrador CMS