Minneord etter John Straume

Minneord

Eg vil alltid minnast deg som ein engasjera mann. Me hadde ungar i skulen sammen, og våre vegar kryssa mang ein gong. 

I garasjen vår står ein modifisera 20 liters dunk. Med selar, sitteplate med skumgummi, og oppi der, pilkeutstyr. Eit produkt som son min kom heim med etter ein haust på jeger og fisk i Kviteseid. Når eg og Ruth flytte frå Flatin for nokre år sidan, så var det ei tid for å køyre ting til Renovest som ein ikkje brukar. Eg har aldri pilka, men tenkte at den dunken, som har «stått i vegen» i mange år, den skal vidare til han som du fekk tent fiskeinteressa hos.

Då eg besøkte deg på Kos for nokre veker sidan, låg du der i senga, radmager og ukjennskleg. Det einaste som virkar er hovudet, sa du. Så kom mange rosande ord om Tone, kona di gjennom mange år. Ikkje ein bitter kommentar om at livet er urettferdig, kun ros om dine næraste. Det satte inntrykk hos meg. 

Så, takk Tone.... 

Me lyser fred over Johns minne. 

Tarjei Draugedal

Powered by Labrador CMS